Bedehusstyret på Rygg i kattepine

To veker etter skipinga av mållaget:

Laurdag 10. april 1926 hadde styret og festnemnda møte på Rygg skule. Vart

referera eit telegram med lukkeynskjing frå Sunnhordlandslaget, Bergen. Likeeins brev frå Martin Birkeland at han kunde koma helgi 18. april. Bedehusstyret hadde møte på same tid, og då ein hadde venta i 3 timar, fekk ein bod at bedehuset kunde

ein ikkje få. Ein vart so samde um å få til fest sundagskvelden 18. april på Rygg skulehus.

Svaret frå bedehusstyret lyder slik: "Da der i andragendet ikke er sat tid når foredragendet skal avholdes eller emne for foredragendet, kan styret ikke driste sig

til at indvilge andragendet".

andragendet = søknaden

Frå årsmeldinga for året 1926:

Laget hadde opningsfest på Rygg sundag 18. april. Folkehøgskulestyrar Martin Birkeland heldt foredrag um målreisingi. Birkeland heldt same dagen ogso eit religiøst foredrag i Fram ungdomslag.

Sundag 25. april vil sikkert i framtidi verta rekna som ein merkedag i Etne si målsoga. Riksmålssekretær Bergh hadde halde fleire riksm.foredrag i bygdi, og den 25. april skulde han halda foredrag på Rygg. Målfolket hadde bodsendt bladstyrar Gullvåg til å halda motforedrag, og det var tanken det skulde vorte ordskifte. Men då Bergh var ferdig, tok han foten på nakken og strauk sin kos. Han hadde ikkje tid å venta, sa han, endå målfolket baud han fri bilskyss til Skånevik, so han kunde nå båten der.

Gullvåg heldt so eit eldhuga foredrag um målreisingi. Um kvelden heldt han foredrag i ungdomslaget på Nordstrondi.

Torleif Heggebø, som på denne tide var lærar på Sørstranda, fortalde òg om denne hendinga: Han hadde fått i oppdrag å få tak i Gullvåg til å halda "motforedrag", som dei kalla det. I dag vil me nok sjå på eit slikt påfunn som "dårleg folkeskikk", men i desse harde kampåra tok ein alle middel i bruk. Det hender vel òg i dag at demonstrasjon vert møtte med motdemonstrasjon.

Heggebø sende telegram til Gullvåg, som den gongen var bladstyrar i Gula Tidend i

Bergen, og fekk telegram tilbake at han ville koma.

Då Gullvåg kom til Etne, gjekk han frå kaien, over Stødle, til Rygg. Det var ein strålande fin vårdag, og mykje folk hadde samla seg, både målfolk og riksmålsfolk. Dei heldt til i andre høgda i skulehuset. Det vart så fullt av folk der at bjelkane over klasseromma nede heldt på å gje etter. Dermed vart alle kommanderte ut, og riksmåltilhengjarane var forarga på målfolket som hadde kome til deira møte i så stort

tal at dei heldt på å bryta ned huset. (Dette har Marc. Helleland skrive meir detaljert om

i Etne Sogelag si årbok frå 1991 - s. 66).

Dermed vart riksmålsmøtet oppløyst, og talaren deira, Bergh, tok hatten sin og fór.

Men det var, som sagt, ein varm og fin vårdag, og folk slo seg ned ute på steinar og tuver, og her heldt Gullvåg ein tale som sette kveik i målfolka. Det dei sjølvsagt hugsa best, var spitorda hans etter riksmålspredikanten som nett hadde reist. Han sa om lag dette: "Då eg gjekk over Stødle i dag, forbi den gamle kongsgarden til Magnus og Erling, song lerka høgt mot sky. Godtfolk, - lat oss tru på lerkesongen som lovar ei ny tid, og ikkje høyra på ugla som sit i berg (Bergh) og seier Uhu!"

"Ansøkningen indvilges ikke"

Styremøte 17. desember 1927:

Det vart upplese skriv frå skulestyret med fråsegn um at Rygg skulehus vart nekta

til ein kveldsskule mållaget tenkte å få igang - til upplæring i landsmål og rekning.

"Ansøkningen indvilges ikke", heiter det - utan nokoslags grunngjeving.

Olsokstemna

Styremøte 24. juli 1928:

Vart vedteke at ein skulde brenna vite (vete = bål) på Rygg og ha Sydnes til talar olsokafta. Vart det regn, skulde ungdomen etterpå få leika folkeviseleik i kjellaren på Rygg skulehus.

Olskodag, sundag, stemna saman med Sunnhordland Sogelag. Talarar skulde vera: Sorenskrivar Wiesener, Hans Huglen og Kr. Sydnes.

Meir krangel om bruk av skulehus

Styremøte 3. november 1928:

Det vart fyrehavt eit brev frå skulestyreformannen med spurnad um kven som hadde andsvaret for at Rygg skulehus vart nytta olsokafta.

Svar: Gjeng attende til Etne vyrde skulestyre med den upplysning at det er det samla styret for Etne mållag som har andsvaret for dette.

Årsmelding for 1930

I 1930 hadde mållaget årsmøte med val på Rygg skule den 8. februar.

Vinteren 1930 skipa laget til tvo kveldskular med studnad av Karmsund mållag. Ein hadde søkt skulestyret um å få nytta eit ledigt rom på Enge skule og eit ledigt rom på Rygg skule til desse kveldskulane, men dette vart nekta. Ein fekk då leiga private rom og fekk skulane igang likevel. Lærarar var Torkel Grindheim og Sverre Tesdal. Elevtalet var 12 - 13 på kvart kurs.

Med hjelp av skuledirektøren fekk ein skipa det slik at ein skulde få studnad av fylket til desse kveldsk. - 50 øre timen. Men skulestyreformannen la seg på tverke her og, og då tilskotet frå fylket kom, so sende han det attende til skattefuten. Ein måtte so igjen varsla skuledirektøren,

og han fekk då ordna det slik at pengarne vart sende til heradskasseraren med pålegg um å

betala det ut til rette vedkomande.

Som ein skynar, er motstanden frå riksmålsfolket seig endå, men ein skulde vel ha rett til å tru at sovori framferd ikkje vil bata riksmålet si sak i lengdi.

Den 12. april hadde mållaget årsfesten sin på Ljoshall. Ein hadde fått Lars Eskeland til talar.

Han var retteleg godt upplagd, og han heldt ein festtale som ein knapt har høyrt maken til her i Etne. Elles var festen sers gild frå fyrst til sist.

I 1930 har det vore 3 styremøte umframt årsmøtet. Lærar Sydnes har halde 2 foredrag um

Torbjørn Øyno, eitt på Frette og eitt på Rygg.

Når ein ser attende på året 1930 og tenkjer på heile landet, so må ein segja at det helst var eit vonbrot for målfolket. Mange venta at dette minneåret kanskje kunde verta eit vekkjingsår i nasjonal leid. Men dette vart ikkje so. Me kan berre tenkja på den beiske striden um Nidaros-namnet.

Når me ser på vår eigi bygd, so er det nok so at målfolket har tatt det tolegt i dette året, og det kunde og burde vel ha vore gjort meir, men me synest då likevel det ser slik ut no at verste

motstanden er broten, og at det sig rette vegen. Her har vore ymse brigde i styre og stell til beste for målfolket, og dette gjev nytt mot og ny tru.

Men det er greidt at ein ikkje må leggja henderne i fanget. Målmedvite, truge, og framfor alt ærlegt arbeid må til skal me vinna fram til det mål me har sett oss: Etne ei heilnorsk bygd!

Sigurd Førsund

Berre målfolk i skulestyret

Styremøte 6/12 - 31: Det vart tala um at ein no sjølvsagt burde velja berre målfolk inn i skulestyret, sidan ein har fått fleirtal i heradsstyret.

Ein milestolpe på vegen i målarbeidet

Frå årsmeldinga for 1931: I 1931 er me då komne so langt at målfolket har fått fleirtal både i heradsstyre og skulestyre. Dette er sjølvsagt mykje gledelegt. Me er komne til ein milestolpe på vegen i målarbeidet i bygdi, og me ynskjer og vonar at noko atterslag ikkje må koma.

.............

Den 31. mai hadde me ei større stemna med Olav Gullvåg og Olav Hoprekstad til talarar. Desse stemnene me har havt har sikkert gjort mykje til at målreisingstanken på so stutt tid har fått slik makt i bygdi. Me har på desse stemnene og på årsfestarne havt mange av landsens beste talarar, slike som Martin Birkeland, Olav Gullvåg, Jon Mannsåker, Lars Eskeland, Olav Hoprekstad, professor Hannaas o. fl.

..............

(Spørsmål om nynorsk liturgi):

Dette har vore fyre i soknerådi her i Etne , og etter det me har frett, so har dei gjort vedtak um at i Gjerde og Grindheim skal norsk liturgi verta nytta eit par gonger for året, i Stødle

ein gong.

Målstemna i Etne 1936

Sundag den 30-8-36 hadde Etne, Ølen og Karmsund mållag stemna i Etne.

Der var fyrst nynorsk preik i Stødle kyrkja kl. 11. Sokneprest Gilje for altaret og kand. teol.

Sæverud på stolen.

Ettermiddagsmøte kl. 4 i ungdomshuset. Lektor Kjell Bondevik styrde møtet. Tale av bokmannen Ragnvald Våge og lærar Johs. Gjerstad. Stemna slutta kl. 7.

Svend Dommersnes

(Kjell Bondevik vart seinare ein landskjend politikar og statsråd. På denne tida var han lektor i Sauda. Han fekk òg starta mållag i Ølen.)

Første møtet etter krigen

Etne mållag var samla til årsmøte på Banksalen, 2. nyårsdag 1959.

Ingolv Vevatne (som var heime i juleferien) vart vald til ordstyrar.

Sverre Tesdal gav ei lita utgreiing om kva arbeid som var gjort før dette årsmøtet.

Saklista vart opplesen:

1. Godkjenning av lover

2. Val

3. Samtale om mållagsarbeidet

4. Ymse

Referatet her viser at laget ikkje hadde nokon leiar og noko styre, og at dette møtet i grunnen var ei oppattskiping av laget.

Liste over grendamenn

Styremøte 10. april 1963:

Lagspengane er kr. 4. Grendamenn for 1963 er:

Einride Aakra, Frette

Jens Tveit, Håland og Grønstad

Tor Onstein, Gundegjerde

Elling Steine, Rygg, Mo og Grindheim

Ingebret Paulsen, Kaldheim og Tesdal

Dorthea Moe, Eikeland og Fossa

Hilmer Kambo, Nordstranda

Torleiv Ulltang, Stødle og Sørheim

Tora Enge, Enge

Guttorm Tyssedalstveit, Gjerde

Eli Freim, Sørstranda

"Grendamennene" hadde til oppgåve å krevja inn medlemspengane i kvar sin krins.

Hans Olav Tungesvik og Petter Tjelle gjestar laget

(Hans Olav Tungesvik var på denne tida formann i Noregs Mållag)

Etne mållag hadde møte på Ljoshall 1te desember 1966. Møtet vart styrt av formannen Eli

Freim, som baud alle vel møtt. Me song til opning eit vers av "Kunnskap skal styra rike og land"

Petter Tjelle fekk so ordet og gledde forsamlinga med dei mange og morosame stubbane

sine. Me fekk og vakker song av Etne Mannskor.

Dokter Tungesvik heldt so eit gildt og tankevekkjande foredrag. Det som gjorde han til målmann, sa Tungesvik, var møtet med storbyen då han var inne i Oslo og studerte. Den kultur og det språk som dei hadde med seg heimanfrå, var det mange som gav avkall på. Det norske målet vil gå ei lagnadstung tid i møte dersom me ikkje støttar opp om det. ................

Referat ved Tora Enge

Strid mellom målfolk

Frå møte på Enge bedehus, 14. november 1967:

Tesdal meinte at striden innan målfolket gjorde ikkje godt. Samarbeid må der til.

Han siktar då til striden mellom i-måls-folk og a-måls-folk.

Haugtussakveld med Anne Gullestad

Årsmeldinga 1967 fortel at laget har hatt ein kulturkveld om hausten:

På kulturkvelden var skodespelar Anne Gullestad her med det kjende Haugtussa-

programmet sitt.

Frå årsmøtet 13. mars 1968

Trygve Vinje heldt foredrag om språkutviklinga og språkstriden i landet vårt. Han fortalde då om Sigurd Jarlsson - ein frilleson til Erling Skakke - som skar inn runer i kyrkjedøra i Vinje. (Desse fjølene, med runeskrifta på, finst i oldsaksamlinga ved Universitetet i Oslo). Vidare las han opp nokre dikt som Ole Camstrup (son til Etnepresten på slutten av 1600-talet) hadde skrive på etnesmål. Han nemnde òg den gåverike Nils Vad, som vart venn med Ivar Aasen då han var i Skånevik. Til slutt tok han for seg Torbjørn Øyno, som han sette svært høgt.

Torbjørn Øyno var målmann og i alle måtar ein føregangsmann, kunnskapsrik og klok så det var eit særsyn.

Auke i medlemstalet

Frå årsmeldinga 1970:

Formannen har sendt skriv til haugesundsavisene og bede om meir nynorsk , og har dessutan kontakta forretningar i Etne og bede dei bruka meir nynorsk.

Det mest gledelege dette siste året er at medlemstalet har gått sterkt opp. I 1968 var det 78 medlemer, i 1969 var det 70, men no er me komne opp i 107. Det kjem kvar dag inn nye, og me vonar å koma opp i 130 før me sender endeleg melding til fylkeslag og landslag.

Ein av grunnane til at me har greidd å auka medlemstalet, er at me har fått postgiro. Det er no mykje enklare å krevja inn medlemspengane. Dei 80 rundskriva me sende ut den 12/2, har til no gjeve 45 medlemer.

Mållaget sender brev til formannskap og sokneråd

Styremøte 5. april 1971:

Sak 3. Formannen skriv til Formannskapet og bed dei syta for at alle etatar brukar nynorsk.

Likeeins skriv til Soknerådet, og bed dei ta opp spørsmålet om ein ikkje bør gå over til

nynorsk i Stødle kyrkje.

Frå årsmøtet 1979

på Biblioteksalen, Enge skule, onsdag 14. februar:

1. Før sjølve årsmøtet heldt Jon Olav Tesdal eit interessant foredrag om dialektar, - og

særleg om etnesmålet.

Etter ei matøkt, tok ein til med sjølve årsmøtesakene.

2. Formannen, Jorunn Kambo, las opp årsmeldinga, som vart samrøystes godkjend.

Laget har no 60 medlemer. Det vart selt for 2790 kr i bøker på bokkvelden. Overskotet -

kr 500 - vart sendt til Noregs Mållag.

7. Årspengane vart sette til 40 kr for hovudmedlem og 20 kr for familiemedlem - det same

som i 1978.

Dette var i det heile eit svært vellukka møte. Til saman 31 medlemer og andre interesserte var til stades.

Nynorske barnesongar og nynorsk tekst på film

Styremøte 9. mai 1979:

Sak 10: Vedtak om å snakka med dei kristlege laga om å bruka meir nynorsk, særleg i

barnesongar

Sak 11: Vedtak om å senda ei fråsegn med krav om nynorsk tekst på filmar.

Festskrift til Olav Vik

Styremøte 10. september 1979:

Sak 1: Festskrift til Olav Vik, som fyller 70 år 12. januar 1980.

Prentinga kjem til å kosta ca. 17.000 kr. Kulturstyret løyver 5.000 kr. Olav K. Fjæra gjev

3.000 kr og Olav Vik 2.000 kr. Elles kan me sikkert få inn ein del frå bankar, forretningar og lag. Dessutan skal me by inn til førehandstinging, med tilbod om å koma i helsingslista. Me reknar med å prenta 800 stk., og kvar bok kan kosta 30 kr i førehandstinging, og noko

dyrare seinare.

Elles vil Olav Vik gje oss eit restopplag av Tuva og Tårnet - ca. 200 stk. Desse kan mållaget selja.

Årsmøte på Sørstranda - 60-års-minne

Årsmøtet vart halde i forsamlingshuset på Sørstranda, onsdag 5. mars 1980. Nærare 40 medlemer og andre interesserte hadde møtt opp i det fint pynta lokalet.

Jorunn Kambo ynskte alle velkomne og peikte på at det var naturleg å leggja dette møtet til Sørstranda, der det første mållaget i Etne vart skipa for 60 år sidan. Me opna med å syngja "Det dagast i Noreg".

Frå referat i Grannar: Eli Freim fortel om målarbeidet før krigen:

"Dei harde 30-åra har nok verka inn på aktiviteten i mållaget og. Etter 1936 er det ikkje skrive noko i bøkene. Først i midten av 50-åra kom laget i gang att, og har vore meir eller mindre aktivt seinare".

Anna Aalvik - som var med i det første styret i mållaget "Vaar" - var med på årsmøtet. Det var nok litt uventa for henne at ho skulle få blomar denne kvelden. Ho er truleg den einaste attlevande som var med i mållaget "Vaar".

Til slutt sa Eli Freim nokre minneord om Sverre Tesdal.

Årsmøtet vart halde i den gamle skulestova til Olav Vik, og i eit dikt mintest han korleis det var å møta skulen.

Festskriftet hans - "I lyd og lag med Olav Vik" - vart også presentert denne kvelden. Per Olav Kaldestad har stått for redigeringa av dette skriftet i samarbeid med Olav K. Fjæra.

Det er blitt ei fin bok med mange prologar og nokre dikt. Ivar Orgland har ein lengre artikkel der han utførleg går gjennom Olav Vik si dikting. Ingvar Moe har eit fint dikt om Olav Vik. Bak i boka finn ein den lange helsingslista. Framsida har ei svært god teikning av Olav Vik, laga av Magnus Hardeland. Innimellom prologane har ein fått plass til nokre bilete.

Mållaget gjev ut årsskrift og kjøper lagsluter i Etne Samfunnshus

Frå årsmøtet 1982:

Årsskrift: Det vart orientert litt om arbeidet som er gjort med å få ut eit årsskrift i Etne. Eit nytt skriftstyre vart valt: Magnus Saltnes, Borghild Sævereide Prestegård og Ingolv Vevatne.

Luter i Etne Samfunnshus: Det vart vedteke at mållaget skal kjøpa 5 lagsluter à 500 kr i Etne Samfunnshus. Røystetalet var 18 for kjøp, 4 røysta imot og ei røyst var blank. Ikkje alle som var til stades røysta.

Etter dette har mållaget rett på éin representant i representantskapet for samfunnshuset.

Haustfest saman med ungdomslaget

Styremøte 5. oktober 1982:

Sak 1: Haustfesten

Haustfesten, som me skipa til saman med ungdomslaget, vart halden laurdag 2. oktober. Det vart selt 90 billettar. Leikarringen, visegruppa og andre som var med i programmet, gjekk gratis. Underskotet ser ut til å bli mellom 1000 og 1100 kr, - ca. 500 - 550 kr på kvart lag.

Einfrid Perstølen talte. Olav Vik las dikt. Godt program elles òg. Fin fest.

Sak 2: Løyvingar

Noregs Mållag får 800 kr.

Norsk Målungdom får 500 kr.

God økonomi i laget - løyvingar til garderobeanlegg i samfunnshuset

Årsmøte på Sørstranda skule, fredag 11. februar 1983:

Sak 2: Rekneskap

Rekneskapen viste at økonomien er god i laget. I kassen er det no 18.870 kr, - dvs. at kassen har "dobla" seg det siste året. "Jul i Etne" gav eit fint overskot, - truleg over 8.000 kr.

Sak 4: Løyvingar

Laget kjøper 2 partar à 1000 kr i "Fondet for norsk målreising". Renta av pengane skal gå

til Noregs Mållag, og pengane skal lånast ut i minst 5 år.

Etne Idrettslag har søkt om stønad til utbygging av garderobeanlegget i samfunnshuset.

Her vart det gjort følgjande vedtak:

Mållaget løyver 1.000 kr til utbygging av garderobeanlegget i Etne Samfunnshus.

Det er då ein føresetnad at garderobane, m/dusj og toalett, skal vera i samfunnshuset si eige,

og kunna leigast av dei i samband med tilskipingar, - i kinosalen t.d.

Norsk Barneblad gratis

Styremøte 9. mars 1983:

Sak 5: Norsk Barneblad

Vedtak om å halda fram med å tinga Norsk Barneblad til alle førsteklassingar i Etne, - dvs.

½ årgang. Dei som har eldre søsken som har bladet, får ei bok i staden.

Dessutan tingar me ¼ årgang av Dag og Tid til 6 gymnasiastar.

Vedtak om å skipa eit sogelag i Etne

Styremøte, 9. juni 1983:

Sak 5: Me kallar inn til eit møte i september for å skipa eit sogelag i Etne.

Etne Sogelag - skipingsmøte

Skipingsmøtet vart halde på Enge skule, onsdag 28. september 1983.

Knut Molnes opna og ynskte alle velkomne. Til saman 23 interesserte hadde møtt fram.

1. Vedtak om å skipa eit sogelag for Etne kommune

2. Vedtektene

Eit framlegg til vedtekter var utarbeidd av mållaget. Desse vart gjennomgått punkt for

punkt.

Namnet: 10 røysta for at laget skal heita Etne Sogelag, 7 røysta for "Etne og Skånevik Sogelag".

Deretter vart vedtektene vedtekne, paragraf for paragraf, med små endringar.

3. Val

Magnus Saltnes vart samrøystes vald til leiar.

Styret elles: Ove Wiland, Aslaug Stålesen,Olav Apold og Knut Nygård.

Varamedlemer: Åge Markhus og Johan Flatebø

Revisorar: Martin Vevatne og Kari Mæland

Valnemnd: Borghild Sævereide Prestegård, Bernt Odland og Ottar Klokkerstuen

Borghild S. Prestegård kallar inn nemnda.

Etter loddtrekking står Aslaug Stålesen og Knut Nygård på val neste år.

Medlemspengane vart sette til 25 kr.

Verveaksjonen gav 52 nye medlemer

Styremøte 13. mars 1984:

I "Verveaksjonen 4000" i Noregs Mållag vart Etne mållag nr. 6 i heile landet med 52 nye

medlemer, og har teke imot ein bokpakke som premie.

Nynorske songar og litteratur i barnehagane

Styremøte 26. mars 1985:

Brev frå Barnehagenemnda: Nynorsk målform skal, så langt råd er, nyttast i songar, litteratur o.l. i barnehagane.

Nye aksjar i Grannar

Styremøte 26. august 1985:

Sak 1: Aksjekjøp i bygdebladet "Grannar":

Vedtak: Ein kjøper 11 nye aksjar i "Grannar".

Gisle Straume med Ivar Aasen-program

Styremøte 28. november 1985:

Mållaget har sendt brev og oppmoda alle medlemene til å gå på Gisle Straume sitt Ivar Aasen-program.

Aksje i Dag og Tid

Styremøte 8. oktober 1986:

Sak 2: Innbyding til aksjeteikning i A/S Dag og Tid

Vedtak: Etne mållag kjøper 1 aksje à 250 kr.

Bok- og kulturdag 23. november 1986

Til saman 47 personar var samla på biblioteket, Enge skule, der "Kvinnherad bok & papir"

hadde lagt fram rikt utval i nynorske bøker og blad.

Leiaren ynskte velkomen, og etter allsong - "Dei vil alltid klaga og kyta" - gav ho ordet til forfattaren Ragnar Hovland, som las or si eiga bok: "Tante Elida og sjømannen".

Siri og Heidi Handeland song, og for fyrste gong vart "Målprisen" delt ut. Dette året var det firmaet "Ivar Miljeteig & Son" som hadde gjort seg fortent til han, ved sin konsekvente bruk av nynorsk forretningsmål.

Etter matøkta heldt boksalet fram. Tre jenter frå ungdomslaget selde samstundes Unicef-

kort.

Stønad til teleslyng på aldersheimen

Styremøte 27. januar 1987:

Sak 3: Søknad frå Sørbygda husmorlag om stønad til teleslyng på aldersheimen.

Det vart gjeve 200 kr.

Haustfest

Haustfest 28. november 1987 saman med bondelaget og ungdomslaget. 240 betalande.

Kåsør: Sigmund Hansen: "Media før og no". Musikk: Markhuskvintetten. Mat: Pinnakjøt.

Stønad til heis på aldersheimen

Styremøte 29. januar 1988:

Sak 2: Brev frå bygdeungdomslaget med førespurnad om stønad til heis på aldersheimen.

Styret ser positivt på tiltaket, og vil stø det med 500 kr.

70-års-fest i u.l. "Fram"

Styremøte 7. september 1988:

Sak 3: Innbyding til to medlemer i høve 70-års-festen til ungdomslaget Fram.

Edit og Anders Sagvaag vart valde til å representera mållaget på festen. Me kjøper ein messingstake i gåve til ungdomslaget.

Gratulasjonskort på nynorsk

Styremøte 10. november 1988:

Sak 2: Gratulasjonskort på nynorsk:

Ein drøfta å gje ut konfirmasjonskort og gratulasjonskort på nynorsk. Borghild skal snakka med Ingvar Moe om han kan laga høvelege dikt.

Stønad til diktsamling av Olav Vik

Styremøte 10. januar 1989:

Sak 1: Utgjeving av diktsamling av Olav Vik

Mållaget løyver 2000 kr.

(Dette galdt boka "Det liv som gror or draumen", den siste diktsamlinga av Olav Vik).

God økonomi trass i nedgang i medlemstalet

Frå årsmøtet på Grønstad skule, tysdag 7. februar 1989:

Økonomien i laget er bra trass i ein liten nedgang i medlemstalet. Leiar Borghild har gjort ein stor innsats med sal av Vesaas' samla verk, noko som gav 3000 kr i lagskassen. Ho var til og med den i landet som selde mest (gjennom mållaga), og fekk tur til Roma som premie!

Skrivemåten av stadnamn

Styremøte 31. mai 1989:

Sak 4: Stadnamn på Etneskartet

Formannen skriv til Statens kartverk og bed om forklaring på korleis dei har gått fram i arbeidet, og kven dei har nytta som konsulentar i Etne (ved utarbeiding av kartbladet for Etne).

Olav Vik-kveld på samfunnshuset

Mållaget, Musikklaget, Ungdomslaget Fram og Opplysningsrådet laga til fest på Olav Vik sin 80-årsdag, 12. januar 1990. Det var fint program i kinosalen, der tekstar av Olav Vik vart opplesne, sungne og framførde på andre måtar.

Det var visegruppa og revygjengen som stod for framføringa. Fleire av dikta var tonesette, og det var første gongen Olav Vik - og me andre - fekk høyra diktinga hans sett saman og framført på ein slik måte. Det gjorde inntrykk på oss alle. På spørsmål om korleis han likte programmet, svara Olav Vik (rørt) etterpå: "Å, du veit eg hadde aldri drøymt om detta".

Helsingskorta

Styremøte 25. januar 1990:

Sak 4: Helsingskorta

Mållaget har fått trykt opp fire helsingskort: - Til ein nyfødd unge - Til konfirmanten - Til brureparet og Til jubilanten.

Ingvar Moe har skrive dikta, medan teikningane er laga av Knut Molnes. Trykkinga kom på 5.520 kr for 4000 kort (1000 kort av kvart).

Aksjar i Det Norske Teatret

Frå årsmeldinga for 1990:

Etne mållag har kjøpt 5 aksjar à 500 kr i Det Norske Teatret.

Ingen vil vera leiar

Årsmøte 1990 på Sævareid skule, måndag 5. februar:

Årsmøtet gjekk så over til val:

Borghild Sævereide Prestegård takka av etter 10 år som leiar, og ho fekk tre bøker som takk for heilhuga og dugande arbeid med målsaka. Også Edit Sagvaag gjekk ut or styret.

Inn i styret kom Mette Heidi Ekrheim og Knut Nygård. Varamedlem: Ingeborg Thorsheim.

Valnemnda hadde ikkje funne nokon som var viljug til å vera leiar. Heidi Gravelsæter fekk derfor ansvaret for å kalla inn til det første møtet og konstituera styret.

Stønad til utbygging av Etne Samfunnshus

Årsmøtet på Rygg skule, onsdag 12. februar 1992:

Leiaren orienterte om planar for utbygging av Etne Samfunnshus og opna for ordskifte om det. Vert Etne mållag med på å løyva pengar til ei eventuell utviding ? -

Mållaget si største sak er målsaka, men me er ikkje negative til tiltaket.

Årsmøtet vedtek å støtta utbygging av Etne Samfunnshus med kr 2.500.

Nye helsingskort

Styremøte 7. desember 1994:

Sak 12/94: Opptrykk av helsingskorta i fargar

Vedtak: Styret går inn for å trykkja nytt opplag av helsingskorta med linoleum fargesnitt av Jan Terje Rafdal.

70-års jubileum for Etne mållag

Styremøte 19. september 1995:

Sak 23/95: Ingolv Vevatne tek hovudansvaret for jubileumsskriftet. Sten Valen og Borghild S. Prestegård vert med i redaksjonsnemnda.

Ivar Aasen-året 1996

Styremøte 21. november 1995:

Sak 28/95: Skånevik og Etne mållag samarbeider om to tilstellingar:

1. Ivar Aasen-kveld i Skånevik, fredag 16. februar med Jens Kåre Engeset (styreleiar ved

Aasen-museet).

2. Postvegmarsjen. Innslag på Varleitet med Ivar Aasen og lensmann Nils Vad.