Først barneleikarring
Tidleg på 70-talet ville ungdomslaget prøva å få til ein barneleikarring. I 4H-klubben, som var ganske aktiv på den tida, var det snakk om det same. Dette førte til at leikarringen kom i gang
vinteren 72-73. Det var Karsten Lunde og Ida Flesland som var leikleiarar for dei yngste i laget
(frå 13 år og oppover til 17 år).
Frammøtet var ganske godt, og det var trivelege kveldar, men det var ikkje alltid like lett å halda styr på desse ungdomane. Det var dessverre ofte einkvan som laga bråk og uro, og det gjorde det tungt å driva med dette.
Så diskotek
Etter kvart viste det seg at det var behov for andre aktivitetar for dei unge. Fredagskveldane var "ledige" på "Ljoshall", og då måtte dei unge kunna koma saman. På kinorommet var det plate- spelar, og på scenen var det høgtalar. Slik starta diskoteket på "Ljoshall" hausten 1975.
Karsten Lunde var åleine om å vera saman med dei unge desse kveldane, men seinare kom
Endre Tjelmeland og Gro Lysne med. Det var til vanleg godt frammøte, og stemninga var god,
og alltid på topp når det bar til stengetid: "Kan me ikkje få halda på ei stund te' "?
Eit anna problem var kva plater som skulle spelast. Det vart det alltid strid om.
Diskoteket flytter til "garderoben" i Samfunnshuset.
Etter at "Ljoshall" vart stengd, flytte diskoteket til Samfunnshuset då det vart ferdig våren 1979. Der heldt ungdomane til i den såkalla garderoben i kjellaren. Det vart valt ei diskotek-
nemnd på 4 personar. Til å byrja med var det medlemer i ungdomslaget som tok seg av dette,
men seinare vart foreldra trekte inn både i nemnda og vakthaldet.
Garderoben er blitt pussa opp fleire gonger, og det er kjøpt inn godt musikkanlegg og blinkande lys. Anlegget har vore så "freistande" at det har blitt stole to gonger, - både i 1990 og i 1992.
Diskoteket har vore eit svært populært tilbod for dei unge frå 7. klasse og oppover. Det er viktig for dei å kunna møtast i eit alkoholfritt miljø. Vaktene har av og til måtta gripa inn mot "medbrakt", men stort sett har det gått fint.
Diskoteket har i desse åra vore eit fint tilbod for ei aldersgruppe som ikkje reknar seg som born, og som heller ikkje finn seg til rettes mellom dei vaksne.
Ungdomslaget på tur
Heilt frå starten av har ungdomslaget arrangert turar for medlemene. I "Ungskogen" frå våren
1920 kan me lesa at dei har vore på motorbåttur til Børkjenes. Derifrå var det kort veg opp
til Bjelkaberg, der skulehuset låg, og der dei møtte medlemene i ungdomslaget "Daggry".
Seinare òg - gjennom åra - vart det arrangert turar, - særleg fotturar til fjells.
Skiturar i høgfjellet
Frå 1978 vart det ei meir fast ordning å skipa til hytteturar i skisesongen, - som regel første helga etter påske. Turane gjekk då til Vågslid dei første åra, seinare flytte ein over til Breiborg. Dette var familieturar for store og små. Skigåing om dagen, og leik og moro i hytta om kvelden. Særleg Breiborg hadde gode lokale til det. Her var det høve til å stella seg sjølve med mat og alt som trongst på ein slik tur. På det meste var det 52 deltakarar med. Mange minnest nok dei hyggelege stundene me hadde saman på desse turane.
Teaterturar til Oslo
Saman med Karmsund Mållag arrangerte laget teatertur til Oslo hausten 1986. Me såg "Cats" på Det Norske Teatret, og fekk omvisning i det store og nye teaterbygget.
I åra etterpå har det vore slike teaterturar kvar haust, både til Det Norske Teatret og til andre teater.