Ivar Aasen (1813 - 1896)

Alt som 22-åring skreiv Ivar Aasen ned planane sine om å reisa eit norsk riksspråk. Han var den første som såg samanhengen mellom gamalnorsk og det folkelege talemålet, og det var ei stor oppdaging å finna at det norske målet hadde overlevd dansketida som eit munnleg språk, i mange variantar, i dialektane våre. På dette grunnlaget sette han seg føre å finna fram til ei norm for eit nasjonalt riksspråk ved sida av det danske som var skriftmålet vårt på den tid.

Han skriv om seg sjølv:

"Et saadant Arbeide", tenkte jeg, "kan kun udføres af En, der er født og opdragen i en Bondes Hytte. Jeg vil forsøge et saadant Arbeide".

Det var ein djerv plan som ein ungdom frå utkant-Noreg la den gongen. Berre eit geni kunne greia det, og han var også det geniet som kunne ta på seg ei slik oppgåve.

Frå idé til livsverk

Skulle han få fullstendig kjennskap til det norske målet, laut han reisa rundt i heile landet og granska grammatikk og få oversyn over ordtilfanget. Den første granskingsferda tok til i 1842, og den siste reisa gjorde han i 1886. Til saman var han innom nær på 250 av dei kommunane me har i dag.

I Skånevik var han i 2 månader sommaren 1844. Den fremste kontakten hans

der var Nils Vad (f. på Vad i Etne 1813 - d. i Fana 1901), som på den tid var lensmann i Skånevik.

I alt noterte Aasen 313 ord under opphaldet i Skånevik. Dessutan skreiv han "Grammatikalske oplysninger". Han fann mange gode, norske ord i sunnhordlandsmålet, men formverket var enklare enn i Hardanger t.d.

Ordsamlinga hans - på om lag 40 000 ord - er å finna i Norsk Ordbog.

Arbeidet til Aasen førte også med seg ei personleg frigjering for vanlege

folk fordi det folkelege talemålet var grunnlaget for det norske målet han reiste.

Tarjei Vesaas seier det slik i eit dikt:

Det går mangt eit menneske

og ser seg fritt ikring

for Ivar Aasens skuld