Eg snakkar så dumt!
Ei vaksen dame frå Nordland var på besøk på Vestlandet. Ho snakka nordlandsk, men var ikkje van med noko anna enn å skriva og lesa bokmål.

Kanskje av den grunn hadde ho ei kjensle av at det munnlege språket hennar var ikkje som det skulle vera. Ho sa det om lag slik:
Det er merkeleg: Når eg snakkar med ein trønder eller ein vestlending, så høyrer eg ikkje at eg snakkar nordlandsk. Men når eg snakkar med ein austlending – og særleg ein frå Oslo – så høyrer eg at eg snakkar nordlandsk, -og kor dumt det er.

Mange av oss går med språklege kompleks. Går vi nokre ti-år attende – til 1950 –60-åra t.d., var desse kompleksa langt sterkare enn i dag. Det kunne merkast på mange måtar. Bygdefolk som tala dialektar kjende seg underlegne andsynes byfolk som tala eit tilnærma bokmål, og mange knota så godt dei kunne for liksom å bli ”godkjende”. Noko av dette heng nok att i dag òg.

I underhaldningsprogramma laurdagskveldane i ”Store Studio” i 1950-åra fekk vi rett som det var eit innslag som gjekk ut på å latterleggjera nynorsk og bygdemål. Omkring i landet vårt sat vel folk i bygdene og skjemdest av seg sjølv.

Eitt av programma hadde ei tevling der ein lyttar skulle ringja inn og svara på nokre enkle spørsmål. Desse innringjarane skulle koma frå ulike fylke omkring i landet etter tur.
Den laurdagskvelden det var Hordaland sin tur å ringja inn, såg det ut til at ingen ”vågde” seg til. Den gongen var ikkje Bergen med i Hordaland. Her var det berre bygder og folk som snakka ”dumme” dialektar. I radio på den tid kunne ein berre høyra bokmål (særleg med austlandsk tone) og noko nynorsk (i dagsnyttsendingar). Det var ikkje ”in” å snakka dialekt i 1950-åra, men knoting vart godteke.
Programleiaren Kirkvåg vart meir og meir fortvila etter som tida og programmet gjekk fordi ingen melde seg i telefonen frå Hordaland. Men straks før slutt ringde ein mann frå Valestrand i Sveio. Det var ein lege som snakka oslomål!

For mange bygdefolk var situasjonen slik i 1950-åra og tidlegare: Du har ikkje mykje du skulle ha sagt i eit miljø der dialekten din vert sett på som ”underutvilka”.

Men det kom til ein skikkeleg snunad i slutten av 1960-åra: Radikal ungdom frå bygdene som reiste til Oslo og andre byar (for å ta utdanning t.d.) hevda at dialekten var ein vesentleg del av deira identitet. Tal dialekt –skriv nynorsk vart eit slagord. På den måten vart både personane og dialektane etter kvart respekterte. Det hadde dei sjølvsagt ikkje oppnådd dersom dei hadde knota og bøygt seg for den gamle dialekthetsen

Du vil nok med rette hevda at noko av det gamle synet på dialektar og nynorsk heng att i dag òg. Men likevel: Det har gått føre seg ein revolusjon på dette området. I dag kan til og med høgrefolk i stortinget tala dialektar - og til og med nynorsk. Det var heilt utenkjeleg for 40-50 år sidan.