Biskop Berggrav fekk sagt det

Tidlegare biskop Berggrav har betre enn dei fleste skjøna kva målreisinga dreiar seg om, og den folkelege frigjeringa som følgjer denne rørsla. I boka "Humor og alvor", som han gav ut etter at han gjekk av som biskop i Oslo, finn me desse orda:

"En kan mene om målbevegelsen hva en vil, sett fra språkpolitisk synspunkt, men hvis en ser denne fra sjelelig synspunkt, så kan det ikke være tvil om at den er den mektigste innsats til berging av vår bondekultur. Nettopp fordi det gjelder språket,

har det så mye å si for alt det andre også. Anders Reitan hadde rett da han uttalte

den psykologiske lov: "Tynest tunga, døyr me fleir". Det betyr også omvendt en forgjettelse: Bergast tunga, bergast meir!

Den som skjems for sin egen tale, han skjems for alt annet ved seg også. Men den som har selvrespekt i språket, han blir ikke så lett apekatt i det andre heller. Derfor er - når en ser det kulturpsykisk - målreisingen noe av det merkeligste og mest forgjettelsesfulle i norsk historie i disse ættledd. Den setter inn på det aller viktigste punkt, ved hjertepunktet. Og den reiser det som er all kulturs sjel: selvrespekten".

Landsmålet er visst eit løye språk

I ein samtale mellom nokre riksmålsfolk for ein god del år sidan, var det ein som sa: "Ja, det er visst eit løye mål detta landsmålet, for dei kan visst ikkje setja det om korkje te' engelsk elle' te' tysk".

Dette var jo berre dumt snakk, trudde eg då eg høyrde det, men då eg fortalde denne historia mange år seinare til nokre personar som diskuterte målspørsmålet, var det ein som sette i ein gapskratt: Det var godt sagt, tykte han, nett så håplaus var denne nynorsken! -

Målmannen vart sjølvsagt målbunden over ein slik reaksjon.

Det har slått meg mange gonger at dei saklege og gode argumenta mot nynorsk ser ut til å vera mangelvare. Motstandarane til nynorsk har vel funne ut at ein når lettare fram med spit og med å spela på folk si vankunne.

IV

Om å liggja og lyga

Dialekten vår held på å bli øydelagd på mange måtar. T. d. er det somme som seier at eg har "låje te' sengs" i staden for "leie (el. leje) te' sengs". (Skriftordet er "lege").

Ein stad i Etne var det ein liten gut på 4-5 år som leika mykje med nabojenta på same alder. Begge familiane var svært religøse, og hadde forklart at Gud venta av dei at dei var snille og gode. Dei ville få si løn for det.

Ein gong vart jenta sjuk, og guten vart åleine. Men så ein morgon stod ho plutseleg på

kjøkengolvet borte hjå guten. "Veit du, - eg har låje ei heile veka, eg", sa ho. Guten stirte

vantru på ho, og sa alvorsamt: "Då kjem ikkje du te' Gud".

Me seier vi, me!

Det er gjort undersøkingar om kva mål folk rundt i heile landet snakkar. 51% vedkjenner

at dei snakkar dialektar; 49% reknar med at dei snakkar eit mål som må kallast bokmål.

Men dersom ein gjer lydopptak av talemålet, får ein eit heilt anna resultat. Då kan ein sjå på bøyingsformer, endingar og ordval og nærast matematisk påvisa at om lag to tredjedelar av det norske folket snakkar dialektar som ligg nærare nynorsk enn bokmål. Mange vil ikkje forsona seg med denne situasjonen. Det finst dei som mest ordrett kan seia: "Eg snakka' ikkje nynorsk"! og dei trur det visst sjølv.

På Karmøy var det ein skuleklasse som skulle ha time i sidemål, som for denne klassen var nynorsk. Gamal vane er vond å venda, og dei var ikkje særleg mottakelege for denne

undervisninga. Læraren var fortvila og ropte ut: "Jamen de snakka' jo nynorsk"! -

"Nei"! ropte heile klassen. - "Jo, de seie' for eksempel me"! - "Nei, me seie' vi, me"!

Men då lo dei av seg sjølve etterpå.

Somme har det slik

Når dei møter eit nynorskord dei ikkje kjenner eller skjønar, tykkjer dei at nynorsken er dum, men når dei kjem over eit bokmålsord dei ikkje forstår, trur dei at dei sjølve er dumme.

Når nynorsk er det same som fanatisme

Svein M. Kile (døydde no i februar) kom frå Volda, og snakka klingande nynorsk slik berre sunnmøringar kan gjera. Han var professor i organisasjonspsykologi, og for nokre år sidan gav han ut ei bok om dette emnet. I det høvet vart han intervjua i NRK.

Intervjuaren merkte seg den klangfulle nynorsken hans, og det "datt" ut or han: "Du snakker jo nynorsk, men du var ikke så fanatisk at du gav ut boken din på nynorsk?" -

Intervjuaren var nok ingen "målhatar", og spørsmålet hans fall heilt naturleg slik det sikkert var i det miljøet han kom frå.

Så veit me altså det: Snakkar du ein nynorsk dialekt, så bør du likevel skriva bokmål, elles er du ein fanatikar!

Somme har ein enkel definisjon på fanatisme: Når du er i mindretal, og vert gjort merksam på at du er i mindretal, og framleis vil vera i mindretalet, - ja, då er du ein fanatikar.

Ei som var med

Jorunn Aalvik (f. 1897) er den einaste attlevande av dei som var med og skipa det første mållaget i Etne, dvs. mållaget "Vaar" på Sørstranda. Då var ho berre 22 år gamal, og vart vald til "varamann" til styret. No har ho nettopp fylt 99 år, og held til på Etne Sjukeheim.

Ho fortel at ho minnest mållaget sjølv om det ikkje var aktivt i så lang tid. Magne Haukøy var lærar på Sørstranda berre eitt år, og det var tanken at Sigvald (bror til Jorunn) skulle ta over formannsjobben i laget då Haukøy reiste.

Jorunn er fødd i Ålvik i Hardanger, og hadde nynorsk (landsmål) i skulen. Det var uventa for familien då dei kom til Etne i 1916 at Etne var ei riksmålsbygd. Dei flytte frå Ålvik pga av fabrikkrøyken som dei meinte var helsefarleg.

Aalvikfamilien har vore aktiv i målarbeid gjennom fire generasjonar: Sjur (1864 - 1959)

med borna Sigvald og Jorunn og svigerdotter Anna; og vidare Åslaug, dotter til Anna og

Sigvald, og i styret no: Steinar, som er barnebarnet til Sigvald og Anna.