Då ungdomslaget vart skipa i 1918, var film og kinodrift nokså nytt og ukjent i Bygde-Noreg.

Mange hadde ikkje sett "levande bilete". Men alt i første delen av 20-åra vart det vist film på Banksalen i Gamlebanken. Lyskjelda var ein spesiell parafinlampe, og maskinisten sveivde fimen fram. Det var sjølvsagt stumfilm. Nokre av dei som såg, klaga på at lyset var så skarpt at det var vondt i augo. Mellom dei filmane som vart viste på denne måten, var "Det tredje signal" og "Et farlig frieri".

Det går fram av møtebøkene at den første filmen som vart vist på "Ljoshall", var "Hardangerbruden", hausten 1927 (truleg 27. november). Det var berre stumfilmar som gjekk dei første åra.

Seinare - i 30-åra - var det oftare filmframsyning på "Ljoshall". Søndagskveldane vart etter kvart fast kinokveld. Det var Johan Johnsen frå Skånevik som stod for dette.

Det var han som viste film i krigsåra òg. Publikum var ei blanding av tyske soldatar

og bygdefolk. Ein stor del av repertoaret var tyske musikkfilmar og lette underhaldningsfilmar, særleg svenske. Før sjølve filmen, vart det som regel vist ein førefilm med tysk propaganda. I denne tida - truleg 1942 eller 1943 - vart det for første gong viste ein fargefilm i Etne. Det var den tyske filmen "Die goldene Stadt" (Den gyldne byen).

Ungdomslaget startar eigen kino
Etter krigen heldt Johnsen fram med å visa film, og søndagane var - som før - fast kinokveld på "Ljoshall". Men då Ottar Klokkerstuen vart vald til formann i ungdomslaget våren 1950, tok han opp tanken om at laget skulle starta sin eigen kino. Etter årsmøtevedtak i 1952, kunne "Ljoshall Kino" ha opningsframsyning søndag 16. august 1953. I referatet heiter det at salen

var "fullstappa då formannen ynskte innbedne og medlemer velkomne". Olav Vik las prolog

før formannen - Ottar Klokkerstuen - heldt ein tale om kva verdi filmen har.

Filmen som vart vist, var "Forbudt å stjele", - ein italiensk film om ein prest som hjelper

gategutar i Napoli til eit betre liv.

Etter filmen takka ordførar Sjur Moe frå dei innbedne, og ynskte ungdomslaget til lukke med kinoen.

Oppstartinga kosta mange pengar, i alle høve i 1953-kroner. Laget tok opp eit lån på kr

28.000, og av dette gjekk kr 15.220,53 til kjøp av ny Philips kinomaskin. Resten av lånet vart nytta til vøling og ombygging av "Ljoshall" for å gjera huset meir høveleg for kinodrift. Kinomaskinen synte seg å vera ei god investering, for maskinen fungerte utan avbrot til han vart avløyst av nye maskinar då drifta vart flytta over til Samfunnshuset. Maskinen vart i 1981 selt for kr 12.000, og skulle nyttast som ambulerande kinomaskin på ymse institusjonar.

Driftsresultatet var framifrå dei første åra, og alt i 1959 var lånet nedbetalt av kinodrifta. Det var på høg tid synte det seg, for frå 1957 tok billettinntektene til å gå ned for første gong i norsk kinohistorie. Kinoen vår registrerte dette frå 1961, og fjernsynsfeberen slo til for fullt her i Etne frå 1965 og utover. Fjernsynet fekk skulda for den alvorlege kinokrisa som på 10 år (1957 - 1967) førde til at kinoane miste vel 1/3 av publikumet sitt.

Ljoshall Kino kom aldri over denne krisa, for då tilhøva igjen byrja å stabilisera seg litt, fylte ikkje salen lenger dei krava til komfort som publikum i mellomtida hadde fått smaken på i

godstolen heime framfor TV. Dette gjaldt særleg den vaksne delen av publikumet. For dei som skulle halda kinodrifta oppe, skapte dette vakestunder og motløyse meir enn ein gong.

Frå 1978 kunne ein på ny registrera ein oppgang i publikumsframmøte over heile landet. Samstundes var det nye samfunnshuset med kinosal under oppføring. Ungdomslaget fekk førespurnad om å flytta kinodrifta over til Samfunnshuset. Laget gjorde vedtak om å svara ja

til dette, og sa seg samstundes viljug til å vera med og innreia kinosalen, som var 2.

byggjesteget av Samfunnshuset.

Kinoen flytter til Samfunnshuset

Ein dag fekk Endre Tjelmeland høyra i distriktsprogrammet frå Rogaland at stolane i Folketeateret i Stavanger skulle skiftast ut. Spørsmålet hans vart: " Kan desse stolane pussast opp og brukast i Etne"? -

Det viste seg at stolane fekk me gratis, og ein gjeng reiste til Stavanger og skrudde dei ned ei natt og fekk dei heim til Etne neste dag.

Utover vinteren vart stolane beiste og trekte på nytt. Arbeidet tok til som kurs i møbeltrekking,

og seinare var medlemene samla til dugnad. Olaus Drengstig frå Ølen var fagmann og leiar.

Første veka i mai 1980 vart 314 stolar skrudde fast i amfisalen i Samfunnshuset. Opp-pussinga

kosta 25.000 kr. I tillegg kjøpte laget nye kinomaskinar og nytt filmlerret, slik at heile investeringa kom på kr 232.802,55. Søndag 11. mai 1980 var det klart for første filmframsyning i Samfunnshuset, og kinoen endra då namn frå Ljoshall Kino til Etne Kino.

Som nemnt, kunne ein registrera ein tendens til oppgang i publikumsframmøte frå 1978. I 1979 var gjennomsnittet pr. framsyning på "Ljoshall" 75 stk. Med nye lokale hadde Etne igjen fått den finaste kinoen mellom Odda og Haugesund. Dette førde til ein stor publikumsauke alt frå starten, og gjennomsnittet pr. framsyning kom opp i 150. Det første heile driftsåret i Samfunnshuset (1981) vart det selt 21.565 billettar. Dette var ei tredobling frå 1978, då det vart selt 7.400 billettar.

Flyttinga av kinoen til Samfunnshuset førde til strid mellom ungdomslagsfolka og andre som ville at Samfunnshuset skulle driva kinoen (på dugnad mellom samfunnshustilhengjarane!) Sidan dette ikkje førde fram, kom dei med krav om at kinoen skulle betala ei fast husleige på 2.800 kr pr. kinokveld. Då truga kinostyret i ungdomslaget med å demontera dei nye maskinane dersom dei ikkje fekk ein avtale om at leiga skulle vera avhengig av nettoinntekta. Det førde til ein avtale om at Samfunnshuset skulle få heile nettoinntekta av kinodrifta dei tre første åra.

Deretter vart leiga sett til 70% av nettoinntekta, og frå 1990 er dette talet auka til 80%.

Dette gav ei husleige opp mot 80.000 kr pr. år dei tre første åra.

Om lag halvparten av kinoane i landet er kommunale, den andre helvta er private kinoar slik som vår. Privat kinodrift må gje overskot eller i det minste halda balanse i drifta. Dette er ikkje så avgjerande for ein kommunal kino.

Dei som driv private kinoar må velja filmar som samlar folk, filmar med humor, fart og spenning. Det er denne typen film vårt publikum, mellom 16 og 25 år, vil sjå. Såkalla "gode

filmar" samlar ikkje nok folk, og gjev for lite pengar til drifta. Dei statlege kulturmeldingane slår likevel fast at lokal film og kinodrift høyrer inn under kommunane sitt kulturpolitiske ansvarsområde. Småkinoane, eller C-kinoane, som dei òg vert kalla, er stort sett kulturpolitiske stebarn sett i høve til den kulturelle oppgåva dei etter beste evne ivartek i lokalsamfunnet. Det er viktig at kulturstyret ser det ansvaret dei har, og held fram med tilskota til kinoen.

Etne Kino er òg ein arbeidsgjevar i kommunen, og har tilsett to maskinistar, to dørvakter og éin billettør.

Berit Rafdal har vore ei drivkraft i arbeidet for Etne Kino

Når ein ser bort frå kinoane i Bergen by, er Etne Kino den tredje største i Hordaland. (Berre

kinoane på Voss og Stord kan visa til større publikumstal.) Den viktigaste grunnen til at Etne Kino har fått ein slik posisjon, er nok at ungdomslaget har hatt ein drivande leiar i kinostyret -og seinare kinosjef - Berit Rafdal. Ho vart vald til leiar i u.l. "Fram" i 1980, og leiaren i hovudlaget er alltid med i kinostyret. Frå 1983 har ho vore leiar i kinostyret, og frå 1993 er ho tilsett som kinosjef. Berit har vore ei eldsjel i arbeidet for å få tak i gode filmar og til å laga blest omkring kinoen. "Film er best på kino", heiter det.

På "Filmtreff", der kinofolk frå heile landet møtest, har Berit Rafdal gjort seg gjeldande, - ikkje minst då Etne Kino vart utnemnd som "landets beste kino" etter "Kinoens dag" i 1990. Same året kåra Filmbyråenes Fellesutvalg Berit til "årets kinosjef".

Ho var også sterkt med, og støtta m.a. kinosjefen på Voss, i kravet om nynorsk tekst på spelfilmar i 1984. Det førde til at den svenske filmen "Ronja Røvardotter" vart den første spelfilmen med nynorsk tekst. Denne filmen, og seinare 2-3 filmar kvart år har etter den tid hatt premiere i Etne. Berit har i det heile med sin innsats for film og kino gjort Etne Kino kjend i heile distriktet, og må nok ta hovudæra for at kinoen vår vert sett på som ein ypparleg representant for kinodrift i Bygde-Noreg.