Haugesunds Avis (frå 11. juni 1956) skreiv følgjande om Hordastemna 9. og 10. juni 1956:

FEST OVER DEN 60. HORDASTEMNA SOM VART HALDEN I ETNE LAURDAG OG SUNDAG.

Rikt og vekslande program på dei ymse samvær - kring 2000 med på stemna sundag ettermiddag.

Den årlege stemna til Hordaland Ungdomslag vart halden i Etne laurdag og sundag. Hordastemna, som ho heiter denne stemna, kunne i år høgtida 60 års jubileum, og gjennom desse åra har stemna vorte ein institusjon, som har samla tusen og atter tusen av frilynd ungdom til gladværug samvær i solskin og regn, medan åndshovdingar har bore fram sine bodskap til tida, og leiken og dansen har gått lett over tilje til leikande tonar frå kåte felebogar over spretne strenger.

Hordastemna var sist halden i Etne i 1923 i surt og ruskut ver, men stemna no med helga var velsigna av det mest strålande sumarveret som kunne tenkjast. Ungdomslaget Fram, med formannen Lars Nygård i brodden, hadde lagt ned eit stort førehandsarbeid. Det var m.a. bygd

ei kjempestor frilufts-scene på Sæbø, som truleg er utan sidestykke i stemnesoga.. Festplassen gav stemnelyden utsyn over bygda, som var kledd i sin beste sumarstas, med flagga blakrande i varm vind - gradestokken synte 26 grader i skuggen sundag.

Frå ende til annan var det ei vellukka stemne, som tilskiparane hadde all mogleg ære av.

Stemna tok til laurdag kveld med stor folkefest, styrt av formannen i Hordaland Ungdomslag,

Petter Morken. Ordførar Sjur Moe helsa stemna velkomen til Etne, og Jakob Birkenes hadde skrive ein framifrå prolog som vart lesen av Martin Gjertsen. Over 1000 menneske var til stades og høyrde forfattaren Ragnvald Vaage halda ein sjeldan god tale om norsk reising. Sidan gjekk det slag i slag med eit godt festprogram. Spellaget åt Bondeungdomslaget "Ervingen" i Bergen hadde ei festleg framsyning av Torvald Tu`s "Kjærlege par". Laget hadde verkeleg greidd å henta fram noko av den sermerkte Tu-atmosfæren og vart vel fagna. Dessutan var det fleire musikknummer av Uskedal Musikklag under leiing av Sigurd Vang. Felespelaren Normann Birkeli frå Sauda hadde nokre godt framførde solonummer, og Etne-gjenta Tordis Enge, som var mellom dei fremste i den store amatørtevlinga i Kringkastinga i fjor, sette farge på programmet med sine mange og vakre songar, til tonefylgje av Harald Mæland. Siste post på programmet var ei framifrå framsyning av turdansar av dansarar frå "Ervingen", og så var det leik og dans til langt på natt for alle som ville svinga seg, til tonane frå Normann Birkeli.

Sundag var det preik i Støle kyrkje ved tidlegare formann i Noregs Ungdomslag, prost Knut Eik-Nes. Det var ei manande preik, som alle i den fullsette kyrkja vil minnast lenge. Etne Songlag, under leiing av Torleif Ulltang, var med under gudstenesta.

Det er vanskeleg å seia kor mykje folk som var møtt fram til ettermiddagsstemna, men det var truleg nære på 2000. Det sat folk tett i tett i bakkeskråningane ovanfor festplassen, og i sjøen nett nedanfor vart badesesongen opna under "frydefulle rop". Frå Bergen kom Losse- og Lastearbeiderforeningen med musikkorps og songkor, til saman fleire hundre menneske, med Bergenskes "Nordlys", så det vart trongt om plassen i Etnesjøen i går ettermiddag. Men alle var i godt humør - det var då også den første verkelege sumardagen i år . . . .

Olav Vik, Etne, opna stemna med ein velskriven prolog.

Prost Knut Eik-Nes, som var komen heilt frå Nord-Trøndelag i høve stemna, heldt festtalen. Han peika på at vi er på god veg mot ei utvikling der historia vert naturhistorie og ikkje åndshistorie. Teknikk og etikk har diverre ikkje gått side om side, og det er fåre for eit folk når ikkje desse held fylgje, ein kan så lett verta trælar under teknikken.

Etikken må innatt i den vest-europeiske kulturen skal vi få ein livs-standard med eit verkeleg innhald, sa talaren. Han helsa og fylkeslaget i høve 60 års jubileet for Hordastemna, og nemnde Hordaland Ungdomslag som ein av dei hyrnesteinane det norske huset skal reisast på.

Skodespelarinna Helga Holdhus gledde møtelyden med fin tolking av dikt av Hovden, Sivle og Straumsheim. Etne Songlag og Uskedal Musikklag hadde gode innslag i programmet. Dei spenstige karane i Stord Turn & Idrettslag vart varmt fagna for si gode turnframsyning. Programmet vart avslutta med ei ny og god framsyning av dansarane frå "Ervingen", og formannen i fylkeslaget, Petter Morken, bar fram takken til alle som hadde vore med og gjort stemna så rik og festleg. - Til Etne kjem vi gjerne att, sa Morken, då han takka ungdomslaget "Fram" og heile Etnebygda for gild mottaking.

Som aller siste post på programmet hadde spellaget åt ungdomslaget "Fram" ei vellukka skodespelframsyning om kvelden, for fleire hundre menneske. På programmet stod "Fløttardag" av Alf Prøyssen og "Riva" av Ove Ansteinsson, og dei dugande medverkande hausta stor fagning. I pausen mellom dei to einaktarane fortalde Ingvald Gravelsæter om ei forunderleg byreis, som kalla fram smilen og låtten hjå tilhøyrarane.