Det var heilt vanleg i alt lagsarbeid - både i frilynde og kristelege ungdomslag og i mållag t.d. - å ha handskrivne blad. Lagsavis kalla dei det. Før krigen var lagsavisa nokså fast på alle møte og tilstellingar, og møtelyden gledde seg til opplesinga.

Men i den nye tida, med stor tilgang på blad og lesnad av alle slag og i tillegg radio og fjernsyn, seier det seg sjølv at lagsavisa fengde ikkje slik som før. Dermed tok det etter kvart slutt. Det handskrivne bladet til mållaget slutta tidleg. Det siste nummeret kom ut

3. mars 1935.

Det er verdt å leggja merke til namna på laga og lagsavisene. "Solrenning" heitte altså

bladet til mållaget, "Ungskogen" heitte lagsavisa til u.l. "Fram". Det første mållaget heitte altså "Vaar", og undomslaget på Børkjenes heitte "Daggry". Alt vitnar om ei sterk tru på at det dei stelte med var i samsvar med lys, vår og grotid. Og det hadde dei rett i,

for det var ei vakning og ei grotid for ei vidare demokratisk utvikling i landet vårt. Summen av alt dette lagsarbeidet i dei mange organisasjonane me har, har vore grunnleggjande for det me kan kalla eit levande demokrati.

Det første nummer av Solrenning kom ut "Sundagskveld 28. november 1920".

Då hadde mållaget "Vaar" på Sørstranda den første festen sin. Formannen - Magne Haukøy - har skrive den første artikkelen, og her følgjer nokre avsnitt:

Som det er i naturi, soleis og i folkelivet. Her lyt og ljoset jaga burt myrkret og gjeva varme til vokster. Aandelegt ljos skal jaga burt aandelegt myrker og gjeva varme til sann menneskjevokster. Grundtvig syng: "Hvad solskin er for det sorte muld, er

sand oplysning for muldets frende".

Ja, sann upplysning er det ljos som skal forma folkelivet. Gjenom den fær ein den

rette voksteren, ein vokster som vert nørt av ein nasjonal - kristeleg varme, og som

når heilt til himmels. Mot sitt upphav tøygjer alt liv seg. Soleis i voksterlivet, og

soleis i folkelivet. Og gjer det ikkje det, so folnar det burt.

.......................

Det må med sine livsrøter nå attende til det beste av den kulturarv fedrane gav oss,

og Kristi evangelium må lysa frå det høge.

Og her vil dette bladet finna si uppgåva. Det må verta ei liti solrenning både for dei som arbeider i det og for dei som høyrer det. Det må kunna kasta ei solstråla på det største av kulturarven vår - morsmålet.

M.H.

Innhaldet elles i dette første nummeret av "Solrenning":

Ein lengre artikkel av Lars Eskeland: "Ljoske" (Teke or "Jol")

"Ungdomstidi" av A.T. (Anna Tysnes ?)

"Kva lærer ein på ein folkehøgskule ?" av S. A. (Sigvald Aalvik)

Til slutt to småstykke. Det eine av dei er slik:

Ei fin frua skriv i eit sørlandsblad:

"Du, som samtidig med at være målmand, gir dig ut for at være en kristen, hvorledes

kan du se at Bibelen blir oversatt på dette rædsomme mål ? Det er hårreisende -

tenk Mosebogen og Jesu lidelseshistorie på målet - vulgærsproget - dessuden: alt

taper jo i oversettelse."

Neste nummer av "Solrenning" kjem ut til opningsfesten til Etne mållag på Rygg skule, "Sundag 18. april 1926".

Første sida her er eit dikt - "Solrenning" - av Sigurd Førsund

Så følgjer - "Vårliv" - eit lengre stykke av G.N. (Georg Nervik ?)

Til slutt: "Vaardrag" av J. (Denne J-en er nok Johannes Folkedal )

Problem når det berre er ståplass på jorda

Det kom eitt nr. til i 1926. Det var laurdag 27. november.

I dette nummeret av avisa kom det berre to stykke: Først eit dikt - "Vandringsmannen" av Nietzsche - "Umsett frå tysk for "Solrenning".

Det andre stykket handla om "Lemen og menneskje". Handskrifta kan tyda på at det er G.N. (som ovanfor) som har skrive det. Frå dette siste tek me med:

Ein professor i Oslo har rekna ut at um mannaætti formerar seg med same fart som

ho hegatil har gjort, vil det um 1800 år ikkje verta meir enn so vidt ståplass på

jordkula for alle menneskje. Og det høyrest skræmeleg ut . Tenk om etterkomarane

våre skulde låta stå som sild i tunna. I sanning vert det då å olboga seg fram gjenom verdi. Vert det då målfolk og riksmålsfolk ståande i lag på same neset, vert det tryggast å ha livbelte på. Ellest kan det koma til å spyrjast ulukkor.

hegatil = hittil. På denne tida var det vanleg å seia kom hega der me i dag seier kom her.

Neste nr. av lagsavisa kom ikkje før årsfesten laurdag 21. januar 1928.

I dette nr. var det berre eitt stykke: "Eit godt, men løynt skatteobjekt" skrive av Lasse.

Kven denne "Lasse" er, veit me ikkje.

Torkel Grindheim er bladstyrar for neste nr. av bladet, som kom ut til festen på "Ljoshall", sundag 29. mars 1931. Det vart eit fyldig nummer:

Først eit langt dikt - ei hylling til naturen, og målet vårt som ein del av naturen. Det er Ingebret Paulsen som har skrive det, og me tek med dei siste linjene:

Og so skal fedramålet få største rom og rett

og det skal binda saman vårt folk frå ætt til ætt.

Og friskt og vent det klinga skal hjå gjenta og hjå gut,

og glitra bjart som sol i snø på høge Høylandsnut.

Dei harde trettiåra

Så følgjer eit stykke som er kalla "Den konservative målmannen" av ukjend forfattar.

Me veit heller ikkje kven som har skrive neste stykke, som heiter "Dårlege tider", og dårlege tider var det verkeleg i 1931: Dei siste linjene fortel om korleis det var før, og korleis det er blitt no (i 1931):

Krøter og fast eigedom heldt umlag sitt same verd. På den måten kunde sume gjera god forretning. Soleis var det ein mann som hadde kjøpt Kambegarden, men ikkje betalt han. Og då so pengane gjekk ned, løyste han heile kjøpesummen med ei

purka.

Ja, det var i den tid. Då gjorde dei pengane ringare enn dei var; no gjer dei dei betre enn dei er.

Nei, verdi er reint umsnudd vorti.

Deretter følgjer eit dikt om "Krit-Hans", som fortel kor ille det kan gå når ein må

kjøpa alt på borg, og dessutan får gode naboar til å kausjonera for seg. Det var nok eit problem som fleire kom bort i på denne tida.

Så kjem "Kona og eg", eit humoristisk stykke om dei problema ein mann har med kona.

Siste nr. av "Solrenning" kom "sundag den 3. mars 1935".

Aksel Mæland var bladstyrar.

Innhald:

"Tida" eit dikt av T.T. (Torvald Tu ?)

"Til ungdomen" av biskop Peter Hognestad

"Tyskaren" av Torvald Tu

Som ein ser, var nok mesteparten av det dei skreiv i bladet artiklar og dikt dei fann i andre blad, og det var godt stoff den gongen for det var ikkje så mykje nynorsk lesnad å finna i heimane. Men det hende òg at bladstyret kom med noko "heimelaga", og det var gjerne det møtelyden sette mest pris på.