I Etne var det nok Torbjørn Øyno (frå den inste garden i Stordalen) som først vart oppglødd for landsmålet. Han hadde alle føresetnader til det: Han var kunnskapsrik, han følgde godt med i tida og han var radikal. I same krinsen fekk han ein god ven i den unge
Gunnar Frette (1854 - 1927) som var 21 år yngre. Gunnar reiste til Kristiania i 1874 for å studera til prest. Her vart han kjend med Arne Garborg, som var tre år eldre. Då Garborg tok til å gje ut "Fedraheimen" hausten 1877, var dei to etnesbuane med frå første stund. I eit brev frå Bergen 25. november 1877 skriv Gunnar Frette til Torbjørn Øyno:
Mange takk for det siste brevet ditt. Det var gildt å høyra at du vilde gjera ditt til at bladet kunde koma ut; ja takk for det du gjorde, det var meir enn eg hadde venta; eg vil ynskja du vil finna deg tilfreds med det. Det er no utkome nokre nummer; so du har alt fått ein munnsmak på, korleis det vil arta seg.
Når Gunnar er så takksam her, er det nok fordi bonden frå Øyno har kjøpt luter i "Fedraheimen", og det varde ikkje lenge før Torbjørn Øyno tok til å skriva i bladet på godt landsmål. Han hadde gode språkkunnskapar og ei sikker stilkjensle. (Sjå artikkelen om haugianarane i Etne Sogelag si årbok 1986)
Gunnar Frette vart seinare seminarlærar på Hamar og prest i Alstadhaug i Nordland. Siste tida var han i Asker. (I Etne mållag sitt årsskrift frå 1982 finst eit brev som han skreiv til syster si på Hustoft i år 1900).

Det var ei lageleg tid å arbeida for målreisinga omkring hundreårsskiftet. Gjennom eit par ti-år hadde folket vakna til nasjonalt og sosialt medvit, med krav om økonomisk utjamning og personleg frigjering. Målreisinga vart ein del av dette. Kjell Haugland skriv i "Målreising i 75 år" (Noregs Mållag): "Målstrev, frilyndt ungdomsarbeid, venstrepolitikk og arbeid i folkehøgskulen gjekk hand i hand. Dette samarbeidet gav målarbeidet styrke og slagkraft".
Me må òg nemna lærarskulane, som etter kvart vart reine "målreir". Lærarane kjende det mest som landssvik å terpa dansk inn i born som snakka norsk.

Men i Etne var det ikkje folkehøgskulen og lærarskulen som var vegen fram for bondeungdommen, slik det jamt var i andre bygder. Gjennom lange tider hadde me hatt eksismoar i bygda, og dei hadde gitt ungdommen andre ideal. Dei søkte difor ei militær
utdanning, og gjekk underoffisersskulen. Her var det ikkje mykje rom for radikale tankar
og meiningar. Me kan vel kort seia det slik at medan folkehøgskulen gjorde dei unge oppglødde for nasjonale verdiar, frilynde, målsak og venstrepolitikk, sikra underoffisersskulen at bygdeungdommane vart heller konservative og motstandarar av alle "påfunna" på venstresida. Etnebygda hadde mange av den siste sorten, og dei gjorde seg sterkt gjeldande i bygdestyringa før krigen, og truleg finn me her grunnen til at landsmålet møtte så mykje meir motstand i Etne enn i andre bygder på Vestlandet.

Det første teiknet på at "den norske våren" hadde nådd fram til Etne, fekk me under festgudstenesta i Stødle kyrkje, 17. mai 1914, - sjølve hundreårsdagen for grunnlova:
Då song dei for første gong ein Blix-salme i Etne. Det er rimeleg å tru at det var fedrelandssalmen "Gud signe vårt dyre fedreland". Me hadde sunge danske salmar i fleire hundreår. Ikkje rart at mange tykte det var ei høgtidsstund når norske ord skulle bera songen fram og fylla kyrkja vår.

Då Venstre fekk fleirtal på Stortinget i 1884, sytte dei for å gjera vedtak om at det norske folkemålet skulle likestillast med "bogsproget". Her var grunnen lagd til å ta i bruk landsmålet i skulen. Ofte tok det til slik at skulestyret gav foreldra løyve til å kjøpa lærebøker på landsmål i einskilde fag, t.d. Bibelsoga eller Noregssoga. I Etne var det nok folk i Stordalen som var mest inne på slike tankar. Torbjørn Øyno og Gunnar Frette hadde vel gjort sitt til det.
(Ovanståande er henta frå artikkelen om målstriden i Etne Sogelag si årbok 1989).

Det var særleg lærarane som etter kvart arbeidde fram målreisingstanken: Mons Mæhle, Johannes Hjelmtveit, Kristoffer Sydnes, Halvard Fjøsne, o. fl. Dei frilynde ungdomslagsfolka vart òg tidleg med: Amund Skommedal (Fjøsne), Tjerand Silde, Amund T. Enge for å nemna nokre av dei som gjekk i brodden for ungdomslaget "Fram". Det same kan ein seia om Elias Holmaseid og Georg Nervik, som skiftest om å vera formann i ungdomslaget "Daggry" på Børkjenes. Målsaka vart ofte trekt fram på lagsmøta, både i ordskifte og i den handskrivne lagsavisa til u.l. "Fram" - "Ungskogen". Her kan me lesa (10. oktober 1919):
Det var gildt aa høyra at her var ein del Norskmaalsfolk i Etne og. Du mann og kvinna, hjelp vaar mor fraa det danske slaveri. Lat ho faa att sitt rette maal.
Etneungdom! Kom! og ver med paa den ljose vegen som fører folket fram til eit heilstøypt Norskfolk. Kan det vera noko hugnadsamt aa etterlikna dansken for oss ?
Nei, godtfolk! Me er fødde med norsk tungemaal. Difor vil me ropa ut: Fram med det norske maalet! (Frå jubileumsskriftet til ungdomslaget "Fram", 1918 - 1993).

I dag vil truleg mange reagera på kamptonen i denne appellen. Men me må hugsa på at
bokmålet den gongen var nærmast reint dansk, og ingen skal undrast på at ungdomen ville ta opp kampen mot ein kultur som dei opplevda som framand og undertrykkande.
Dessutan levde gløden frå frigjeringa frå dansk og svensk herredøme sterkt i dei enno.

Sjølv om dei frilynde ungdomslaga ("Dølen" i Frette og Håland krinsar frå før første
verdskrigen, "Daggry" i Skjersvik frå 1918 og "Fram" frå 1918) samla mange målfolk, så var det ikkje målsaka ein først og fremst la merke til ved lagsarbeidet. Her var andre
aktivitetar som dominerte.
Målarbeidet kom inn i ein ny driv då det første mållaget vart skipa. I 20-åra kvesste
målstriden seg til for alvor.
Først kom mållaget "Vaar" på Sørstranda, men dei lukkast ikkje med å få landsmålet inn i skulen i første omgang. Og laget kom i grunnen ikkje i skikkeleg arbeid før det vart utvida til Etne mållag i 1926. Bortsett frå ein 20-års-bolk i samband med krigstida, har dette laget vore i arbeid heile tida.