Nils Juel frå Halsnøy studerte i Oslo i 1860-åra. På den tida skulle det haldast ein studentkonferanse i Paris, og studentar frå dei fleste land i Europa møttest der. Juel var norsk utsending til denne konferansen. Kva dei diskuterte, er ukjent, men siste kvelden hadde dei fest. Kanskje dei vart litt øre i toppen, - i alle fall fann dei ut at dei skulle skriva ”I love you” på kvar sitt morsmål på eit bord der, - for å markera hyggelege dagar.

Nils Juel hadde kjennskap til Ivar Aasen sitt arbeid for å reisa eit norsk mål ved sida av det danske som var skriftmålet vårt den gongen, men han hadde ikkje skjøna at det hadde noko for seg.

Her skreiv alle på sitt mål. Svensken skreiv ”Jag älskar dig” og dansken ”Jeg ælsker dig”, og turen kom til nordmannen. No vart Nils Juel litt usikker. Måtte han skriva det same som dansken ? – Var vi eit folk utan eige språk ? –
Brått bestemte han seg og skreiv ”slik me sa det på Hålsnøyno”: EG ELSKAR DEG.
(Han forstod nok at r-en i presens måtte vera med sjølv om dei ikkje sa han på Halsnøy slik dei gjer i Røldal og Suldal.)
Frå den dag vart eg målmann, sa Nils Juel, som skjøna at språket er vårt fremste nasjonalitetsmerke.

Mange har ikkje forstått at når vi snakkar eller skriv, gjer vi oss ikkje berre forståelege; vi fortel òg kven vi er !


I Etne vart det om lag hundre år seinare arrangert eit seminar som heitte ”Bygda vår i morgondagens samfunn”. Ei av gruppene hadde skrive noko om verdien av å halda på eit særmerke som dialekten vår, og det skriftspråket som byggjer på dialekten, - altså nynorsk.
Professor Ottar Brox – ein av innleiarane på seminaret - tykte det var positivt at dette kom med i ei vurdering av kulturlivet. Skal vi ha noko å tilføra, må vi byggja på vårt eige, hevda han. Den som aper etter andre, har ikkje mykje å tilby i denne samanheng.
Men ein av dei sentrale politikarane i Etne den gongen tok ordet og sa at han skjøna ikkje noko av ei slik vurdering. Han forstod begge mål, sa han, - ingen problem. Han trudde visst at det var ein intelligensprøve.
At språket er ein sentral del av vår identitet, hadde visst ikkje gått opp for han. Eller kanskje det var ein identitet som han ville koma bort frå ? -