Barnelaget i u.l. "Fram" starta opp med leikøvingar i 1973. (Laget fekk namnet "Grolls" , som etter gamalt etnesmål er eit samnamn for born og ungdom under ca. 15 år). Det var Ida Flesland og Karsten Lunde som stod for arbeidet i dette laget den første tida, men seinare kom fleire til. Om lag 40 born - delte i to grupper - var med på desse leike- eller dansekveldane.
Einskilde år låg nok barnelaget nede, men frå 1978 var det i fast gjenge fram til 1991. I denne perioden vart andre aktivitetar meir populære. No gjekk ein meir over til drama, dokketeater, teikning og song. Det var mange born med, oftast over 40, fordelt på 3 grupper.
Dei ulike gruppene øvde inn enkle spelstykke. Det vart skipa til dokketeaterkurs, og dei laga
dokkene sjølve. Og framfor alt var songen viktig. Dei var veldig glade i å syngja, og dei var
svært flinke. Ikkje så reint sjeldan var grupper frå barnelaget kringom i bygda med framsyningar. Dei var både på Gamleheimen og Sjukeheimen, og hadde framsyningar 17. mai
og på Sæbøtunet jonsokkvelden. Leiarar i denne tida var Elin Frøkedal, Arnhild Tjelmeland, Ragni Sunniva Moe, Berit Rafdal og Annemor Grindheim.
Musikken var òg viktig, og i fleire år hadde barnelaget "Grolls" sitt "eige orkester" med musikantar frå visegruppa i ungdomslaget. Det var særleg Jimmy Næs, Per Finndal og
Geir Davidsen som var med på dette.
To gonger i året, ved semesteravslutning, bad barnelaget inn til fest på Samfunnshuset for
foreldre, besteforeldre og andre. Her fekk dei vist kva dei hadde lært av song, dans og spel.
Det var koselege festar med mykje moro.

Barnelagsstemnene
Høgdepunktet for mange var nok å få reisa på fylkesstemna for born som vart skipa til kringom
i fylket i juni kvart år. Gjennom heile året øvde borna inn eit samdansprogram, som vart den store framsyningsdansen under stemna. Stemnedagane var innhaldsrike, gilde dagar for
borna/ungdomane. Dei fekk nye vener og knytte varige venskapsband.
To år - både 1984 og 1988 - stod ungdomslaget "Fram" som tilskipar av fylkesstemna for born.
Stemneområdet var Samfunnshuset, Enge skule og idrettsanlegget. Deltakarane kom frå mest alle barnelag i Hordaland, og det vart rekord oppslutning begge gongene. Borna var med på ymse aktivitetar: teater, leik og dans, skogsti, fjelltur m.m. Fleire grupper var med på danse- og
leikframsyning omkring i kommunen og nabobygdene.