Før krigen var det ingen som lærte engelsk i folkeskulen. Når dei kom over engelske ord, vart dei uttalte bokstavrett så langt det gjekk an. Ei såpe som heitte sunlight vart ikkje nemnd som sønnlait, men som sunnligt.
Slik var det òg med namnet James. Ingen sa Djeims , sjølvsagt, når guten heitte James. Det gjekk greitt å seia J-A-M-E-S bokstavrett.
Men etter krigen vart det fleire og fleire som lærte engelsk, og når folk som ikkje kjende han fekk greie på at han heitte James, så sa dei Djeims til han. Han var galen på det tullet. Dei måtte då forstå at han heitte JAMES! Kunne dei ikkje lesa ? –
Då James vart gamal, vart han liggjande ei tid på Haugesund sjukehus. Då overlegen kom på runden ein morgon, helste han James med følgjande spørsmål: Koss står det til med deg, Djeims ? – Då vart James mest rasande: EG HEITER IKKJE DJEIMS, MEN JAMES !!
Under krigen 1940 – 1945 var det ikkje berre dårleg med mat, klede og skor var også mangelvare. Det var så og seia ikkje råd å få tak i. Gamle plagg vart leita fram og sydde om. Men då krigen var slutt og postgangen med utlandet kom i gang, fekk me amerikapakkar! Det var store ting. Norskamerikanarane hadde nok tenkt mykje på «heimlandet» under krigen, og no fekk dei høve til å hjelpa oss. Amerikapakkane inneheldt først og fremst klede og skor.
Ein slik pakke kom til ei vestlandsbygd. Det var berre brukte ting, men svært kjærkome likevel. Alt vart fordelt mellom dei som trong det mest, men ein pakke vart liggjande uopna: Det stod GIFT på han. Dei spekulerte lenge på kva vennene i Amerika meinte med å senda gift.- Då var det ein som hadde ei engelsk-norsk ordbok og fann svaret på gåta. Det er ikkje greitt når orda forvirrar.