Ungdomslaget "Fram" har til denne tid utnemnt 9 æresmedlemer, eller heiderslagsmedlemer som det etter tradisjonen heiter i det frilynde laga. Fire av desse må reknast til grunnleggjarane av laget: Maria og Johannes Tyssedalstveit, Johannes Kambo og Amund O. Fjøsne.

Me saknar Tjerand Silde mellom desse, og grunnen til at han ikkje vart utnemnd som heiderslagsmedlem, var nok at han altfor brått vart riven bort av blindtarmbetennelse berre 43

år gamal. Amund O. Fjøsne heldt ein fin minnetale over han på 30-års-festen 1948.

Med unntak av Maria Tyssedalstveit, var alle desse formenn i laget den første tida. Det var den gongen heilt uvanleg å velja kvinner til formenn. Utnemninga av Maria til heiderslagsmedlem viser såleis at ho har gjort ein innsats utanom det vanlege. (Meir om heiderslagsmedlemene under "Styremedlemer").

Etter krigen har laget utnemnt 5 æresmedlemer: Ottar Klokkerstuen, Endre Tjelmeland, Ragni Sunniva Moe, Berit Rafdal og Arnhild Tjelmeland.

Ottar Klokkerstuen har vore formann i u.l. "Fram" i til saman 7 år. 22 år gamal vart han vald til formann i 1950, og heldt fram som formann i 6 år framover. Han måtte òg ta på seg å vera formann i 1963 for å få laget "på fote" att etter ein "pause" på 3-4 år.

Ottar hadde idear, og det var han som fekk gjennomslag for tanken om at laget skulle starta sin eigen kino, og det var han som stod bak suksessen med teatergruppa "Etne-Amatøren 1950" .

I 24 år var han kinosjef og gjorde eit framifrå arbeid for laget på mange område.

Endre Tjelmeland har vore formann i laget i til saman 6 år. Han har vore ei drivkraft i ungdomslagsarbeidet dei siste 30 åra. Når det gjeld å ta eit tak for laget, kan han ikkje seia nei.

Ragni Sunniva Moe har vore formann i laget i 1978 og 1979. Ho har elles lagt ned mesteparten av arbeidet sitt for leiken, visegruppa og barnelaget.

Berit Rafdal har vore formann i u.l. "Fram" i 3 år og leiar i kinostyret sidan 1983. I 1992 vart ho kinosjef. Arbeidet hennar for kinoen har gjort henne kjend i kinokrinsar over heile landet, t.d. då ho fekk gjennomslag for nynorsk tekst på vanleg spelfilm. I 1990 vart ho utnemnd som "årets kinosjef".

Arnhild Tjelmeland er ved sida av Maria Tyssedalstveit den einaste heiderslagsmedlemen som ikkje har vore leiar i laget. Ho er utnemnd til heiderslagsmedlem på grunn av det store arbeidet ho har gjort som teaterinstruktør, - ikkje minst har ho hatt mykje arbeid med dei mange revyane laget har vore med på dei siste åra.