Hausten 1979 slo songaren og visemakaren Jimmy Næs seg til Etne. Året etter starta han og nokre andre viseelskarar opp visegruppa i ungdomslaget. Dei har halde saman i 12 år og stått for mange fine program. Første tida øvde dei inn enkle songar og viser som dei framførde på ulike tilskipingar omkring i bygda. Dei vart etter kvart mykje nytta.
Dei som har vore mest "framme" i denne gruppa gjennom åra, er følgjande: Jimmy Næs med gitaren (me kan gjerne kalla han musikalsk leiar), Geir Davidsen med torader, Per Thurn- Paulsen (Findal) med fele, Ragni Sunniva Moe med blokkfløyte, Elin Frøkedal, Grethe (Håland) Hjelmtveit, Mona Norheim, Audny Molnes, Knut Vaksdal, Ragnhild og Arvid Nessb og Thorbjørn Jacobsen.
Det må òg nemnast at dei første åra danna Jimmy, Geir og Per ei gamaldansgruppe som var mykje populær. Det var verkeleg spenst i musikken deira.
Den første kabareten, "Sunnhordland og sunnhordlendingar", hadde premiere våren 1983.
Dag Bergsvåg var gjesteartist som opplesar av tekstar av Ingvar Moe. Denne kabareten vart vist både på Stord, i Bergen og i Omvikedalen. Delar av han vart framført på landsstemna i Noregs Ungdomslag i Oslo det året, og det vart gjort opptak i NRK-Hordaland.
Både i 1984 og 1986 drog visegruppa "i vesterveg", til Orknøyane i 1984 og til Skottland og England to år seinare. Her spelte dei på festivalar og andre tilstellingar. Kontakten med Orknøyane var så god at ei gruppe dansarar derifrå har kome på gjenvisitt fleire gonger.
Visegruppa var svært allsidig, og alle program hadde høg kvalitet. Det var difor heilt naturleg at dei spelte inn sin eigen kassett i 1987. Det kosta, men salet av kassetten gjekk greitt slik at utlegga vart dekka.
Visegruppa har samarbeidd med leikarringen og øvt inn program med musikklaget og teatergruppa i ungdomslaget. Mange vil hugsa "Me klarar oss så godt me kan i verda".
Ein av dei store programkveldane var Olav Vik-festen i januar 1990. Saman med teatergruppa i ungdomslaget og musikklaget laga visegruppa eit program berre bygt på Olav Vik si dikting. Det vart eit flott og gripande program som mange kjem til å minnast som ein av dei finaste kveldane i samfunnshuset.Ved juletider same året framførde dei "Folkemusikk i inn- og utland".
Avskilskonserten hadde dei 3. juledag 1992: "Frå bryl til blomar i håret - nesten rein 60".
Det var trist å høyra frå scenen til slutt at visegruppa dermed var oppløyst, - denne gruppa som i 12 år hadde gitt oss så mykje vakker og festleg song og musikk.
Miljøet i visegruppa har heile tida vore framifrå godt. Dei vart mest som ein familie etter kvart, og dei kom ofte saman - med ektefellar og born. Jimmy Næs har heile tida vore primus motor, og har stått for dei aller fleste arrangementa. "Me er han stor takk skuldig for alle dei fine åra me har hatt i lag "! seier dei som var med.