Lenkjer
Om Etne Mållag
I 1920 var der eit mållag på Sørstranda som kalla seg «Maallaget Vaar». Det gjekk inn i Etne mållag då det vart skipa i 1926.
Første formannen i Etne mållag var Sigurd Førsund. I 1920- og -30-åra var det ein beisk målstrid i Etne.
Striden var så hard at val til kommunestyret stod mellom «høgre og riksmålslista» og «venstre og landsmålslista». Slik vart listene nemnde på folkemunne.
Først i 1956 hadde alle skulane i Etne (9) nynorsk som opplæringsmål . Les meir om dette i Jubileumsskriftet til Etne Mållag, som du finn på heimesida her.
Norsk Barneblad og barnebladet «Pirion».
Etne mållag, saman med Haugesund mål- og ungdomslag, gjev kvart år eit halvåsabonnement av Norsk Barneblad til alle sjetteklassingar i gamle Etne herad. På same måte får alle barnehagane bladet Pirion.
Styret i Etne Mållag 2012:
Steinar Aalvik, leiar
Borghild S. Prestegård, kasserar
Jørund Flesland
Roger Nilsen
Liv Tesdal Mjelde