I den eldste nynorsken vart pengane våre nemnde som krunor og øyre.
Det kunne det bli moro av. Jørgen Skjæveland frå Bjerkreim tok til på skulen i 1914. Han fortel at dei fekk ei reknebok på gamalt landsmål.
”Det første reknestykket lydde om lag slik: Ein gut hadde 28 øyre, so fekk han 14 øyre av mor si: Kor mange øyre hadde han no?
Enn som me lo. Detta va’ ei gruele’ løyo reknebok”.
Kongen brukar kvart å ta ein tur ut i landet. Ein gong i 1930-åra gjesta han mellom anna Voss. Det var Haakon den sjuande som var konge då, og ordføraren skulle ønskja han velkomen. Han kjende sjølvsagt til at den vanlege frasen i slike høve var å tiltala kongen med ”hans kongelige høyhet”, men vossaordføraren ville ikkje ta slik knoting i sin munn og bestemte seg for å seia ”Hans Majestet Kongen!”. Men så viste det seg likevel at han greidde ikkje å kvitta seg med dette ”høyet”; det stokka seg litt for han, og han sa at han ville ønskje Hans Majestet Høykongen velkomen!
Bokmålsfolk har vore flinke til å leita fram ord i nynorsk som ein kan ha moro med. Det vert sagt at i diktet ”Vardevakt” skreiv Per Sivle følgjande:
Det høyrdest ved natt eit dunder på dyrr.
Husbonden vaknar, spring fram og spyr.
Dette ”spyr” var presens av verbet ”å spyrja” slik dei skreiv det ”fyrr”.
Det vert òg fortalt at firmaet Drægni i Sogn, som produserte syltetøy slik Lærum gjer i dag, brukte ordet ”spyr” på ein morosam måte.
Reklamen for syltetøyet var slik:
Alle spyr etter mine plommor. Men det var sjølvsagt ikkje sant at han brukte slike uttrykk i reklamen. Somme trur visst at det er berre på nynorsk ein finn slike latterlege måtar å uttrykkja seg på. Men dei finst på alle mål, og av og til finn ein mistydingar mellom to ulike mål:
Då mange norske reiste til Amerika på 1800-talet, hadde me ikkje bilar. Å køyra bil, var eit ukjent uttrykk. Amerikanarane sa at dei skulle driva (to drive a car), og dei norske som kom heim til Noreg, snakka òg om å driva når dei skulle ein stad.
Ein nordmann som budde i Oslo venta slektningar frå Amerika. Han skreiv til dei – på det målet dei snakka – og uttrykte seg slik:
”De kan koma her til Fornebu, så skal eg driva dykk over fjellet til Vestlandet.”
Men ordet bil hadde dei heller ikkje i Amerika. Norskamerikanarane som gjesta oss snakka ofte om ”kar” (car).
To amerikanske damer i 50-års alderen – den eine enkje, den andre ugift – vitja slekt i Noreg i 1950-åra. Då var det ikkje mange bilar her, men det var eit heilt vanleg køyretøy i Amerika. Dei likte seg svært godt i Noreg, sa dei, men dei skulle gjerne ha hatt ein kar! Ikkje rart at slektningane i Noreg tykte dei var svært frittalande.
Trongt på Gindheimsstølen
Under sauesamlinga om haustane før i tida, kunne det bli mange karar på stølane når det leid til kvelds. Det var ikkje slik då at dei berre kunne setja seg i bilane og køyra heim, og køyra opp igjen til leiting neste dag.
Ein slik kveld vart det nokså mange på Grindheimsstølen. Då dei skulle leggja seg, vart det visst både to og tre i kvar seng. Dei låg andføttes så det gjekk på eit vis, men det vart mange muntre kommentarar til denne situasjonen. Omsider roa dei seg og var på veg til å sovna.
Men brått var det ein som sa: ”Nei, nå må eg piskede stå opp og kvila!”
Samansett ord
Ein sunnhordlending – kanskje ein etnesbu – reiste til Bergen med rutebåten "Sunnhordland" ein gong i 1950-åra. Han var svært redd for trafikken i byen, og passa seg vel for den. Men etter at han hadde vore innom polet, var det trafikken som passa seg for han, vart det sagt.
Han skulle overnatta i byen og tok inn på eit hotell. Då han skulle skriva seg inn, la han merke til at i rubrikken bak namnet til den siste som hadde skrive seg inn, stod det: "Harpistinne". Han "hakka" seg gjennom det lange ordet, og forstod det, og tykte det var merkeleg at hotellet ville ha slike opplysningar. Bak sitt eige namn skreiv han då: "Har pist ute".
Ta kontakt med oss dersom du kjenner til ei historie som kan kallast LØYE MED ORD. Me legg ho kanskje inn på heimesida vår her.