Åmund Skommedal (som skreiv seg Amund Fjøsne) var ei av eldsjelene i ungdomsarbeidet dei første åra. Han var ein stor idealist, som ville at alt skulle vera reint og rett. Då

ungdomshuset stod ferdig i 1926, gledde alle seg over det fine, nye huset. Her skulle den rette frilynde ånd få utfalda seg. Over scenen stod det med blomekledde bokstavar: Kristendom og norskdom. Det var dei to pilarane den frilynde ungdomsrørsla bygde på, og etter Grundtvig

si lære, var det det rette grunnlaget for åndeleg vokster hjå bondeungdomen.

Men ungdomen held ikkje alltid mål: Ein gong - det må vel ha vore i den tida Åmund Skommedal var formann - hadde det vore fest i "Ljoshall", og han var ein av dei som skulle rydda opp etterpå. Dei hadde visst herja fælt og truleg øydelagt noko. Åmund var både fortvila og rasande over at slik ukultur kunne få rå i den frilynde "kyrkja". Han peika opp over scenen, og sette i: "Der står det kristendom og norskdom, men der burde det ha stått her bur styggemannen".

Då "Ljoshall" vart vigsla, hadde Haugesunds Avis frå 7/12 - 26 denne notisen:

Frå Etne

Sundag 5. ds. vigsla ungdomslaget "Fram" den nye ungdomshallen sin. Det er eit drusteleg hus, reist på gamle høvdinggarden Gjerde.

Det kostar umlag 15 000. Det gjev rom til kring 400 menneskje. Det trengst sopass rom. Det er ei stor bygd, og huset står i hjarta av bygdi. Dette laget, "Fram", har arbeidt trufast i mange år og sanka kvart år inn midlar til å reisa huset for. Endå so gild ein møtesal gymnastikk-salen på Enge skule var, so var det tider, den var for trong, serleg under festar.

I dei siste år har Kjerand Silde, Johannes Kambo og J. Tyssedalstveit lagt ned meste arbeidet i laget. Bygdemylna sitt ljosverk ved Håfoss kjem til å utvida soleis at ogso folket nede ved Gjerdsjøen får elektrisk ljos. Det er ogso eit ljospunkt, som me gled oss til.

Meldar
Kommentaren om "gymnastikksalen på Enge" som vart for trong, er sjølvsagt ei mistyding.Truleg har denne meldinga gått til Haugesunds Avis over telefon. Ungdomslaget nytta storesalen i andre høgda på Gamleskule til sine møte. Gymnastikksal har der aldri vore på denne på denne skulen.

Namnet skjemmer ingen
Dei frilynde ungdomslaga var nok dei første som dreiv med skodespel - spelstykke, som dei kalla det - i bygdene våre. Det var ei ny underhaldning som folk sette pris på. Og det gjorde så sterkt inntrykk på folk at aktørane fekk namn etter dei rollene dei spelte. To av dei må nemnast her.

Den eine er Elias Holmaseid, eldsjel i det frilynde arbeidet og første formann i u.l. "Daggry"

då det vart skipa 22. september 1918. Han var med i eit teaterstykke der han spelte sjølvaste

Wergeland. Me anar det nasjonale innhaldet, men kjenner ikkje meir til spelstykket. Teater

skulle òg ha ein oppdragande verknad. Men om spelstykket vart gløymt, så gløymde ikkje folket "Wergeland". Elias Holmaseid vart hengande ved det namnet heile sitt liv.

Det same kan ein seia om Ingebrigt Haugen. Han spelte biskop i eit spelstykke, og det fekk

følgjer: Både han og huset hans fekk namn etter dét: Han vart kalla "Bispen", og huset hans

"Bispahuset".

Slike namn er nok meir "kjælenamn" enn utnamn, og er ikkje vondt meint, og fortel litt om den

nære kontakten og den humoren som me hadde i bygdene våre.