Utpå nyåret 1940 var situasjonen ute i Europa svært spent, og mange venta at Noreg òg kunne bli dratt inn i krigen. Forsyningsnemnda i Etne bad då om å få bruka "Ljoshall" til kornlager.
Styret i ungdomslaget gjekk med på dette, og utan hus, måtte lagsarbeidet stogga. Folk fekk elles mykje anna å tenkja på. Som ein protest mot den tyske okkupasjonen, låg mest all
lagsverksemd i Noreg nede under krigen. Det gjaldt ikkje berre dei frilynde ungdomslaga, men
idrettslag og andre organisasjonar òg.
Men ingen kjenner til at "Ljoshall" vart tatt i bruk som kornlager nokon gong. Tyskarane bygde straks ein stor brakkeleir på vestsida av ungdomshuset, og dei tok òg "Ljoshall" i bruk som kantine for soldatane. Men kvar søndagskveld var det kino. Denne kinokvelden var det einaste
"livet" som var i bygda under krigen. Og det var alltid fullt hus kvar kveld. Dei tyske soldatane - som det var mange av i Etne - gjekk òg på film, men dei vart liksom ei gruppe for ség på benkene i salen. Bygdefolket ville markera avstanden.
Ungdomshuset låg i det "tyske området", og der var tyske vakter ved inngangen ved hovudvegen. Ein kveld hadde det samla seg mykje folk på vegen. Dei skulle på film, men eitt
eller anna gjorde at vaktene heldt dei tilbake. I ventinga vart presset mot gjerdet så stort at det
brått braut saman, og folk kom inn på området over alt. Dei tyske vaktene ropte og skreik med
våpna i hendene, men kunne sjølvsagt ikkje gjera noko med dette.
Til vanleg gjekk publikum inn hovudtrappa, men av og til var pågangen så stor og køen så vanskeleg å ordna at dei fann det meir høveleg og stilla opp langs veggen på vestsida og gå inn døra bak ved scenen. Tyskarane hadde kålåkeren sin nær inntil ungdomshuset, men det var plass til kinokøen mellom åkeren og langveggen. Det var bygdefolk som var "køvakter", og ei av desse vaktene kom ein kveld i slagsmål med ein køsnikar. I basketaket kom vakta til å snåva seg uti åkeren og spente eit kål opp or fòra. Dei tyske vaktene var straks på plassen og tok mannen med seg. Men han slapp frå det etter å ha forklart seg.
Tyskarane brukte altså ungdomshuset til kafé mesteparten av tida, og kvar gong ei ny gruppe skulle sendast ut til fronten, vart det halde stor avskilsfest på "Ljoshall". For mange var det nok den siste festen dei var med på.
Rekneskapsboka viser at tyskarane betalte for "okkupasjonen" av ungdomshuset - 140 kr månaden. Den siste innbetalinga var for oktober månad 1944. Då gav dei "Ljoshall" ifrå seg igjen. Den siste tida hadde dei truleg brukt salen som ei vanleg brakke, for dei som rydda opp etter dei, måtte bera ut madrassar og feltsenger. Ei stor tysk ørn - i tre - hang midt i salen på galleriveggen. Den vart boren ut og brend saman med anna rask.
Så var det dugnad og storvask. Det måtte ekstra skuring til, for tyskarane hadde måla salen innvendig, men heldigvis var det ei krisemåling som kunne vaskast og skurast vekk. Og dugnadsgjengen var bestemte på at alt som minte om tyskarane skulle bort.
Våren 1945 var det korøving i "Ljoshall". Reitan frå Haugesund var dirigent.
Den første fredsveka - frå 8. mai 1945 - var det dans mest kvar einaste kveld. No skulle det
markerast at me var frie og gjorde som me ville.