Dei første mållaga vart skipa i Bergen (Vestmannalaget) og Oslo (Det Norske Samlaget) i 1868. Men organiseringa utover bygdene gjekk seint, og ein reknar med at det var ikkje meir enn om lag 30 mållag i heile landet før hundreårsskiftet.

Skipinga av Noregs Ungdomslag på landsmåls grunn i 1896 var ein viktig siger for målarbeidet, og då det vart skipa fylkesmållag over store delar av landet i åra 1899 - 1901, skaut arbeidet meir fart etter kvart. I samband med eit landsmøte i Venstre i Oslo i februar 1906, gjekk 131 målfolk saman og skipa Noregs Mållag (5. februar 1906). Dei representerte då venstrelag og mållag frå nær sagt heile landet.

Det første mållaget i Etne

I Etne gjekk det enno mange år før me fekk det første mållaget. Det var Maallaget "Vaar", som vart skipa på Sørstranda, 29. februar 1920.I 1920 var det bokmål (riksmål) ved skulen på Sørstranda, men mange tilflytta hadde lært nynorsk (landsmål) i skulen, og tykte det var utruleg at borna i bondebygda Etne
skulle læra "dansk". Det er grunn til å tru at mållaget på Sørstranda vart skipa for å brøyta veg for nynorsk i skulen.

I styret vart desse valde: Magne Haukøy (formann), Sigvald Aalvik (varaformann), Anna Tysnes (kassastyrar), Martin Aarre og Lars Nygard.

Varamenner: Sjur Aalvik, Jorunn Aalvik og Kristen Osnes

Ettersynsmenner: Sigvald Aalvik og Lars Nygard

Som ein ser av namna, var det mest berre innflytta folk. Magne Haukøy var lærar på Sørstranda skule 1919 - 1920. Dei hadde ikkje møtebok på skipingsmøtet. Det fekk dei seinare, og skreiv ned det som var gjort. Første sida i møteboka var "Lover for

maallaget "Vaar" som vart skipa 29. februar 1920". Dei har nok fått tak i mønsterlover

frå Vestlandske Mållag (fylkeslaget). Kvar paragraf - 9 i alt - er svært greitt forma.

I føremålsparagrafen - § 1 - heiter det:

Maallaget "Vaar" vil samla folket i Gjerde sokn til arbeid for attereising av det

norske maalet.

I § 6 står det at "laget hev eit handskrive blad som kjem ut til kvart lagsmøte og alle festlege tilstellingar". § 8 fortel at "laget er innmeldt i Vestlandske maallag".
Det handskrivne bladet fekk namnet "Solrenning", og kom ut første gongen til festen 20. november 1920. Då hadde laget 13 medlemer.
På styremøte 9. oktober 1920 vedtek dei arbeidsprogram for året 1920/21. Dei vil ha tre festar: Den første i november, den andre i jula og den tredje 17. mai. Dessutan vil dei freista å få til eit skodespel. På eit seinare møte gjer dei vedtak om å arbeida for å få til ei boksamling. Det var viktig med nynorsk lesnad den gongen òg.
Men målfolka på Sørstranda lukkast ikkje med å få nynorsk inn i skulen med det første.
Rett nok vann dei den første røystinga, 21. oktober 1920 (50 mot 45 røyster), men skulestyret ville ikkje godkjenna resultatet på grunn av ein formell feil. Ny røysting gav motsett resultat. Dermed ser det ut til at mållaget la inn årane inntil vidare.
Først i 1933 vart nynorsk innført med 76 mot 69 røyster.

Målspørsmålet var det viktigaste ved heradsstyrevala

Bortsett frå Håland og Frette krinsar, som fekk nynorsk utan strid i 1918 og 1923

(berre éi røyst var imot begge stader), vart det ein beisk målstrid i dei andre krinsane i 1920 og -30-åra. Det var forresten ikkje berre i skulen det vart strid; heradsstyrevala

vart òg eit val mellom nynorsk og bokmål. Kvar kyrkjesokn valde for ség, og listene fekk namn som "Den landsmaalsvenlege Bonde- og Vinstrelista" eller "Bonde og Norskmålslista for Stødle sokn". Målfolket hadde nok ei sterk tru på at dei hadde den gode saka når dei sette slike namn på listene. Det ser ikkje ut til at riksmålsfolket markerte språket i sine lister på same måte. Dei heitte t.d. "Borgerlig vælgerliste" eller "Gjerde sogns vælgerliste". Men i omtalen mellom målfolk vart desse listene nemnde som "Høgre- og riksmålslister". Berre éin gong ser det ut til at me hadde ei liste som fekk namnet "Riksmaalsliste". Det var i Stødle sokn i 1931. Denne lista fekk ikkje nok røyster til å få inn nokon representant, truleg fordi riksmålstoppane var å finna på "Vælgerlisten". Slike lister (som markerte side i språkspørsmålet) hadde ein like til og med valet i 1945.

Frå 1928 kom "Smaabrukernes og Arbeidernes liste", men dei markerte ikkje side i målspørsmålet. På fleip vart det sagt at dei brydde seg ikkje om det heitte gryta eller gryten, berre dei fann noko i gryta.

Marc. Helleland skriv i Etne Sogelag si årbok for 1991 (s. 66) at det var sterke brytningar i bygdepolitikken i 1920- og 1930-åra. "Dette gjekk ikkje etter dei vanlege politiske skiljelinene. Når representantane i kommunestyret hadde kaffipause, delte flokken seg i to og gjekk på kvar sin serveringsstad: Riksmålsfolket for seg, og landsmålsfolket for seg. Det var målsaka, riksmål kontra landsmål, det galdt, og denne striden var så beisk og til dels personleg, at det var reint uhyggeleg".

Det var fleirtalsval i 1925, og i heile heradet røysta 420 for riksmål og 400 for

landsmål. Målfolket vann i Gjerde sokn, men tapte i Stødle og Grindheim. I heradsstyret

kom det då 18 riksmålsfolk og berre 6 målmenn.

Etne mållag vert skipa

Kanskje var det nederlaget ved heradsstyrevalet hausten 1925 som førte til at nokre målfolk samla seg hjå Johannes Tyssedalstveit, laurdag 30. januar 1926 for å drøfta skiping av eit mållag i Etne. Dei valde ei arbeidsnemnd som skulle skriva inn medlemer.

Så kom sjølve skipingsmøtet, og me siterer frå møteboka - den same møteboka som mållaget "Vaar" hadde skrive sine referat i:

So vart det halde skipingsmøte på Rygg skule 27. mars same år. Der var møtt fram kring 30. Der vart det då valt styre, og ein vedtok lover.

Desse vart valde i styret:

Kyrkjesongar Sigurd Førsund, formann

Lærar Johs. Folkedal, varaformann

Gardbrukar Ingebrigt Paulsen, kassastyrar

" Sigvald Aalvik, skrivar

Andre i styret: Sjur Moe, Willum Ekreim, Erik Kallestadbakken

Varamenner: Kristen Osnes, Osmund Hardeland, Gjert Halleland

Revisorar: Torkel Grindheim, Tjerand Silla

Det vart vedteke at laget skal ha eit handskrive blad. Bladet skal heita "Solrenning".
Til bladstyre vart valde: Kyrkjesongar Heggebø, (lærarinna Maria Langhelle) og Tolleiv Gjerde. Laget skal meldast inn i Karmsund mållag.

Det vart vedteke at ein skulde freista få Martin Birkeland hit og halda foredrag. På same tid skal ein freista med ein fest på bedehuset på Rygg. Ein tredjepart av overskotet skal gå til bedehuset, ein tredjepart til redningsselskapet og ein tredjepart til mållaget. (Under "Glimt frå møtebøkene" kan du lesa om den kattepina bedehusstyret på Rygg kom i pga. dette opplegget).

Til festnemnd vart valde: Elling Steine, Ola K. Gjerde, Osmund Hardeland, Nils Flatebø, Sigrid og Kaia Kallestadbakken og Anna Grindheim, Ragna Bjørneklett og Maria Langhelle.

På Sørstranda har det vore eit mållag "Vår", som ikkje har havt møte dei siste 4-5 åri. Dette laget går no inn i Etne mållag. Likeeins går kassamidelen for dette laget - 145,71 - på bankbok og 3,33 i kassen inn i kassen for Etne mållag. Styret for "Vår"

er samd i dette.

Vidare i referatet følgjer lovene for laget, som vart vedtekne same kvelden. Det er stort sett den same ordlyden som mållaget "Vaar" hadde i sine lover, men med den skilnad at Etne mållag skal vera medlem i Karmsund mållag (fylkeslag), - ikkje Vestlandske mållag, som "Vaar" var medlem i.

Harde stridsår

Åra som følgjer no er truleg dei mest aktive arbeidsåra i mållaget si historie. Mållaget hadde mange møte og store stemner der kjende personar heldt tale til folket. På same måte hadde riksmålslaget sine møte og talarar. Det var agitasjon og propaganda frå begge sider. Av og til gjekk dei over grensene for kva som sømer seg, og me skal ikkje sjå bort frå at målfolka - som hadde ungdomen med seg - var dei verste. Frå Sørstranda vert det fortalt at ungdomen samla seg utanfor skulehuset der det var eit riksmålsmøte.

Etter litt rådlegging opna dei dørene og marsjerte inn og sette seg til å syngja "Gud signe vårt dyre fedreland" og andre norske songar. Dette var ein kamp mellom norsk og dansk, meinte dei, og her kunne altså fedrelandssalmen brukast som kampsong. Dessutan var nynorske songar ein provokasjon i denne samanheng.

Riksmålsfolka tok sitt igjen frå sine posisjonar i styr og stell i bygda:
Mållaget dreiv aktivt med landsmålskurs, for mange var interesserte i å læra "målet", som dei kalla det. Torkel Grindheim og Sverre Tesdal var lærarar. Til desse kursa hadde dei rett på eit lite tilskot frå det offentlege. Men då pengane skulle betalast ut gjennom skulestyret, kunne ikkje skulestyreformannen, som var ivrig riksmålsmann, ta på seg eit slikt oppdrag. Han returnerte pengane til fylket, og tilskotet måtte betalast ut gjennom andre kanalar. I andre bygder var dei forundra over den harde motstanden som nynorsken møtte i bondebygda Etne.

Lærarane, som for det meste var målfolk, vart kontrollerte på ymse måtar. På Sørstranda fekk lærar Torleif Heggebø kritikk fordi han hadde kjøpt inn ei songbok med fleire nynorske songar enn den gamle hadde, og på Grønstad fekk lærar Torkel Naterstad vitjing i skulestova ein morgon av ein skulestyremedlem som hadde i oppdrag å sjå etter at læraren ikkje bad Fadervår "på målet". Men Naterstad bad visst Fadervår på ein slik måte at utsendingen frå skulestyret ikkje heilt kunne slå fast kva slag mål læraren brukte i Fadervår.

Lærarane var i ei vanskeleg stilling på ein annan måte òg. Dei som var kjende som målfolk, hadde vanskar med å få arbeid ved skulane i Etne, og dette var ei hard tid med stor arbeidsløyse og dårleg tider over heile landet.

Dei som stod i brodden for mållaget fekk òg gjennomgå. Sigurd Førsund skriv i ein "fotnote" i møteboka at "målstriden hadde vore ufjelg på mange måtar. Serleg var formannen utsett for utidige åtak frå riksmålsfolket". Det er grunn til å tru at dei som stod fremst på den andre sida, opplevde striden på same måte. Torkel Grindheim vart i 1980-åra oppmoda om å skriva om målstriden i Etne i årboka til Etne Sogelag, men han sa tvert nei. Det var så mykje vondt, sa han, at han ville ikkje rota meir opp i det. Han tenkte ikkje då særleg på kva målfolket hadde opplevd, men heller kor mykje vondt striden hadde valda for begge partar.

Nynorsken vinn inn i skulane

Etter kvart kom nynorsken inn i skulane og kommunestyringa. Grønstad skule fekk nynorsk i 1923, men i 1930 var det ny røysting og skulen fekk då bokmål fram til 1939.

Ved Enge og Rygg skular var det fleirtal for bokmål i 1939, men røystetala var ikkje bindande for skulestyret, som valde å la Enge skule få nynorsk og Rygg skule bokmål.

Men ved Rygg skule vart det etter kvart nynorsk likevel. Læraren skulda på at elevane kom med nynorske bøker, og under krigen var folk opptekne med andre saker enn å driva målstrid. I 1956 vart det likevel halde røysting, og no ville 134 ha nynorsk og berre 56 røysta for bokmål.

Nynorsk i kyrkja

Også i kyrkjene vart det strid om målet, og det tok lengre tid her enn i skulane. Kyrkja har lange tradisjonar, og då er det vanskelegare å få til endringar. Først i 1948 fekk

kyrkjene i Gjerde og Grindheim nynorsk liturgi. Truleg vart saka teken opp i sokneråda. Den 9. mai var det røysting i Gjerde: 76 var for nynorsk, 16 ville ha bokmål som før. I Grindheim røysta dei på to stader: 28. november røysta dei på Grindheim, og der vart røystetalet likt - 51 mot 51. På Frette røysta dei 19. desember, og der var 49 for nynorsk og berre 3 var imot. Samla røystetal i Grindheim vart då 100 for nynorsk og 54 for bokmål.

Det tok enno mange år før målspørsmålet kom opp i Stødlekyrkja. Soknerådet hadde ikkje særleg lyst til å ta opp dette spørsmålet, for dei kjende til kor mykje vondt målstriden hadde valda i Etne i tidlegare år, og ville helst ikkje ha meir bråk. Prestane - både Huseklepp og Øystese - ville helst ha nynorsk, men kvidde seg for å ta opp saka.

Etter oppmoding skreiv mållaget til soknerådet ved Stødle kyrkje i april 1971 og bad dei ta opp målspørsmålet i kyrkja. Det gjekk enno nær på to år før det vart gjort noko.

Først 11. februar 1973 vart det røysting: nynorsk liturgi fekk 55 røyster.

Berre 8 heldt på bokmål, men minst éin person forlet kyrkja då saka vart teken opp. Det vart likevel ikkje gjort vedtak om å gå over til "Nynorsk salmebok" sidan ny salmebok var under utarbeiding.

Rolegare tider i Etne, men tilbakegang for nynorsken i landet elles

Etter krigen var den hardaste målstriden over i Etne, men elles i landet kom nynorsken i hardt vêr utover i 1950-åra. Diktaren Øverland sette i gang foreldreaksjonar mot "samnorsk", og nynorsken rasa ut or skulane, særleg i Nord-Noreg, Trøndelag, på Austlandet og i bynære område elles. NRK hjelpte til med sine underhaldningsprogram laurdagskveldane der nynorsk språk ofte vart latterleggjort. Det var effektivt. Dessutan

var det mange som hevda at no måtte me slutta med alt dette som skilde oss ut, og bli som "anna folk". Nynorsken var sett på som eit hinder for framgang. Bygdefolk som flytte til byane, la seg etter bymålet, og knota så godt dei kunne. Berre dei færraste såg

på språket som ein del av vår identitet og vår kultur i det heile.

Det seier seg sjølv at det var vanskeleg å driva organisert målarbeid i denne tida. Etne mållag kom ikkje skikkeleg i gang før i 1959. Rett nok vart det skrive inn medlemer så

tidleg som i 1956, men både møtebok og rekneskapsbok tek til i januar 1959. Då er der i Etne Sparebank 541 kr, og det er pengar som er komne inn i 1950-åra. Også utover i 1960-åra var det tungt å arbeida for målsaka. Dei unge var ikkje med.

Men i slutten av 1960-åra, og under EF-striden omkring 1970-72, vart det ein kraftig snunad: Skuleungdom - i byane òg - gjekk i demonstrasjonstog med krav om nynorskelærebøker. Me opplevde ei radikalisering av målkampen. Det vart eit sterkt krav om rettferd. Den radikale ungdomen tok med seg dialektane til Oslo og andre byar. Knoting var ikkje løysinga på problemet, men å ta vare på sitt eige og seg sjølv. "Snakk dialekt, skriv nynorsk!" vart eit slagord. Tilbakegangen for nynorsk i skulane tok slutt, og etterkvart kunne ein merka ein liten framgang, - kanskje ikkje først og fremst i skulane, men meir i opinionen, i avisene og media elles.

At "nei-sida" vann EF-striden mot heile maktapparatet - dei store, bydominerte partia, som hadde massemedia på si side - gav kveik og tru på at distrikts-Noreg hadde verdiar som me ikkje kunne sjå bort frå.
Mållaga friskna også til. Ungdomen ville atter vera med. Det vart skipa målungdomslag mange stader, og på årsmøta i Noregs Mållag var det friske ordskifte som spurdest i media.

Bygdebladet Grannar vert til

Denne medvinden måtte nyttast ut, og etter opptak frå Skånevik mållag, som vende seg til mållaget i Etne om eit samarbeid, kom bygdebladet Grannar ut i 1973.(Sjå eigen artikkel bak i dette heftet).

Heider til Olav Vik

Diktaren og målmeisteren, Olav Vik, fylte 70 år 12. januar 1980. I det høvet tok mållaget på seg å gje ut eit festskrift. "I lyd og lag med Olav Vik" er ei samling prologar som han har skrive etter krigen. Olav Vik var ein framifrå prologskrivar og ein god opplesar som etter kvart vart mykje brukt ved ymse jubileum. Han var ein målmeister,

og hadde ein sikker stilsans. Det var aldri noko som halta i hans verseliner.

På sjølve 70-års-dagen, laurdag 12. januar, skipa mållaget og ungdomslaget "Fram" til fest for Olav Vik i samfunnshuset, som var nokså nytt då. Det vart ein fest av det gode, gamle slaget, med tale av Ivar Orgland, som tok utgangspunkt i Olav Vik si dikting. Det var musikk og allsong, - og middag, kaker og kaffi, og til slutt leik og dans.

Kring borda i den store salen var det stappfullt. Noko av det finaste var kanskje at dei som til vanleg held seg til bedehuset møttest med dei "frilynde" og viste at dei kunne ha det fint og hyggeleg saman. Ivar Orgland var storleg imponert: "At det går an å få til slike festar i dag!" var hans kommentar.

Etne Sogelag vert skipa

I 1982 tok mållaget til å gje ut eit "julehefte" - "Jul i Etne" i A4-format. Det var på 25 sider og hadde stort sett historiske artiklar og nokre gamle bilete. Der var òg barnesidermed leikar, gåter og vitsar. Det var tanken å gje ut dette heftet årvisst, men det kom

berre eitt nummer til , - i 1983. Då overtok sogelaget dette skriftet, som frå no av fekk namnet "Årbok for Etne Sogelag". Men skriftnemnda var den same som før: Magnus Saltnes, Borghild Sævereide Prestegård og Ingolv Vevatne.

Grunnen til denne overgangen var at Etne mållag hadde arbeidd for å skipa eit sogelag i Etne, og 28. september 1983 kunne skipingsmøtet haldast. Det var mållaget som hadde skrive utkast til vedtekter, og som styrde møtet til sogelaget hadde fått sitt eige styre. Magnus Saltnes vart vald til første leiar i Etne Sogelag.

Betre økonomi

Boka "I lyd og lag med Olav Vik" gav gode inntekter til mållaget. Og større aktivitet med loddsal, sal av "Jul i Etne" og Ingvar Moe sine helsingskort gav òg bra innkome i åra som følgde. Mållaget kunne då løyva pengar til ymse måltiltak: Norsk Barneblad gratis til alle 1. klassingar i Etne. Etne mållag og Karmsund mållag betaler kvar sin halvpart av bladpengane. Kvart år vert Dag og Tid tinga gratis til 5-6 elevar ved den vidaregåande skulen. Nynorske bøker er kjøpte inn til barnehagane og elles løyver Etne mållag årleg større pengesummar (ofte over 1000 kr) til Noregs Mållag og Norsk målungdom. Til saman kan desse løyvingane utgjera 4-5000 kr årleg. Ei investering i norsk kultur.

Framgang for nynorsk i pressa, i næringslivet og i byane

Dei siste ti-åra har det vore arbeidd ein del med å få meir nynorsk inn i Haugesunds

Avis og i forretningslivet lokalt. Det har vore framgang begge stader. Haugesunds Avis har i dag mykje godt stoff på nynorsk, jamvel om me kunne ynskja at det var meir. Det

ser ut til at det er slutt på den tida at bygder og jordbruk er "nynorsk", og resten er bokmål.

Nynorsken har mest problem med å koma inn på sportssidene. Det har alltid vore ei sterk tru på at nynorsk ikkje kan brukast der han er lite brukt frå før. Det har gjort seg særleg gjeldande i forretningslivet, men annonsane i Grannar viser at det heimlege målet gjer seg best. Bygdefolk som før skreiv lesarbrev på bokmål i byavisene, skriv no nynorsk i bygdeblada. Dei skjemmest av å "gjera seg til" når alle kjenner dei. Folk får meir tru på sitt eige og seg sjølve, og såleis har bygdeblada våre mykje å seia for målsaka.

Ei anna gledeleg utvikling ser me i byane, der me har fått mange nynorskklassar i grunnskulen. Det gjeld over store delar av landet, frå Tromsø i nord til Sandnes og Kristiansand i sør. Ja, til og med i Oslo har ein fått nynorskklassar. Korleis dette vil utvikla seg, og kva dette vil ha å seia for målsaka, veit me enno ikkje. Men det er ei utvikling som var heilt utenkjeleg for eit par ti-år sidan.

Målprisen

Etne mållag har 6 gonger sidan 1986 delt ut ein målpris - "Nynorsk i kvardagen" - til forretningar og firma som nyttar nynorsk. Andre òg - einskildpersonar - som har gjort ein stor innsats for målsaka, har fått denne prisen.

Helsingskort med dikt av Ingvar Moe

Etne har ein annan diktar òg som har stått målsaka og mållaget nært. Ingvar Moe har ikkje vore med i mållagsstyret slik som Olav Vik, men han har gjeve mållaget ei stor gåve i form av fire fine dikt, som mållaget har gjeve ut som helsingskort ved visse høve: Til ein nyfødd unge, til ein konfirmant, til eit brurepar og til ein jubilant. Korta er no komne i ny utgåve. Framsida, eit linoleumssnitt i fargar, er laga av den unge kunstnaren, Jan Terje Rafdal. Dei er svært omtykte, og er å få kjøpt i mange forretningar i dag.

Målarbeid i dag

Mållaget i Etne har det siste ti-året hatt eit medlemstal mellom 80 og 130. Eitt år var det like opp i 160. Gjennom mållaget er dei medlemer i Noregs Mållag, som arbeider for å styrkja nynorsken i media, i skulen, i styringsverket og i alt samfunnsliv. Å melda seg som medlem, er i grunnen det viktigaste målarbeid den einskilde kan gjera i dag. Styret i lokallaget tek seg av aktiviteten i nærmiljøet elles. Medlemskap gjev styrke og betre økonomi til Noregs Mållag, slik at dei kan løysa dei landsomfemnande oppgåvene.

Vert ikkje dét gjort, monar det lokale arbeidet lite.

Situasjonen var ein heilt annan i den harde kamptida - i 20- og 30-åra i Etne - då det viktigaste arbeidet var å skaffa gode talarar til stemner og elles skipa til møte med gode

program. Møteaktiviteten er ikkje stor i dag, - stort sett berre årsmøtet og gjerne ein bokkveld og av og til ein fest saman med andre lag. Elles er det berre styremøte, og det er i grunnen styret i laget som tek seg av arbeidet lokalt.

At nynorsken ligg nær dialekten vår, kan likevel bli eit problem for somme, - utruleg

nok. Dei har så god kontakt med sitt eige mål når dei skriv at dei blir skikkeleg forarga

når nynorsken ikkje godkjenner eitt av orda deira og tvingar dei til å skriva noko dei aldri har sagt. Dei som skriv bokmål, skriv ikkje ut ifrå sitt eige på same måte. Her er altfor liten vørdnad for nynorsknormalen samanlikna med den respekten bokmålsfolk (og nynorskfolk) har for bokmålsnormalen. Det ser ut til å vera den kostnaden me må ta for å setja dialekten i høgsetet.

Kampen for dialektane ser ut til å vera vunnen. Det kan bli den viktigaste oppgåva for mållaga i framtida å styrkja det nynorske normalmålet både i tale (i radio/TV t.d.) og i skrift. Då må me i større grad godkjenna og ta i bruk nynorskord som ikkje er vanlege i dialekten vår.