Då ungdomslaget "Fram" vart skipa i 1918, hadde den frilynde ungdomsrørsla vakse seg sterk over heile landet. Ho hadde sitt opphav i dei store brytningane i siste helvta av 1800-talet.
Grundtvig sin folkehøgskule med opplysning, norskdom og kristendom la grunnen, og saman med dei politiske brytningane mellom Høgre og Venstre om norsk kulturreising, utbygging av demokratiet og unionsoppløysing, følgde ein radikal frigjeringsvind over heile landet.
Dei som la grunnen
I Etne òg vart folk rivne med av denne bølgja:
Ordføraren i Etne frå 1884 til 1896 - Torbjørn Øyno - hadde kjøpt aksjar i den nynorske avisa til Garborg -"Fedraheimen" - og han skreiv fleire innlegg der i slutten av 1870-åra. Torbjørn Øyno var ein sjølvlærd bonde, som hadde tileigna seg store kunnskapar. Som Venstre-mann, var han svært aktiv i den politiske debatten i tida. Slik var det òg med den unge læraren - Jens Børretzen - som samla folk til radikale, politiske møte på Enge skule. Den tredje som må nemnast, er presten Wicklund, som ville ha kontakt med ungdomen, og fekk dei til å koma saman til leik og moro i prestegarden søndagskveldane.
Det fortel litt om tida at alle desse tre møtte sterk motstand frå haugianarane og konservative politiske grupper.
I denne tida - før hundreårsskiftet - kom det eine frilynde ungdomslaget etter det andre i gang
i bygdene, - ikkje minst her på Vestlandet. Og landsungdom i byane skipa sine "Bondeungdomslag" (BUL).
I Etne fekk me det første laget i Stordalen før første verdskrigen. Det var Kristoffer Sydnes
som fekk i gang ungdomslaget "Dølen" i Frette og Håland krinsar, der han var lærar 1909 -12.
(I dag heiter dette laget "Stordalen og Sævareid Ungdomslag).
Og i andre enden av bygda - i Skjersvik - skipa dei ungdomslaget "Daggry" i 1918. Det hadde medlemene sine i området Aksdal - Sandvik, og fekk bygt seg ungdomshus midt i den hardaste nedgangstida 1933.
Landslaget, Noregs Ungdomslag, vart skipa i 1896. To år seinare gjekk laga i Hordaland saman i fylkeslaget "Hordaland Ungdomslag". Hordastemna var første gong skipa til i 1892,
og folk frå bygda vår hadde reist på denne stemna mange år før det vart eit frilyndt lag i midtbygda i Etne.
Eit kløyvt bygdesamfunn
Men nykomlingen vekte strid i bygda. Striden kom ikkje først og fremst fordi den frilynde rørsla arbeidde for det norske målet, for norsk kultur på alle felt, - noko som mange den gongen
meinte var mindreverdig, og som me måtte "veksa" bort frå. Verre var det at mange såg på ungdomslaget som eit "ukristeleg" lag, som var kome for å føra ungdomen bort frå Gud. Leik, dans, skodespel og seinare film, vart sett på som synd i dei miljø som hadde sine røter i den sterke haugianarrørsla me hadde i Etne, og på Vestlandet i det heile, i førre hundreåret. Ein åndeleg vokster utanom bedehus og kyrkje, ville dei ikkje godkjenna.
Denne motstanden førte m.a. til at laget hadde vanskar med å få halda møte i skulehuset,
-særleg pga. folkeviseleiken. Laget hadde òg vanskar med å få låna pengar i banken, og måtte gå til Skånevik Privatbank, og seinare Haugesund Sparebank, for å ta opp lån.
Denne sterke, og til dels beiske motsetnaden, varte ved til TV-apparata kom med "syndo" inn i alle stover og gjorde oss meir like. I den verste tida var på ein måte bygda delt i to mellom bedehuset og ungdomshuset.
No skal me ikkje underslå at det føregjekk både drikking, turing og av og til slåsting i samband
med tilskipingar på ungdomshuset, - særleg på dansar og festar. Det positive ordet "fest" er på
ein måte blitt øydelagt av det. Og dei som berre kjende ungdomslaget utanfrå vil nok med rette hevda at mangt av det som gjekk føre seg på ungdomshuset, låg langt borte frå dei "høge hugmål" som dei idealistiske grunnleggjarane av ungdomslaget hadde. Men ein må òg forstå at ungdomslaget har aldri i sin aktivitet sett grenser mot nokon, og av den grunn måtte dei òg finna seg i at kven som helst ville vera med på moroa. Den kostnaden måtte dei ta.
Det er elles verdt å leggja merke til at Noregs Ungdomslag (som u.l. "Fram" er medlem i og
"bunden" av) har ført ein svært konsekvent alkoholpolitikk. Til denne tid er berre to lokallag
ekskluderte frå NU, - i begge tilfelle fordi dei hadde sett i gang hotelldrift med skjenkeløyve.
Mange av dei som stod i brodden for ungdomslaget, gjorde det av reint idealistiske grunnar. I tru på bondeungdomen, hadde Grundtvig slege fast: "Hvad Solskin er for det sorte Muld, er sand Oplysning for Muldets Frende". Dette var eit arbeidsmål den første tida, og leiarane såg ingen motsetnad mellom dette arbeidet og kristne ideal, og ungdomslaget var alltid ope for den
kristne bodskapen. Det var ikkje utan grunn at den frilynde ungdomsrørsla hadde som slagord: "Kristendom og norskdom". Mange hadde ei sterk tru på den åndskraft som låg nettopp i dette,
og salmeskalden Elias Blix skriv (i 1899) om "dei to store livsens makter" - det kristelege og det nasjonale - at dei "skal veksa seg saman og gjennomgløda den norske ungdomen og dermed skapa ei lukkelegare ætt enn den som no lever".
Opplysningstanken var berande
Korleis var så eit møte i dette laget dei første ti-åra ? -
Songen, lagsavisa, foredraget og ordskiftet gjekk igjen på nær sagt alle møte. Ungdomslaget var ein god "skule" på mange måtar. Opplysningstanken var den berande i lagsarbeidet, og det var heilt i samsvar med dette føremålet at laget lånte bøker frå Statens boksamling i Bergen. Desse bøkene skulle så gå på omgang mellom medlemene.
Kravet om at folkeopplysninga måtte møta bonden i kvardagen, er ein av grunnføresetnadene
for norskdomsrørsla. Dette var framfor alt ei grasrotrørsle som starta ut frå eit behov for
opplysning hjå folket, slik at dei sjølve kunne ta del i utviklinga av den nye, norske nasjonalstaten i siste helvta av 1800-talet. Dette er ein av grunnsteinane i programmet for Noregs Ungdomslag
Før laget fekk sitt eige hus, hadde dei alle lagsmøte i storesalen på Enge skule. Søndagskvelden var til vanleg møtekveld.
Alle møte tok til med song, og slutta med song. Dei song særleg nasjonale songar, men også salmar. Det var ikkje uvanleg at møtet slutta med at møtelyden reiste seg og song "Gud signe vårt dyre fedreland". Den tida hadde dei stor vørdnad for den fridomen me hadde vunne frå danskestyre og svensketid.
Faste innslag elles var lagsavisa "Ungskogen". Første tida var innhaldet for det meste seriøse, opplysande artiklar om ulike emne. Dessutan var det ein del lyriske "epistlar"; og somme prøvde seg på rim og dikt eller skreiv av dikt frå andre blad.
Seinare - etter krigen og utover i 50-åra - fekk "Ungskogen" eit lettare innhald.
I tillegg til lagsavisa var det ofte ein av medlemene som hadde teke på seg å lesa opp noko frå eit blad eller ei bok.
Foredrag og diskusjon hadde dei òg på dei fleste møta. Emna for diskusjonen kan verka merkelege for oss i dag:
Dei diskuterte t.d. kva som kunne vera mest skadeleg av tobakk eller kaffi, kven som øydde mest pengar av gutar eller jenter eller kven som hadde det best i livet, - dei som var gifte eller dei som levde ugifte. Me skjønar godt at referenten orsaka seg med at han ikkje kunne dra nokon konklusjon etter slike ordskifte.
Elles dreiv laget med folkeviseleik og amatørteater. For å få inn pengar, hadde dei basarar og "korgaleik".
Korgaleik var kanskje mest brukt på festmøte. Jentene hadde med seg ei korg med mykje god mat i, og så vart korgene auksjonerte ut. Den guten som baud høgast, fekk korga og jenta på kjøpet som borddame når dei skulle eta. Det var nok både spenning og fest med desse korgaleikane.
I det første styret i ungdomslaget "Fram" var det berre menn med, men i 1919 vart Maria Tyssedalstveit vald inn i styret, og ho var svært aktiv i lagsarbeidet i ei årrekkje. Ved sida av eldsjelene Åmund Skommedal og Tjerand Silda, kan me kanskje seia at Maria først og fremst var "ideologen" i laget.
Referat frå eit vanleg møte i laget dei første åra
Torbjørg Gjerde - seinare Vik - skreiv følgjande referat frå eit møte i ungdomslaget 13. november 1920:
Det ruska og storma og rauk,
stakkane flagra, og hattane fauk;
eg hev aldri sett makan til vêr.
Då flago var stridast, eg hukte meg ned,
eg stratta imot og stridde meg fram
hadd`ikkje råd til å missa det grann.
Det er kostbart kva høyrest i laget.
Då klokka var åtta, reiste Tjerand seg opp,
og ynskte oss alle vel møtt.
Han delte ut songbok til kvar einaste kropp,
og sa:" Me tar den me syng støtt
om den målflaumen som går både sumar og vår". -
Han er kostbar den songen om målet. *)
Johannes Kambo las opp or ei fin liti bok
om ein mann, som frå folket hestane tok.
Denne mannen vart skamspent av ein hest.
Men så blei han funnen, og doktera av ein prest.
Forteljingi synte at for ein prest det òg går an,
å vera ein god samaritan.
Maria Tyssedalstveit heldt eit gasta føredrag
for kvinnfolki om deira sak.
Ho mante dei unge til å vera vare.
Fabrikkane var den største fare. **)
Etter føredraget steig varaformannen fram
og las opp eit telegram.
Det ynskte oss til lukka med den fyrste kvinna
som heldt tale i ungdomslaget Fram.
Helsingi var frå vår formann.
Så las Ingebrigt opp avisa;
men ho var litt knapp -
Dog må han ha takk for det stykkje han las,
det synte oss at frøkenar òg for med fjas.
Neste gong skal Brita og Synnival lesa opp.
Synnival sa: "Nei stopp, stopp!"
men han blei då skriven opp. -
Torvald Børve blei ny redaktør.
Kan henda han vil skriva meir no enn før ? -
Ja, den som lever, han spør.
Varaformannen fekk i oppdrag
å be Jon Moe om eit føredrag
det skulle handla om elektricitet og torebrak.
Til slutt me leika ei heil æva
så alle berre gjekk og tæva.
Det stykkje i avisa gjorde visst godt,
for med laget bak skorsteinen var det nok smått. ***)
Torbjørg Gjerde (referent)
*) Det er nok songen "Flaumen går" referenten her siktar til, - ein song om den norske kulturreisinga.
**) Maria og Johannes Tyssedalstveit hadde måtta selja garden sin i Tyssedal fordi fabrikken (røyk)
hadde øydelagt tilhøva for jordbruket.
***) "Laget bak skorsteinen" var Tjerand Silda sitt uttrykk. Han meinte dei gutane som gøymde seg bak
skorsteinen når leiken tok til, og han kritiserte dei i eit innlegg i "Ungskogen" på dette møtet.
Husproblem
Dei første 8 - 9 åra hadde ungdomslaget møta sine på Enge skule, men her hadde dei eit stort problem: Dei fekk ikkje lov til å ha leik der den første tida. Men Maria Tyssedalstveit forstod korleis ho skulle ordna opp i dette problemet. Ho fekk ungdomane til å øva inn nokre fine songleikar, og kle seg i bunad - ja, dei lånte faktisk nokre bunader i Hardanger, og så hadde dei leikframsyning på ein basar. Då fekk liksom folk augo opp, og skulestyret gav løyve til leik i skulen dersom laget melde seg inn i Noregs Ungdomslag og heldt seg til lovene der. Men tanken om å byggja eige hus var levande heilt frå starten av, og 5. desember 1926 kunne dei halda innviingsfest på "Ljoshall". No hadde dei ingen vanskar med møtelokale lenger.
Tyskarane tek "Ljoshall"
Laget var i godt arbeid heilt fram til krigen i 1940. Då bad Etne forsyningsnemnd om å få bruka "Ljoshall" til kornlager, men tyskarane overtok huset då dei kom. Lagsarbeidet låg då nede under heile krigen, men det tok ikkje meir enn eit par veker etter at tyskarane var reiste frå Etne før laget var i arbeid igjen.
Lagsarbeidet får ein annan karakter
Lagsarbeidet etter krigen fekk ein annan karakter etter kvart. Det måtte bli slik. Opplysningstanken som hadde vore den dominerande dei første åra, var mindre aktuell i ei tid med radio, rikeleg tilgang på aviser, blad og bøker, og eit godt utbygd skuleverk.
Studieverksemd vart ei ny form for opplysningsarbeid i Noregs Ungdomslag. Særleg vart "Kven veit ?"-tevlingane populære. Noregs Ungdomslag sende kvart år ut studiemateriell om eit bestemt emne. Eitt år kunne det vera alkoholproblemet som vart drøfta, eit anna år kraftutbygging t.d. Tevlingane, som vart kalla "Kven veit ?", vart då som ein "eksamen" i stoffet. U.l. "Fram" hadde mange lag med i desse tevlingane i 1970-åra.
Elles heldt laget fast ved dei gode tradisjonane på andre område: Songen, leiken og amatørteaterarbeidet var like aktuelt som før. "Ungskogen" kom òg ut, - om ikkje så jamt som før.
Ungdomslaget startar eigen kino
Ungdomshuset vart brukt av mange andre lag i bygda òg. På styremøta hadde ein stadig føre spørsmål frå andre lag som ynskte å låna/leiga "Ljoshall". Når tilskipingane ikkje gav inntekter, fekk dei som regel låna huset gratis mot at dei vaska og ordna opp etter seg. Private kinoar hadde sine framsyningar her. Men frå 16. august 1953 starta ungdomslaget sine eigne kinoframsyningar. "Ljoshall Kino" var skipa. Då kinoen flytte ned til samfunnshuset, fann ein det mest naturleg å bruka namnet "Etne Kino".
Samfunnshuset - ei "storstove" for heile bygda
Det viste seg ofte under festar og større tilskipingar på "Ljoshall" at huset var for lite. Særleg var det problem med matsalen i kjellaren. Festlyden måtte ofte eta "på skift", slik at dei måtte rekna med "første, andre og tredje bordseta". Det viste seg òg straks etter at huset var bygt, at kjellaren var for rå og fuktig. Tanken om å byggja ei storstove for heile bygdesamfunnet melde seg, og ungdomslaget vart ein pådrivar og ein av dei store eigarane i samfunnshuset då det vart bygt i 1978/79. Ved stor dugnadsinnsats frå medlemene si side (trekkja stolar m.m.), greidde ein å få kinosalen ferdig til framsyningar i mai 1980.
Den gamle møteaktiviteten er vanskeleg å halda oppe
Aktivitetane i laget har skifta etter som tidene har skifta. Foredraga, ordskifta og opplesingane vart det slutt på etter kvart ut gjennom 50-åra, og lagsavisa , "Ungskogen", kom òg sjeldnare ut. Det siste nummeret kom i 1986.
Men andre aktivitetar har halde seg, og nye har kome til: Folkeviseleiken er framleis levande, og leikarringen var særleg aktiv i 50-, 60- og 70-åra. Dessutan har laget hatt ei framifrå visegruppe dei siste 20 åra. Dei som arbeider med amatørteater, har òg gjort ein stor innsats, - særleg i Etneryvyane som me har hatt mange av dei siste 20 åra.
I meir enn 30 år har laget skipa til diskotek-kveldar for tenåringar, og dei minste har hatt sitt barnelag "Grolls". Men den gamle møteaktiviteten er vanskeleg å halda oppe. Likevel har ungdomslaget eit kulturtilbod til mange i dag òg.
Mellomfolkelag arbeid
På årsmøta i u.l. "Fram" dei siste 15 åra har laget valt ein "kontaktperson for internasjonalt arbeid". Laget har då frå tid til anna stått for innsamlingar: Hjelp til Nicaragua, klede (o.a. utstyr) til Polen og Russland m.m. På kvart julemøte i laget vert det selt UNICEF-kort til støtte for internasjonal barnehjelp. Somme har drege i tvil om det er naturleg for ein organisasjon som har satsa så mykje på det nasjonale, å bry seg om andre folk og kulturar.
Men det er ikkje den type nasjonalisme som vert dyrka i Noregs Ungdomslag. Den frilynde rørsla har alltid hevda at den som er sterk og trygg i si eiga nasjonalkjensle, kan best setja pris på andre kulturar og meir naturleg rekkja ei hjelpande hand til andre folk som har det vanskeleg. I dag er antirasisme eit satsingsområde i organisasjonen.
Mest strid vart det i 1980 då årsmøtet i Noregs Ungdomslag vedtok ei fråsegn om at jødar og palestinarar burde setja seg ned ved forhandlingsbordet i staden for å "snakka med kvarandre" gjennom våpna. I dag er dette ein tanke som alle vonar skal lukkast.
Dugnad for Grannar
Me må òg nemna at medlemene i u.l. "Fram" gjorde ein kjempeinnsats for bygdebladet Grannar då det starta opp hausten 1973. Saman med medlemer frå mållaget møttest ein dugnadsgjeng for å få bladet ut til alle abonnentar. Det måtte skrivast namn og adresse på opptil 1000 blad kvar veke dei første månadene.
Det vart sagt at det var berre Etne - med sitt mål- og ungdomslagsmiljø - som var stort nok og som samstundes hadde glød nok til å greia den jobben. Utan denne innsatsen hadde ein rett og slett ikkje fått bladet på fote, for dei to redaktørane, ungdomslagsfolka Ragni Sunniva Moe og Arnhild Tjelmeland, kunne ikkje åleine makta dette arbeidet, som måtte gjerast på nokre få
kveldstimar før utsending. Ungdomslaget "Fram" er medlem i Hordaland Ungdomslag og Noregs Ungdomslag. Ikkje nokon organisasjon har gjort så mykje for norsk kulturreising på nær sagt alle område som Noregs Ungdomslag. U.l. "Fram" har vore ein liten del av dette.
* * * * *
No hevdar somme at dei frilynde ungdomslaga si tid er forbi. Opplysningstanken som var drivkrafta i fortida, er ikkje aktuell i dag. Og kampsakene - det norske på alle felt - har vunne fram: folkedansen, folkevisleiken, bunaden, folkemusikken, ja, nær sagt alt av norsk kultur vert respektert på ein heilt annan måte i dag enn då Noregs Ungdomslag gjekk i brodden for norsk kulturreising. Berre på eitt område heng noko att av den gamle motstanden: Det gjeld det norske målet, men det har sin eigen kamporganisasjon i Noregs Mållag.
Noregs Ungdomslag har likevel ein viktig funksjon i dag òg. Samskipnaden har heile tida omstilt seg, og arbeider i dag på ein annan måte enn før krigen t.d. Dansen, leiken, folkemusikken og amatørteaterarbeidet er like aktuelt som før, og NU vil framleis vera den fremste organisasjon som kan gje råd og rettleiing om norsk kultur på nær sagt alle område.