Ein tanke i Skånevik mållag
Det var Skånevik mållag som først tok opp tanken om å skipa eit bygdeblad for bygdene i indre Sunnhordland. I første omgang tenkte ein berre på eit blad som dekka Etne kommune, og i møteboka til Skånevik mållag frå 3. september 1970 står det:
Me diskuterte ei lokalavis - "Varleite" - der 2 mann frå Etne, 2 frå Skånevik og 1 frå fjorden skulle vera med frå starten. Ein må ha eit møte med "Grendamannen".
(Det var bladstyrar Aurvoll i bladet Grenda i Rosendal som gjekk under namnet "Grenda-mannen").
Formannen i Skånevik mållag, Hans Olav Tungesvik, tok kontakt med Etne mållag v/Ingolv Vevatne og avtalte neste møte med representantar også frå Etne.
Det første møtet
Fredag 9. oktober 1970 hadde ein det første førebuande møtet i heimen til Hans Olav Tungesvik i Skånevik. Desse møtte: Leif Eikemo, Olav Eikemo, Hans Olav Tungesvik,
Ottar Klokkerstuen, Einride Aakra og Ingolv Vevatne. Dessutan var "Grenda-mannen" med og gav gode råd til nybegynnarar.
På møtet kom ein fram til at Etne kommune åleine var for lite område dersom bygdebladet skulle greia seg økonomisk. Ein måtte i alle fall få Ølen kommune med.
Somme meinte at også Vindafjord burde vera med, men andre var redde for at bladet då ville bli for lite lokalprega, og at ein kunne tapa meir enn vinna på det.
Førebuingsnemnda vart no utvida, og desse ølensbuane kom med: Endre Heggen, Trygve Vik og Per Vik (Vikebygd). Seinare kom også Georg Nervik med i nemnda.
Namnetevling
Nemnda hadde mange møte i tida fram til konstituerande generalforsamling (11/4-73).
Det var mange ting som skulle greiast ut og leggjast til rettes, og bladet skulle helst ha eit godt og dekkande namn.
I ei namnetevling som vart utlyst, kom det ein lapp frå Erik A. Grønstad. Der stod det kort og godt: Bladet skal heita "Grannar". Og slik vart det, for alle i nemnda likte framlegget svært godt.
Eit mottrekk
Per Vik frå Vikebygd ville svært gjerne ha Vindafjord med i bladtiltaket, og han hadde fått tak i eit par personar frå Vindafjord som gjerne ville forhandla med oss. Det viste seg at dei (saman med Per Vik) først og fremst hadde to klare krav til oss: Det skulle ikkje gjerast noko vedtak om at bladet skulle vera på nynorsk, og bladet skulle ikkje
ha kontor i - bli redigert frå - Etne.
I grunnen var det eitt og same kravet, for dei skjøna at den mål- og ungdomslagsgruppa som var i Etne på den tida, ville gjera seg sterkt gjeldande i oppbygginga av Grannar. Kravet deira vart avvist.
Dei første redaktørane
Ved juletider 1972 vart det klart at Arnhild Aaen Tjelmeland og Ragni Sunniva Moe kunne ta på seg redaktørarbeidet. Dei første prøvenr. av bladet kom i mars 1973 medan aksjeteikninga gjekk føre seg.
Konstituerande generalforsamling
Skipingsmøtet vart halde på Enge skule, onsdag 11. april 1973. Det var no teikna aksjar for i alt 65 700 kr, fordelt på 182 teiknarar. Tretti-åtte av dei frammøtte aksjeteiknarane røysta for å skipa A/L Grannar. Ingen røysta imot.
Vedtektene
Eit framlegg til vedtekter vart drøfta, og etter ein del små endringar, vart dei samrøystes godkjende. I føremålsparagrafen heiter det m.a.:
A/L Grannar har til føremål å gje ut eit bygdeblad for bygdene i Ølen og Etne kommunar. Bladet skal vera eit partipolitisk ubunde kontaktorgan mellom bygdene,
og skal elles ta opp aktuelle emne i tida, både frå Sunnhordland, Nord-Rogaland og landet elles.
Bladet skal redigerast på nynorsk, og det skal arbeida for å fremja ein god og heimleg vokster i bygdene.
Det første styret
Skipingsmøtet valde dette styret for A/L Grannar: Hans Olav Tungesvik, Skånevik
(formann), Endre Heggen, Ølen (nestf.), Ingolv Vevatne, Etne (skrivar), Trygve Vik,
Ølen, Olav Fjæra, Fjæra, Gunnhild B. Oma, Bjoa og Georg Alne, Vikebygd.
Mykje dugnadsarbeid
Etter 3 prøvenr. våren -73, kom Grannar i fast rute - eitt nr. for veka - frå 6. september 1973. Aksidenstrykkeriet på Husnes trykte bladet første tida. Seinare gjekk ein over til
Haugesund Bok- og Offset, og dei trykte bladet fram til sommaren 1975. Sidan den tid har bladet vore trykt i Hardanger Folkeblad i Odda.
Økonomien i bladet var ikkje god, og lønene til redaktørane var tilsvarande. Skulle ein greia arbeidet, måtte ein satsa på dugnad. Det hadde svært mykje å seia for bladet dei første vanskelege åra at det var ein gjeng (redaktørane medrekna) som hadde humør og pågangsmot til å gjera ein heil del ekstraarbeid for bladet. Særleg første halvåret -
før trykkeriet sette namn på abonnentane på kvart blad - vart det mykje arbeid når ein skulle skriva namn på opptil 1000 blad kvar onsdagskveld. Det måtte gjerast dersom bladet skulle koma ut i rett tid - torsdagen. Det er grunn til å tru at det var berre Etne - med sitt mål- og ungdomslagsmiljø (u.l. "Fram") - som var stort nok, og som samstundes hadde glød nok til å greia den jobben. Det fortel litt om tonen i bladarbeidet den gongen når det i årsmeldinga for 1973 står at desse dugnadskveldane "var trivelege òg".
Stor framgang
I 1974 hadde Grannar 1610 tingarar; i dag har opplaget auka til nærare 4000 (3918 etter årsmeldinga i april 1996). Frå våren 1989 kom Vindafjord òg med i "Grannarveldet". Bladet kjem ut to gonger i veka og sidetalet er auka monaleg. Ti-tolv personar arbeider no i bladet og dekkjer ca. 9 heilstillingar.
Grannar har sett nynorsken inn i kvardagen
Grannar har hatt utruleg mykje å seia for bygdene våre. Me får meir kjennskap til det som rører seg i vårt nærmiljø; det styrkjer samhald, kulturliv og identitet. Og det styrkjer næringslivet. Ikkje minst har det hatt mykje å seia at forretningar og organisasjonar har eit annonseorgan som når fram i nærmiljøet.
Grannar har hatt umåteleg mykje å seia for å gje nynorsken sin naturlege plass i bygdene våre. Det er mest blitt slik at det er unaturleg å skriva bokmål i bladet.
Bortsett frå å få inn nynorsk i skular, kyrkjer og styringsverk, er oppbygginga av Grannar det viktigaste tiltaket mållaga har sett i gang.