"UNGSKOGEN"

"Ungskogen" er den handskrivne lagsavisa til u.l. "Fram". Det er mykje interessant å lesa i dei 11 tjukke bøkene i A-4-format. Første bladet kom ut 5. 5. 1918. I 1920 kom "Ungskogen" ut med 17 nr. Elles var det vanleg med 10 - 12 nr. årleg i 20-åra. Seinare vart det færre, og etter krigen kunne avisa vera borte heile år. Det siste nummeret kom i 1986.

"Ungskogen" har hatt mange bladstyrarar. Somme har skrive under fullt namn, medan andre ville vera anonyme. Det har ikkje alltid vore så lett for redaktørane å finna noko å skriva om.

Dei har ofte gjennom desse åra bede om hjelp:

1/6-20 "Me likar alle aa faa høyra ei god avisa. Men skal bladet verta godt, burde me alle som

ein, hava det som ei plikt aa gjera kva me kunde for aa faa avisa god. Dermed blei

arbeidet lettare for bladstyraren ogso. Um me tykkjer me kan lite, so kan og veit alle

litt. Og so er me vel komne her for aa øva oss upp til aa lesa og skriva, og mangt anna

som kan vera til nytte seinare i livet".

Hand-"prentinga" er vekslande, men dei fleste har ei tydeleg og fin skrift. Språket er nynorsk,

ispett dialekt og kvardagslege uttrykk. Nokre få har skrive bokmål.

Det ser ut som om lagsavisa var fast innslag på alle møte og festar dei første åra. Møtedagen

var laurdag i starten, seinare vart søndag meir brukt. På kvart møte vart det valt redaktør for

neste nummer av avisa. Det var eit tillitsverv som alle tok alvorleg. Noko av stoffet skreiv dei sjølve, noko skreiv dei av etter blad og bøker og noko fekk dei andre medlemer til å skriva.

I den første tida var det nok opplysningstanken som var den berande når det galdt å finna stoff til lagsavisa. Elles var dikt og lyrikk nesten faste innslag.

Somme skreiv om årstidene, andre om ungdomstida, og mange prisa heimbygda:

14/3 - 54 Lun og fredsam ligg Etne-bygda,

verna av åsar, og av fjella trygda,

den venaste bygda i Noreg, - i verda,

du er vår pryd, vår byrgskap og æra.

Her har vi fjorden, elva og fjella.

Skog og marker og åkrar å stella.

Hagar med blomar, fisket i sjøen,

arbeid i heimen og arbeid på bøen.

Vi elskar deg Etne når himlen er blå,

når nordvesten yler og himlen vert grå,

når snøen ligg kvit over stuv og stein,

vi elskar deg Etne, elskar kvar stokk, kvar grein.

Vi elskar deg Etne og vil deg ei gløyma,

minnet vil vi i hjarta gøyma,

om bygda som gav oss ei framtid god,

som gav oss styrke og freidig mod. (Ingvar Moe - 17 år)

Stoffet i "Ungskogen" gjev oss eit inntrykk av kva medlemene og folket elles var opptekne av. Det var husabygging, "Ljoshall" i 20-åra og Samfunnshus i 60-åra. Idrettslag vart skipa, folkebad opna og ny skule bygd på Gjerdsrabbane. Rusdrikk og tobakk, klesmote og nasjonaldrakt har det vore skrive om mange gonger:

19/1-20 "Um nokon av oss lar brennevinet hjelpa oss til aa halda feststemningi uppe, daa lar me ei av dei aller styggaste makter raa yver oss".

5/3 -21 Fyrr og no

Hendene i broki, i munnen sigar

farvel til boki og guten er kar.

Vanta han mot, so tok han ein dram,

og burte var otten for synd og skam.

Dette var fyrr, den sak er grei.

No er den vaksen som segja nei!

Nei til tobakk og nei til dram,

til gagnløysa, faakunna, synd og skam.

15/12-29 "Eg kan hugsa dei fyrste som klipte seg. No er dei teljande dei gjentene som ikkje

har klipt håret sitt. Det vert løge å sjå Etnes-gjentene i bukser".

Leik og dans var ofte diskusjonstema:

8/2 -19 "Nei, daa er leiken betre, men den vart det dessverre so lite av. Ingi raad med det,

naar dei eldre inkje kan tola det, faar dei unge bita i det sure eplet, tildess dei faar

sit eige hus og raader seg sjølve".

13/11-20 "Eg tenkte: Slepp ein leiken laus, so vert me heimlause. Daa var det betre aa la leiken fara og ha ein gild møteplass der me kunde høyra paa fyredrag, gild lesnad, song og eit blad som Ungskogen".

Ungdomslaget fekk problem med folkeviseleiken desse åra. Folk utanfor laget - særleg dei

mest pietistisk religiøse - tykte nok at leik var det same som dans, og ville ikkje tillata at

skulehuset vart brukt til å lokka ungdomen ut i det som dei rekna for eit liv i synd.

Det var ein beisk målstrid i Etne i 20-åra, og "Ungskogen" har heile tida hatt innlegg om målet - landsmål og riksmål:

18/10-19 "Det var gildt aa høyra at her var ein del Norskmaalsfolk i Etne og. Du mann og

kvinna, hjelp vaar mor fraa det danske slaveri. Lat ho faa att sitt rette maal, Etne-

ungdom! Kom! og ver med paa den ljose vegen som fører folket fram til eit heil-

støypt Norskfolk. Kan det vera noko hugnadsamt aa etterlikna dansken for oss ?

Nei, godtfolk! Me er fødde med norsk tungemaal. Difor vil me ropa ut: Fram med

det norske maalet!"

8/2 - 47 "Ungskogen har alltid halde det nynorske målet høgt i ære, og det vonar vi han vil

gjera i framtida og. Det er nok sume redaktørar som skriv avisa på bokmål. Det

skal dei ikkje gjera. Ei av merkesakene åt ungdomslaget og Ungskogen er å

hjelpa fram det nynorske målet, og det gjer ein ikkje med å lata Ungskogen tala

bokmål".

7/10-22 GLØYMSJESKAP

Eg rota og leitte

vart sinna og trøytte

skjente paa ungar og kvinnfolk

Eg gløymsjen er vorten

gamal og forten.

Ja, det legst alltid til for ein surholk.

Eg har leitt i kvar kraa

det er platten uraad

aa finna den dunders avisa.

Kona, hev du sett Ungskog ?

Eg mulla og knog,

og gjorde meg grov og sinna.

Baae me leitte

oss varme og sveitte,

men bladet var ikkje aa finna.

Det er ikkje so rart,

lat meg sjaa - det er snart

eit halvt aar sidan sist eg saag bladet.

Kvinnfolki hev havt husvask og balt

snudt upp ned paa alt,

so det er greit aa finna att det ein vil ha.

Hamrar og tenger,

kragar og penger

er platten uraad aa ha i fred

So sant eit kvinnfolk det faar i hender,

det er som sokke ned.

Aa skulda paa kvinnfolk er difor so lett,

naar ikkje ein kan finna att det som er kome vekk.

Det var ein gong eg kom i slik knipa,

eg vilde ha meg ein røyk og fann ikkje pipa.

Kvinnfolki trudde eg hadde havt 'ne,

eller kanskje ungen.

Men daa eg skulde sjaa etter,

bar eg pipa i munnen.

Nok er det at kvinnfolki fekk seg ein laatt,

og eg vart flat som ein flaatt.

Som de ser, hev eg funne avisa -

og kor trur de ? -

Jo, eg fann ho i skaapet,

der eg sjølv hadde lagt 'ne.

(Tjerand Silde)