Til 60-års-festen i ungdomslaget, 25. februar 1978, skreiv Olav Vik ein prolog.

Her følgjer den første og siste delen av denne prologen med ei helsing til alle

dei som gjennom åra har lagt ned eit stort arbeid i ungdomslaget:

Du "Fram", du har nått dei seksti,

og difor du bed oss til fest.

Du blir aldri gråhærd og tunghøyrd.

Du er alltid ein tenåring mest -

Du samla vår ungdom kring tankar

i kjærleik til folk og land,

til glede over livet.

Du løyste på trongsnørte band.

Til overskygde blomar

sleppte du dagsljoset inn.

Du frigjorde innstengde voner

som levde i ungdomssinn

Du vil at livet skal levast.

Ja, alt har si stund og si tid -

Du gled deg som fuglen om våren

som jublar i lund og lid.

Vi minnest med takk dei mange

som støtta vårt ungdomslag.

Dei har utført eit kjempearbeid,

gjort dådsverk frå dag til dag.

* * * *

Å vere frilynd er ikkje

å gjere støtt som du vil,

men å høyre kva andre seier -

lyde audmjuk og still.

Å vere frilynd er ikkje

å stette all di lyst,

men å gjere til røyndom i livet

det beste du ber i ditt bryst.