Kva me vil
Kva me vil, ungdomsflokk ?
Spreia ljos kring heile landet,
vekkja opp ein heilag ande
så det glør i stein og stokk.
Lat det skirsla, lat det brenna!
Lat det gløda valne hug!
Då vil renna morgon blid
med større dug.
Kva me vil, ungdomsflokk ?
Nøra elsk til alt det beste,
løysa deg or stygge feste!
Du har lengta lenge nok.
Dine høgmål fritt lat lysa,
før dei fram i truge strev!
Det vil hysa von om signing
rik og gjæv!
Kva me vil, kjære bror ?
Veksa trygt på gamle grunnar,
festa rot som store runnar
djupt i Noregs rike jord.
Lat så saft og sevje strøyma,
så vår norskdom vert som stål!
Lat det fløyma fritt og sterkt
vårt fagre mål!
Kva me vil ? Det er greitt.
Noreg fritt og sterkt skal standa,
Noreg gjennom alt må anda,
så vårt folk kan verta eitt.
Lat så gamle Noreg bløma!
Gjev ditt liv til siste reste!
Det vil søma Noregs ungdom
aller best.
Denne songen, skriven av Bernhard Sudmann, formann i Hordaland Ungdomslag 1905 - 1910,
kan stå som døme på den glød og idealisme som me finn mellom dei som grunnla dei frilynde
ungdomslaga.
Når soli om kvelden frå himlen sig ned
og ligg attom fjellet og drøymer om fred,
då stiga me unge i halli inn
med solargladroden kring runde kinn.
Me spelar til dans når det lider mot kveld,
når fullmåneglansen seg leikar kring fjell.
Når stjernene bragar på himlen blå,
då vilja me unge til leiken gå.
Då svingar me jenta i halling og rull
så sylgjene singlar og glitrar av gull.
Med ungdomens eld og med stålsett seg
det sprakar av liv i kvart dansesteg.
Det ljomar i halli og bragar som eld,
her leikar ein flokk utav ungdom i kveld,
og guten gjer kast etter kast og stend,
snart svingar han jenta i ring igjen.
Så leikar me alle og dansar i lag,
me dansar i ring til det ljosnar av dag.
Og sæle me skiljast når soli renn,
når dagen og ljoset for døri stend.
Olav Hurum