Litt generell historikk
Teaterarbeidet i Noregs Ungdomslag er ein av dei eldste aktivitetane i rørsla.
Alt i 1855 vart "Ervingen" av Ivar Aasen spela i fleire frilynde ungdomslag. Dette var den første spira til nynorsk teater. I 1896-97 vart "Rationelt fjøsstell" spela i heile 77 lag. Hulda
Garborg sitt stykke vert såleis rekna for å vera den første suksessen for eit nynorsk teaterstykke.
I 1912 vart det Norske Teatret skipa. Fleire av dei første skodespelarane hadde rot i teatermiljøet i ungdomslaga. Det som skjedde i ungdomslaga, og det som skjedde på Det Norske Teatret i den tida, styrkte teaterinteressa kring i alle bygder, og er truleg grunnen til at amatørteaterarbeidet i Noregs Ungdomslag har stått så sterkt som det har gjort heilt frå hundreårsskiftet.
Det var særleg 1890-åra som markerte den store framskuven for amatørteaterarbeidet. Rasmus Løland, Sigurd Nesse og Anders Vassbotn kom med stykke på same tid som dei første stykka til Hulda Garborg. Amatørstykka på denne tida var sterkt merkte av at forfattarane måtte ta omsyn til dei lokale tilhøva der stykket skulle førast fram. Dette er forklaringa på at det så å seia berre fanst ein- eller tobarnsfamiliar i stykka. Ungdomslaga hadde ikkje så stor skodespelarstab å ta av. Det mest vanlege var vel at stykka hadde fire personar. Då fekk ein med både den rike, gamle friaren, den skjennande mora, den fagre dottera og den fattige friaren. Tendensen i stykka var som regel at forfattaren stod på dei unge si side og stødde opp under det frilynde synet. Læraren i bygda spela ofte ei viktig rolle, men så var og mange av forfattarane lærarar, og attpåtil aktive i det frilynde ungdomsarbeidet. Somme stykke er propaganda for særskilde saker, t.d. var både målsak og fråhaldssak aktuelle tema.
Teaterarbeidet lokalt
Alt tidleg vart det synt interesse for teaterarbeidet i ungdomslaget "Fram". Sketsjar og små teaterstykke vart synte fram på festar og ved andre høve.
Teatergruppa "Etne-amatøren 1950" er det nok enno mange som hugsar. Denne gruppa var den første i landet som i full breidde sette opp komedien "Kjærleik på Lykteland" av Torvald Tu.
Førti aktørar var med, og stykket vart synt fleire stader i Hordaland.
"Etne-amatøren 1950" dovna av etter fem års drift. Men interessa for teaterarbeidet har halde seg i alle aktive år i ungdomslaget. Dei siste 25 åra har teatergruppa hatt ein framifrå god instruktør i Arnhild Aaen Tjelmeland. Ho har "stått bak" dei fleste framføringane i denne tida.
Etter at ein fekk samfunnshuset, og kinosalen med si flotte scene, er det helst revyar som har vore på repertoaret. Desse revyane har med sitt lokale preg, vorte svært godt mottekne blant publikum. Kvar revy har samla tre-fire fulle hus.
Etter at det vart skipa barnelag i ungdomslaget i starten av 1980-åra, vart det og starta opp med teateraktivitetar for born. Fleire, både barne- og ungdomsteaterstykke er blitt øvde inn i desse åra.
Heilt til landsfinalen i Grieghallen i Bergen kom ei gruppe ungdommar med si framsyning våren 1989.