Etne Mållag

Mållaget i Etne har det siste ti-året hatt eit medlemstal mellom 80 og 130.
Eitt år var det like opp i 160.

Gjennom mållaget er dei medlemer i Noregs Mållag, som arbeider for å styrkja nynorsken i media, i skulen, i styringsverket og i alt samfunnsliv.

Å melda seg som medlem, er i grunnen det viktigaste målarbeid den einskilde kan gjera i dag.
Styret i lokallaget tek seg av aktiviteten i nærmiljøet elles.
Medlemskap gjev styrke og betre økonomi til Noregs Mållag, slik at dei kan løysa dei landsomfemnande oppgåvene.

Ingebret Paulsen ( 1869– 1935) skreiv ”Etnesongen”, som første gongen stod på trykk i den nynorske avisa ”Gula Tidend” 9. april 1927.

Då var Etne mållag nokså nær eitt år gamalt, og Ingebret var med i styret for laget. I alt var han med i styret i 6 år, og to av desse åra var han formann. Han vart vald til skulestyreformann etter at målfolket hadde vunne heradsstyrevalet i 1931.

Etne du fagre i Hordalands grender

ligg du og brisar med bringa så brei.

Liane lange og grønkledde strender,

fossane syner seg langande lei.

Elvar seg svingar, fjelli seg ringar,

Hodlestadnut står som løva på vakt.

Stordom og venleik om namnet ditt klingar,

fagerdom om dine dalar er lagt.

Soga om hovdingar store kan snakka

modige kultar som stemner mot strand.

Melder med vyrdnad at Erling hin Skakke

rådde og rikte i Norriges land.

Nemnest der mange i segner og sange:

Erling av Gjerde i Stiklestad-her,

Bjørn ifrå Stødle på Ormen den Lange

svarde sitt rom mellom kjempene der.

Her heve fedrane rydja og dyrka,

her hev dei funne sin trivnad og trygd.

Her hev dei unt seg i helg og i vyrka,

aldri dei såg vel ei venare bygd.

Vollar og rindar, lunt under lindar,

ljose og blide som Balder og Frøy.

Stordalen brikjer med høgreiste tindar;

Sørbygdi smiler som venaste møy.

Fjorden er fager med glitring og gidder,

strendene vene han tek i sitt fang.

Fjellet det lokkar med vang og med vidder,

støl under nuten med klemting og klang.

Fjellbekken skundar, fuglen han blundar,

roar seg stilt inn i skogen mot kveld.

Huldra ho spelar i liar og lundar,

kveldssoli gyller dei tindrande fjell.

Her er vel hugsamt, og herleg er lufti,

elvar og vatn dei blinkar i blått.

Åndi åt fedrane sviv over tufti,

minner og manar til det som er godt.

Her kan me finnast, fedrane minnast,

jordi er heilag kvarhelst som me trør.

Søkja alt godt og alt vent som kan vinnast,

una oss saman som systrer og brør.

Hill deg min heimstad, du beste blant bygder!

Hald deg til honom som styrer og rår!

Då skal du veksa i arbeid og dygder,

vinna deg framover år etter år.

Gud let det dagna, styrer din lagnad.

Hald du i æra din bestemorsstol,

- så skal du leva i fred og i fagnad,

bløma og blenkja i sæla og sol.