Desse "glimta" har me plukka ut or møtebøkene og til dels frå lagsavisa "Ungskogen".

1918

17/2: Skipingsmøte

Ikkje referat frå det første møtet, men lagsavisa "Ungskogen" fortel eitt år seinare at

skipingsmøte vart halde på meierisalen på Håfoss. Vossingen Olav Kvarekvål, som

arbeidde i anleggstida i Litledalen, vart vald til formann i ungdomslaget "Fram".

20/4: Det første ordskiftet

Det første ordskiftet i laget: "Hvorfor reiser ungdommen fra landet ?" (landsbygda ?)

Olav Kvarekvål har ikkje høve til å vera formann lenger, og nestformannen, Tjerand

Silde, vert vald til ny formann.

5/5: 12 kr til ungdomshus

Halvard Fjøsne held foredrag om Ivar Aasen. Det hadde kome inn 12 kroner til

bygging av ungdomshus.

1919

11/1: Forbod mot rusdrikk ?

På dette møtet var det eit ordskifte om me burde ha eit forbod mot rusdrikk i Noreg.

Desse vart valde til å finna tomt til ungdomshus: Thor Gjerde, Johannes Kambo og

Johannes Tyssedalstveit.

8/2: Problem med folkeviseleik i skulehuset

Første "korgaleik" omtala i "Ungskogen". Maria Tyssedalstveit skriv om folkeviseleiken:

"Leiken vart det dessverre så lite av. Ingi råd med det, når dei eldre ikkje kan tola det, får

dei unge bita i det sure eplet til dess dei får sitt eige hus og råder seg sjølve".

Tilbod frå Johannes Tyssedalstveit om fri grunn til ungdomshus på utmarksstykket ved

Likskar, 30 meter frå hovudvegen. Det vart ikkje gjort noko vedtak i saka.

15/2: "Ungskogen" har ein stutt notis om skipingsmøtet i u.l. Fram året før. (Det einaste

referat me har frå dette møtet.) Det var få jenter med i starten.

10/3: Mange medlemer

"Ungskogen" opplyser at det er 90 medlemer i laget, men på møta er det berre 15 - 20.

29/11:Første spelstykket

Det første spelstykket i ungdomslaget , "Åndelige klenodier" vart vist på korgaleik til

inntekt for ungdomshus. Tilskipinga var på Enge skule.

Dei som var med: Ola Uppigard Samson Stalheim

Kona hans Herborg Vik

Bokseljar Pedersen Ingebrigt Haugen

Knut Herman Vik

Tore Olav J. Knutsen

Husmannen Knut Knutsen

Tenestegjenta Torbjørg Gjerde

1920

14/2: Kontakt med ungdomslaget "Daggry" på Børkjenes

"Ungskogen" opplyser at formannen i ungdomslaget på Børkjenes har vore på lagsmøte i

Fram og lese opp. Kontakten mellom desse laga heldt fram, for "Ungskogen" frå 10.

april inneheld ei takk frå formannen i Fram til medlemene for fin framferd under

motorbåtturen til u.l. "Daggry" på Børkjenes.

10/4: Kronerulling til reising av ungdomshus

I "Ungskogen" kvitterer kasseraren, Ole Skjensvold, for 20 kr frå Reinert Madsen

og 5 kr frå Olav Helleland, Skjensvoll.

8/5: Skiping av idrettslag

Diskusjon på lagsmøte om skiping av idrettslag

29/5: Lover for idrettslaget

Lover for idrettslaget vedtekne på lagsmøte. Dette laget eksisterte i 4 år.

Møtereferat frå 24. april 1924 viser at fotballaget er nedlagt, og at kassen - kr 30 - er

overlevert til kasseraren i ungdomslaget.

13/11: Brev frå Etne skulestyre

I "Ungskogen" blir dette brevet frå Etne skulestyre gjengjeve:

"Hvis ungdomslaget melder sig ind i Norigs ungdomslag og holder sig dette lags lover

efterrettelige, er der ingen ting i veien fra skolestyrets side for at skolesalen benyttes".

Maria Tyssedalstveit, som siterer dette brevet i "Ungskogen", skriv vidare at Noregs

Ungdomslag sine lover tillet folkeviseleik, og ho hevdar at no kan dei ikkje nekta leik på lagsmøta.

På denne tida har laget 4000 kr på bankbok.

Maria Tyssedalstveit var den første kvinna som heldt foredrag i ungdomslaget. Ho

tala om kvinnesak, og det kom helsingstelegram til laget i dette høvet.

1922

24/2: Utan møtelokale

Møtereferat nemner at laget måtte innstilla møteverksemda frå 4. november 1921

til 24. februar 1922 fordi skulestyret vedtok å nytta salen på Enge skule til eit 12

vekers framhaldsskulekurs.

29/4: Byggjespørsmålet

Lagsmøte vel denne nemnda til å greia ut byggjespørsmålet: Amund Enge,

W. Børretzen, Tjerand Silde, Arthur Gravelsæter og Herman Vik.

16/12 Lagsmøte vel nemnd til å ordna med tomtekjøp: Ola Sørheim, Amund Fjøsne

og Brita Gjerde.

1923

17/2: Lite dans

Årsmøtet vedtek nye lover (endringar) og husvedtekter.

Vedtektene for huset slo fast at utanom jonsok og 17. mai kunne ein ikkje ha runddans

meir enn to gonger i året. Huset kunne ikkje leigast ut til runddans til andre lag.

(Etter framlegg frå 10 medlemer vedtok årsmøtet 19/2 - 1929 å endra siste setninga

for skyttarlaget som hadde søkt to gonger om å få ha skyttarfest med dans. Endringa

galdt berre for skyttarlaget, og løyve til skyttarfest med dans skulle gjevast av styret

for eitt år om gongen.)

Dette vedtaket vart omgjort av årsmøtet 28/2 - 1934 slik at berre "Fram" kunne nytta

huset til dans, og elles kunne huset berre leigast ut til dans i samband med bryllaup.

3/3 Hordastemna

Formannen i u.l. "Daggry" er til stades på lagsmøte og les opp skriv frå Hordaland

ungdomslag om at Hordastemna 1923 er tenkt lagd til Etne. Møtet vedtok at styra

i "Fram" og "Daggry" skulle ha fellesmøte søndagen etter for å drøfta saka.

Hordastemna 23. og 24. juni 1923

Stemnestaden var Kyrkjedalen på Stødle. Det var ein liten dal - som no delvis er borte -

og som munna ut mot vegen om lag der Victor Børretzen seinare bygde hus. Her vart det bygt ein stor platting med talarstol. Stemnedeltakarane sat då oppetter bakkane inni dalen, vende mot talarstolen og bygda. Me siterer frå programheftet:

Laurdag 23. juni:

kl. 3 em. Foredrag av skulestyrar Brekke

kl. 4 em. Foredrag av skulestyrar Brekke

kl. 7 em. Friluftsfest med talar, musikk, upplesing og ymse anna

Sundag 24. juni:

kl. 11 fm. Messa ved sokneprest Gunnarson (Gundersen)

kl. 4 em. Foredrag av høgskulestyrar J. Naadland

kl. 5 em. Foredrag av rektor Eskeland

kl. 7 em. Spelstykke

Det var Skånevik ungdomslag som viste spelstykket "Til sæters", og dei var svært flinke, vert det fortalt. Vêret var ikkje bra, men likevel var 1.500 menneske til stades. Om kvelden danste dei i løa til Tyssedalstveiten.

Folk som minnest denne stemna, kan fortelja at dei tilreisande overnatta i løene rundt om

i bygda. Det var sjølvsagt lite høy i løene på denne tida av året, så krava til overnatting var ikkje store den gongen.

1924

13/1 Laget låner "boksamling"

Rekneskapen som vert lagd fram på årsmøtet, viser at laget har ein kontantmidel

på 9.800 kr.

Johannes Kambo har fått lånt ein bokkasse på 53 bøker frå Statens boksamling i

Bergen. Laget får ha denne "boksamlinga" i fire månader mot ei leige av 4 kr pr.

mnd. Bokskåpet vert plassert hjå Wilhelm Børretzen.

Wilhelm Børretzen gjekk til vanleg under namnet "Ville" eller "Villen". Han budde den gongen nokså nær Gamleskulen, på Hølen ved Hølabruno, slik at det var kort veg

mellom møtelokalet og boksamlinga.

1925

21/2: Dei som møter i laget, må betala medlemspengar

Rekneskapen på årsmøtet viser at laget no har ein kontantmidel på 10.867,49 kr.

Årsmøtet gjorde vedtak om at dersom einkvan hadde vore med på tre med-

lemsmøte i laget, og framleis var med, skulle dei reknast som medlemer og avkrevjast

medlemspengar.

I året som gjekk, hadde laget 30 medlemer.

3. og 4/4: Basar på Banksalen. Netto-innkoma var 412 kr.

3/5: Kvar skal ungdomshuset stå ?

Lagsmøte drøftar plasseringa av ungdomshuset. Delte meiningar. Desse vart valde

til å finna høveleg hustomt: Tjerand Silde og Torvald Børve.

17/5 Samarbeid med dei kristelege ungdomslaga

Sørbygdens kristelige ungdomslag og Nordbygdens kristelige ungdomslag og u.l.

Fram gjekk saman om 17. mai-programmet på Enge skule. Talarar var: Olav

Heggebø, lærar Folkedal og M. Mæhle. Førsunds songkor song. Til slutt var det

kappspringing for born og vaksne, med premieutdeling etterpå. Det var fint vêr og

god stemning.

5/12: Lagsmøte vedtek med 26 mot 3 røyster å kjøpa tomt hjå Ola Silda.

1926

23/1: Byggjenemnd for ungdomshuset

Rekneskapen som vert lagd fram på årsmøtet viser at laget si eige har auka til

12.126,25 kr.

Årsmøtet valde denne byggjenemnda for ungdomshuset: Johannes Kambo,

Herman Vik, Wilhelm Børretzen, Ola Sørheim, Torvald Børve, Amund Enge

og Tjerand Halstensgaard.

6/2: Lagsmøte vedtek, etter framlegg frå byggjenemnda, å byggja eit hus på

8 x 14,5 meter. (32 mot 4 røyster.)

Byggjenemnda fekk løyve til å nytta dei midlane dei trong til å få utarbeidd

teikningar og tilbod på arbeidet.

4/6: Lagsmøtevedtak om å starta bygginga av ungdomshuset.

23/10: Lagsmøte vel nemnd til å stå for innviingsfesten av "Ljoshall":

Johannes Kambo (form.), Amund Enge d.e., Herman Vik, Ola Sørheim, Gjerde,

Tjerand Halstensgaard, Torvald Børve, Erik Moe, Maria Tyssedalstveit, Synnøve

Sørheim, Brita Gjerde, Barbro Børretzen, Gina Molland, Ingeborg Sæbøe, Elise

Hamre, Hilda Gravelsæter, Marie Skare, Cecilie Dyngebakken og Ingeborg Børve.

20/11: Siste møtet på Enge skule

"Fram" held sitt siste møte på Enge skule (dvs. Gamleskulen mellom elva og Hauga-

bekken). Formannen sender takkeskriv til skulestyret for at laget har fått halde til

på skulen.

Styret får fullmakt til å forhandla med kunstmålaren Rudolf Krogh om måling av

sceneteppe. Dagen etter (21/11) har styret gjort avtale med Krogh, og gjer

vedtak om måling av teppe.

5/12: Innviingsfest for "Ljoshall"

Søndag 5. desember vart "Ljoshall", huset åt ungdomslaget "Fram", innvigd med fest.

Festen tok til kl. 4 om ettermiddagen. Vel 300 menneske var til stades. "Ljoshall" var

vakkert pynta med grønt, flagg og lys. Johannes Kambo var feststyrar. Han helsa fest-

lyden og takka ingeniør John Moe som hadde teikna huset, og byggmeister Fosse som

hadde hatt arbeidet. Festtalen vart halden av folkehøgskulestyrar Svello frå Halsnøy.

Emnet var "Ungdomen og ungdomsvener".

Festmaten var rjomegraut og annan god, heimelaga mat. Det var song av songkoret,

musikk ved Martin Grindheim og Sjur Moe, og opplesing ved Torkel Grindheim.

Ordføraren, Øystein Grønstad, og sokneprest Flåtten hadde helsingstalar. Skode-

spelet "Rationelt fjøsstell" vart vist fram av Torvald Børve, Toralf Fosse, Torkel

Grindheim, Synnøve Sørheim og Brita Gjerde. Til slutt var det leik. (Sjå meir utførleg

referat frå denne festen annan stad i dette heftet.)

11/12: Den første dansefesten

Den første dansefesten i laget tok til kl. 20.00 og slutta kl. 4.00. I pausane under-

heldt Gunvald Auestad med song og skrøner.

1927

9/2: Musikklag

Lagsmøte har føre ein søknad om tilskot til musikklag som skal skipast no.

Det vart vedteke å yta 15 kr.

27/2: Vatn i kjellaren

Langt ordskifte på lagsmøte om kva som kunne gjerast for å halda vatnet ute frå

kjellaren i ungdomshuset. Byggjenemnda vart pålagd å ta seg av saka. Eit framlegg

frå formannen om å kjøpa flagg og flaggstong, vart nedstemt då dei fleste tykte laget

hadde så mykje skuld at ein først laut greia den.

13/3: Planting kring "Ljoshall"

Lagsmøte drøftar å planta tre rundt "Ljoshall". Styret vart pålagt å ordna med dette,

og Jørgen Kaland vart vald til å planleggja og utføra arbeidet.

16/10: Den første filmframsyninga i Etne

På lagsmøte opplyser Torvald Børve at Rasmus Breistein kjem med filmen

"Hardangerbruden".

Dette var truleg den første filmframsyninga i Etne.

1929

5/5: Vedtak om å kjøpa orgel

Lagsmøte vedtek å kjøpa orgel. Sjur Moe og Ole H. Moe skal ordna med kjøpet.

1931

11/1: Godt frammøte på årsmøtet. I alt 70 medlemer var til stades.

1933

4/8: Elektrisk ljos i ungdomshuset

Lagsmøte gjer vedtak om å godta eit tilbod frå elektrisitetslaget om å leggja inn elektrisk ljos i "Ljoshall". Det skulle kosta 384 kr.

1935

27/1: Berre etnesbuar får vera medlemer

Årsmøtet gjer vedtak om at berre etnesbuar får vera medlemer i ungdomslaget.

Dette vart gjort fordi "det syner seg at innmelding i laget av utanbygdsbuande aukar på

av den grunn å få vera med på dei samkomor med dans som laget held".

1938

23/1: Årsmøtet gjer vedtak om å utvida "Ljoshall". Desse vart valde til byggjenemnd:

Sjur Moe, Nils Gravelsæter, Jens Gjerde, Torvald Fosse, Martin O. Moe,

Marta Kambo og Borghild Gravelsæter.

1940

27/2: "Ljoshall" blir kornlager

Styret vedtek samrøystes å stetta ein søknad frå Etne Forsyningsnemnd om å få

leiga "Ljoshall" til lokale for kornlager.

"På grunn av dei alvorlege tider me lever i, fann styret det naudsynt å overlata

huset, trass i at det inneber stort sakn for ungdomslaget og ungdomen".

Krigen kom 9. april 1940, møteverksemda stogga og ungdomslaget "låg nede".

1945

9/6: Laget i arbeid igjen

Etter innkalling av den tidlegare nestformannen, Jens Gjerde, vart det halde ekstra- ordinært årsmøte den 9. juni 1945, berre ein månad etter frigjeringa.

Jens Gjerde styrde møtet, som vart startsignalet til å ta oppatt lagsarbeidet, som

hadde lege nede under heile krigen.

Desse vart valde i styret: Sverre Førsund (form.), Edvard A. Moe (nestform.)

og styremedlemene: Ruth Madsgård, Ingebjørg Lindvik, og Kristen Gravelsæter.

1946

27/11: Ungdomslaget driv folkebad saman med idrettslaget

I ekstraordinært årsmøte vart det etter framlegg frå ordføraren i Etne vedteke å

overta badebrakka i Engeleiren vederlagsfritt saman med idrettslaget. Føremålet

var å driva folkebad.

Badebrakka var ein "etterlatenskap" etter tyskarane. Det viste seg å bli nødvendig

med større påkostnader enn ein hadde rekna med. Dessutan svikta publikum.

Dei to laga søkte difor om kommunen kunne overta badet som no var sett i god

stand.

Først 21/2 - 1952 vedtok kommunestyret å overta badet for 15.000 kr slik

at dei to laga fekk dekka den gjelda dei hadde sett seg i for å setja badet i stand.

1948

17/2: 30-års-fest

Ungdomslaget hadde 30-års-fest på "Ljoshall" 17. februar. Olav Vik las prolog

og formannen i Hordaland ungdomslag heldt festtalen. Torkel Grindheim las opp

eit oversyn over ungdomslaget sitt arbeid i desse 30 åra. Det var elles talar av

Gunvald Auestad, Sverre Tesdal, Amund Fjøsne, Johannes Kambo, sokne-

prest Huseklepp og ordførar Trygve Vinje. (Sjå elles særskilt referat annan stad

i dette heftet.)

1950

17/1: "Etne-Amatøren 1950"

Styret gjer framlegg om at laget startar teatergruppe. Dette førte til at "Etne-

Amatøren 1950" vart skipa, og dei hadde dei første kabaret-framsyningane

sine 25. og 26. februar 1950.

Overskotet - 1000 kr - gjekk til bygging av gamleheim.

I åra som følgde var denne teatergruppa særleg aktiv, og hadde mange framsyningar

- ikkje berre i Etne - men i Bergen og Hordaland elles, og i Ryfylke.

19/5: Eigen kino ?

Styret gjer vedtak om å ta opp arbeidet for at bygda får eigen kino, driven av

ungdomslaget.

1951

27/9: Kveldskurs

Det vart vedteke å setja i gang eit 20 vekers kveldskurs i engelsk, samfunnslære

og rekneskapsføring. Kurset kom i gang 1. november med 25 elevar. Martin Vevatne

var lærar.

I same tida skipa laget til eit 3 månaders vevkurs (11 elevar) og eit 7 vekers musikk-

kurs (45 elevar).

14/10: Produksjonsutstilling

Etne Bondelag og u.l. "Fram" skipar til ei produksjonsutstilling. 2000 menneske

såg utstillinga. Av nettoinntekta gjekk 1.500 kr til eit utstillingsfond og 700 kr

til gamleheimen.

1952

19/1: Laget startar eigen kino

Årsmøtet gjer vedtak om at laget skal starta eigen kino.

1953

8/2: Hjelp til ofra etter flaumkatastrofen i Nederland

Ungdomslaget set i gang lynaksjon for å hjelpa ofra etter flaumkatastrofen i

Nederland. På ei veke kom det inn 6.024,58 kr. Pengane vart sende til

Norges Røde Kors.

16/8: "Ljoshall kino" har opningsframsyning

"Ljoshall kino" hadde opningsframsyning laurdag 16. august 1953. Laget sine

æresmedlemer, tidlegare formenn og kommunestyret var innbedne. Medlemene i

ungdomslaget hadde fritt tilgjenge til denne framsyninga.

I samband med tiltaket lånte laget 28.000 kr i Haugesund Sparebank. Kostnaden

for kinoanlegget var 15.229,53 kr. Resten av pengane vart nytta til vøling av

"Ljoshall"

Ottar Klokkerstuen vart tilsett som kinostyrar.

1955

7/7: Utviding av "Ljoshall" ?

Saman med alle tillitsvalde drøftar styret spørsmålet om å utvida "Ljoshall".

1956

8/2: Nybygg - samfunnshus ?

Langt ordskifte på årsmøtet der mange tala varmt for at ungdomslaget må gå saman

med andre lag og byggja samfunnshus.

Årsmøtet gjer vedtak om å få utarbeidd planar for nybygg.

9/6 og Hordastemna i Etne

10/6: Ungdomslaget "Fram" står som tilskipar av den 60. Hordastemna, laurdag 9.

og søndag 10. juni 1956.

Formann i stemnenemnda var Lars Nygård. Stemneplass vart leigd hjå Edv. Tjelmeland på Sæbø, der det vart bygt ein stor platting. 5-6000 menneske var til stades under

stemna, som vart halden i fint vêr.

1963

27/8: Lagsarbeidet har lege nede fleire år

Lagsarbeidet har no lege nede i lang tid. Kinostyret er det einaste valde styret som

er att av tidlegare valde tillitsmenn.

Sidan det er problem med oppvarminga av "Ljoshall", gjer kinostyret vedtak om å

kjøpa inn oljefyringsanlegg. Eit tilbod frå Vestenfjeldske Oljeselskap Nor på 10.320 kr

vart godteke.

Kinostyret gjer samstundes vedtak om å gjera opptak til å få laget på fote igjen.

10/12: Nyskipingsmøte vart halde for å få laget i arbeid igjen.

1964

9/7: Skulen leiger "Ljoshall" til gymnastikksal

Styret vedtek å leggja nytt golv i "Ljoshall", for huset skal leigast ut til gymnastikk-

sal. Arbeidet skal gjerast på dugnad. Leiga vart sett til 5.500 kr pr. skuleår. Straum

og reinhald er medrekna i summen.

3/9: Styret gjer vedtak om å kjøpa inn koppar og fat til ungdomshuset, og nye songbøker.

1965

7/10: Dårleg stell med bestikk i "Ljoshall"

Referat frå årsmøtet: "Det er forresten dårleg stell med bestikk. Alt Liv Frøkdal hadde

å hjelpa seg med var ein ljå og ei skei".

1967

8/4: Haugtussa-kveld

Laget skipar til ein Haugtussa-kveld saman med Etne mållag.

Det er skodespelarinna Anne Gullestad som står for programmet. Inntekta går til

framtidig nynorsk teater i Bergen.

1968

8/2: Kosekveld for tenåringar

Første kosekveld for tenåringar. Lagsavis (Ungskogen) v/Anna Torhild Førsund,

Allsong, Sketsj v/Toril Børretzen og Terje Hermansen, Dikt v/Anna Torhild Børret-

zen, Dans v/Fool Crabs

17/2: 50-års jubileumsfest

Laurdag 17. februar 1968 - på dagen 50 år etter at laget vart skipa - hadde u.l.

"Fram" sin jubileumsfest. Petra Fjøsne hadde skrive prolog til festen, og tidlegare formann i Hordaland ungdomslag, Harald Bolstad, heldt festtalen. Æresmedlemer og tidlegare formenn var særskilt innbedne. (Sjå særskilt referat annan stad i dette

heftet.)

1969

27/2: Vedtak på årsmøtet: Husleiga vert sett opp frå 75 kr til 100 kr. Kinobillettane stig

frå 3 kr til kr 3,50 for vaksne og frå 1,25 kr til 1,75 kr for born.

11/8: Låner 25 000 kr i Etne Sparebank

Ekstraordinært årsmøte godkjenner opptak av eit pantelån på 25.000 kr i Etne Spare-

bank. Banken tek pant i ungdomslaget sin eigedom "Siljord" av Gjerde, gnr. 9/bnr. 26.

Pengane skal brukast til utbetring av "Ljoshall".

1971

4/3: Hærverk på "Ljoshall"

Årsmeldinga frå 1970/71 fortel om stort hærverk på "Ljoshall", med m.a. knuste

glasruter. Pianoet har og fått hard medfart.

1973 Kinobesøket går ned

28/2: Det går fram av årsmeldinga at kinobesøket har gått ned. Det er ein tendens over heile

landet der filmane vert framsynte i gamle lokale. Medlemspengane i laget er no 20 kr.

1974

19/2: Årsmeldinga viser at driftsoverskotet på kinoen er 2.632,12 kr. Pengane vert brukte

til kjøp av fleire omnar i "Ljoshall".

29. - 31. mars hadde Hordaland Ungdomslag årsmøtet sitt i Etne.

1975

18/2: På årsmøtet i u.l. "Fram" kom det framlegg om at medlemene skulle stilla som gratis

vakter på kinoen pga. bråk under framsyningane.

1977

8/2: Laget kjøper andelar i A/L Etne Samfunnshus

På årsmøtet takkar Ottar Klokkerstuen av som kinostyrar, - eit verv han har vørdsla

på ein framifrå måte i 24 år.

Vedtak om at u.l. "Fram" kjøper 51 andelar i A/L Etne Samfunnshus.

Ny lagsfane er under arbeid og skal vera ferdig til 17. mai.

1979

6/2: Barnelaget "Grolls"

Årsmeldinga fortel at barnelaget "Grolls" starta opp hausten 1978. Om lag 30 born

er med på leik (dans), song, høgtlesing og dramatisering.

Diskoteket har bra besøk med 40 - 60 ungdomar kvar fredagskveld. Karsten Lunde

har lagt ned eit stort arbeid for denne ungdomsgruppa.

15/9: Brukte kinostolar frå Stavanger

Det kom tilbod frå Folketeateret i Stavanger om å få overta 400 kinostolar gratis.

Endre Tjelmeland saman med ein liten dugnadsgjeng ordna opp med lasting og tran-

sport. Omstoppinga vart gjort på dugnad.

1980

12/1: Fest for Olav Vik

Olav Vik fylte 70 år, og mållaget og ungdomslaget gjekk saman om å skipa til ein

fest for han i dette høvet. Ivar Orgland var festtalar. Salen var stappfull. Her var mykje

god allsong og godt program elles. Middag, kaker og kaffi, og leik og dans til slutt.

Det var elles godt å sjå at mange som elles ikkje gjekk i ungdomslaget fekk oppleva

det beste me har av festkultur i bygda vår.

12/2: Ny kinosal frå 10. mai. Forsvaret vil leiga "Ljoshall"

Årsmøtet drøftar eit tilbod frå forsvaret om å leiga "Ljoshall". Dei nye lovene for laget

vert vedtekne. Diskotekkveldane er no flytta til Samfunnshuset. Kinoen skal òg flyttast

til Samfunnshuset. Alt skal vera klart i den nye kinosalen til 10. mai.

17/3: Siste møtet på "Ljoshall"

Omframt årsmøte på "Ljoshall" gjer avtale mellom "Ljoshall kino" og Etne

Samfunnshus. Styret får fullmakt til å ta opp eit lån i Etne Sparebank på 200.00 kr

til kjøp av filmutstyr.

11/5: Første kinoframsyning i den nye kinosalen

Kinostolane vart overrekte som gåve til Etne Samfunnshus.

1981

10/2: Første årsmøte på samfunnshuset

Årsmeldinga fortel at Olaus Drengsti, Jon Grønstad og Endre Tjelmeland var krum-

tappar i omstoppinga av kinostolane året før. Til saman 600 dugnadstimar gjekk med

til dette arbeidet. Om lag 80 ungdomar møter på diskotekkveldane, og om lag 40

ungar er med i barnelaget. Visegruppa, med Jimmy Næs som leiar, har starta opp.

Landsstemna i Noregs Ungdomslag skal haldast i Haugesund til sommaren. Med-

lemene i u.l. "Fram" vert bedne om å hjelpa til med ymse dugnadsarbeid i samband

med stemna.

Vidare kan me nemna frå årsmeldinga: Bunadsmøte med Olga Breivik og konsertar

med Cornelis Vreeswijk og Jan Eggum, og "Lus i rus"-revy.

Bygdefest med Jon Eikemo - to førestillingar - til saman 900 menneske samla i kino-

sal og festsal. Haugesunds Avis og musikklaget var med på denne tilskipinga.

1983

8/2: Årsmeldinga for 1982 fortel m.a. at laget er med i Etnemarknaden, og det har vore

arbeidskrevjande. Elles har laget stått for innsamling av klede til Polen, og ein inn-

samlingsaksjon (pengar) til Nicaragua.

22. - Dansarar frå Orknøyane

24.juni: Ved jonsoktider hadde me ei gruppe dansarar og spelemenn frå Orknøyane på vitjing.

1984 Fylkesstemna for born

1. - 3. juni: U.l. "Fram" står som tilskipar av fylkesstemna for born. Stemnestaden var

Samfunnshuset, skulen og idrettsanlegget.

1985 Dolbyanlegg til kinoen

4/6: Omframt årsmøte gjer vedtak om å kjøpa inn eit dolbyanlegg til kinoen for 168000 kr.

Etne Kino får då eit musikkanlegg som er fullt på høgd med dei større kinoane.

1987

august: Teaternemnda gjer eit framifrå arbeid med "Amerikafeber" (av Johannes Heggland),

som vart framført på utescenen under Etnemarknaden.

1988

Ungdomslaget arrangerer for andre gong fylkesstemna for born.

1990 Eit godt arbeidsår i laget

Årsmeldinga (19/2 - 91) fortel om eit godt arbeidsår i laget: U.l. "Fram" har no 138 medlemer (74 vaksne og 64 born).

12/1: Saman med musikklaget og mållaget skipa ungdomslaget til ein "Olav Vik-kveld" på 80-års-dagen hans. Revygruppa framførde ved opplesing, song og spel noko

av det beste Olav Vik har skrive. Det vart ei stor oppleving både for publikum og

forfattaren. Hans kommentar etterpå: "Å, du veit eg hadde aldri trudd det skulle bli

fint".

Etne Kino har òg hatt eit godt år. Gjennom året er det selt i alt 20.877 billettar. I 236 framsyningar har kinoen vist 150 filmar. På éin "kinodag 1990" vart det vist 7 filmar og selt 1405 billettar. Resultatet var så godt at Etne Kino vart utnemnd som "landets beste".

mars: Ungdomsteateret framførde "Kjære landsmenn"

22/7: Musikkanlegget til diskoteket stole. Dei fekk nytt, men det vart stole atter ein gong

29/10 - 92.

august: Leikarringen til BUL i Oslo er ungdomslaget sine gjester under Etnemarknaden.

romjula: Visegruppa har ein framifrå fin konsert

1993 Årsmøtet

9/2: Sitat frå innleiinga i årsmeldinga 1992: "Måndag 27. april skjedde det ufattelege at Annemor ikkje lenger er mellom oss. Annemor sin tragiske bortgang har gjort sterkt inntrykk på oss alle, og det vil ta tid før me klarar å koma oss over tapet. Det Annemor stod for og gjorde for laget, er det vanskeleg å setja ord på. I ei årsmelding som denne vil me minnast henne med varme og takk".

9/10: Jubileumsfest

Ungdomslaget "Fram" hadde 75-års-festen sin på Samfunnshuset laurdag 9. oktober.

Jon Eikemo med "Den nye kapellanen" samla mykje folk. Ottar Vanvik var festleiar.

Gamle formenn/leiarar og æresmedlemer var særskilt innbedne.