BIND DEG EIN BLOMEKRANS,
KOM SÅ TIL LEIK OG DANS
Ein norsk kultur
Folkedansen var også ein norsk kultur som sjølvsagt måtte få sin plass i dei frilynde ungdomslaga. Springar, gangar, halling og rull var framleis i bruk i mange bygder då Noregs
Ungdomslag tok til å arbeida for å fremja dei norske dansane. I Etne veit me at haugianaren,
Osmund Vinja (1793 - 1866), var ein sprek dansar. Det vert fortalt at han gjorde rundkast på kyrkjebakken på Grindheim så dei såg skorne hans over hovudet på dei som stod ikring.
Då han vart "omvend", ville han ikkje meir vita av det lette livet. Men folk mintest kor lettliva han hadde vore i ungdomen, og kunne ikkje halda seg for å "stikka" litt borti han: Ein søndag med det same han kom inn gjennom kyrkjegrinda på Grindheim, strauk spelemannen opp ein kåt springar. "Kjenner du den Usmon' ?" spurde han. "Ja, eg ha' kjent han", svara
Osmund stilt.
Det vart altså dansa springar i Etne så seint som i 1820-åra, men det er grunn til å tru at den sterke haugianarrørsla i bygdene våre utover 1800-talet greidde å knekkja danse-
tradisjonane våre. Slik gjekk det ikkje i Hardanger t.d. Ivar Aasen var der våren 1844, og i boka "Reise-erindringer" fortel han følgjande derifrå: "En livlig Munterhed er almindelig herskende; Selskab, Dans og Lystighed finder ofte Sted hos disse venlige og hyggelige Folk, der endnu ikke synes at være smittede af det mørke Haugianervæsen, som i saa mange andre
Egner har fordærvet al Leg og Morskab".
Folkeviseleiken/songdansen vert "henta heim"
Det var dei to kvinnene, Hulda Garborg (1862 - 1934) og Klara Semb (1884 - 1970), som
gjekk i brodden for å atterreisa folkedansen vår. Folkevisedansen var utdøydd i Noreg, men Hulda Garborg ville nya oppatt denne fine songleiken. Då ho reiste til Færøyane i 1902, og fekk sjå færøydansen, vart ho endå meir oppglødd. Denne dansen ville ho ta "heimatt til Noreg". Ho gav ut "Norske dansevisur" med rettleiing om dansen. Klara Semb førde arbeidet
hennar vidare. Ho reiste rundt i ungdomslaga over heile landet og heldt dansekurs, - leikskeid, vart det kalla. Det vert sagt at ho har hatt 40.000 elevar på desse kursa.
Klara Semb laga dans til ei mengd viser og songar. Ho gav ut "Norske folkedansar ":
"I Danseviser" og "II Rettleiing om dansen". Desse bøkene vart etter kvart spreidde ut til alle
ungdomslag.
Men det var nok ikkje lett å læra seg folkevisesteg, attersteg og kvilesteg, og ulike brigde i leiken berre ved å lesa seg til det i ei rettleiingsbok. Det fekk dei røyna dei ungdomslagsfolka som ikkje hadde vore på "leikskeid". Nils Gravelsæter fortalde at då medlemene i u.l. "Fram"
og u.l. "Daggry" (på Børkjenes) møttest ein gong i 20-åra for å dansa saman, vart dei straks
usamde om stega, og heile kvelden gjekk visst bort i diskusjon om dette.
Bygdekulturen møter motstand
Etter kvart vart det tilsett leikleiarar i fylkeslaga, og desse reiste rundt i lokallaga med sine
leikskeid, der ungdomen lærte å leika og dansa. Når dansane skulle visast fram på festar og
liknande, var det naturleg at leikarane hadde bunad. Men korkje leiken eller bunaden vart godt motteken i byane. Det vert fortalt at når leikarringen til BUL i Oslo skulle ha leikframsyning for utanlandske turistar i 1920-åra, måtte dei gå bakgatene i byen og hengja kapper over
bunaden, for elles kunne dei risikera å få ein gjeng etter seg som ropte "bonde og naut, kom
deg heim og et graut!" Og då ei av dei konservative avisene sende ein journalist til ein leikkveld i BUL, kunne han etterpå berre melda om sveittelukt og fjøslukt. I byane - og ofte på landet òg - var det den gongen stor motstand mot alt av norsk kultur: bunad, folkemusikk (særleg Hardingfela), folkeviseleik, folkedans og nynorsk.
Sigbjørn Bernhoft Osa fortel om dette i boka si "Spelemannsliv": "Hugsar godt at dansarane og vi spelemenn tok vanlege kleplagg utanpå bunaden når vi skulle ut på framsyning. Elles så var det å lura seg bakgatene for ikkje å verta erta og sjikanerte av det eg vil kalla kvitsnipprampen". Men Sigbjørn tok oppgjer med dei. På ei stemne i Sigdal i 50-åra var
sjefsredaktøren i Aftenposten, Smitt Ingebretsen hovudtalar. Det var lagt opp til eit stort program på bygdetunet, og det vart vel gjennomført, fortel Sigbjørn Bernhoft Osa i boka si:
"Etterpå tala eg med Smitt Ingebretsen som ikkje kunne rosa programmet nok. Ja, her ser
De kva ein del av bygdekulturen er, sa eg. Storartet, storartet, sa Ingebretsen. Ja, er det ikkje
fælt, heldt eg fram, med nokre krokodilletårer attåt. Det De har sett her og mitt arbeid som spelemann får stendig angrep frå fleire aviser. Serleg Aftenposten har vore hard mot meg. Han vart tankefull då, Ingebretsen, såg på meg og sa: det skal det bli slutt med, det".
Folkeviseleiken og folkedansen i u.l. "Fram"
Ungdomslaget "Fram" hadde problem med å få bruka skulehuset på Enge til folkeviseleik dei
første åra, men etter at dei hadde fått tak i bunader og hadde ei leikframsyning på ein basar,
fekk folk augo opp for den vakre songdansen. Det ser ut til at leik har vore eit fast innslag på
lagsmøta i 20-åra. Ein av grunnane var kanskje at det var forbode å dansa "lausdans".
Men etter krigen var ikkje interessa så stor. Me fekk ei tid der argumentet var: "No må me
nordmenn prøva å bli lik dei andre, og slutta med alt dette som skil oss ut - folkedans og
hardingfele osb." Men mange av dei mest aktive i Noregs Ungdomslag arbeidde sterkt for å
fremja folkeviseleiken, folkemusikken og folkedansen. Arbeidet for bunaden gjekk lettare, for alle såg kor vakre desse draktene var. Etnesbunaden kom meir i bruk utover i 50-åra, og
i 60-åra hadde også fleire gutar fått seg bunader. Ungdomslaget hadde ein aktiv periode, årlege leikkurs og til dels faste leikkveldar. Leikframsyning - heile ringen i bunad - var eit vakkert innslag på mange festar, og på folkefesten 17. mai. I mange år hadde leikarane i Etne samarbeid med leikarringen til Haugesund Mållag, seinare hadde dei leikarring saman med ungdomslaget i Ølen.
Ragni Sunniva Moe la ned eit stort arbeid for leiken og leikarringen i dei åra laget hadde faste leikkveldar.
For å vera ein god leikar, må du vera ein god songar, og du må òg vera litt av ein skodespelar,
for du skal føra fram det dramaet som ofte ligg i ei folkevise. Songen og samspelet i ringen er
den største opplevinga for dei som er med. Dessverre får ikkje publikum - som berre ser ryggsida av leikarane - vera med på dette.
Turdansane - til musikk - var også svært populære. Dei mest vanlege var nok reinlendar med
turar, pariserpolka, springpols, firetur, åttetur og seksmannsril. Her fekk ein høve til å visa både spenst og kondisjon. Leiken og samdansen skapte eit lett og triveleg miljø, og me skal ikkje sjå bort ifrå at mange unge "fann kvarandre" nettopp her.
Det er nok mange ungdomslagsfolk som minnest med vemod då møtet eller leikkvelden slutta av med "broderring" og songen "Lev vel, så vil eg seia, og så lettar eg på min hatt".