Fleirtalet på siste landsmøtet i Høgre går no inn for at elevane i vidaregåande skule skal få høve til å velja bort nynorsk sidemål. Det kan vera grunn til å sjå litt tilbake for å forstå kva som ligg bak eit slikt vedtak:
- I 1885 vedtok Venstrefleirtalet i Stortinget å likestilla ”Folkesproget” med ”Bogsproget” (dvs. dansk – seinare bokmål) mot røystene frå Høire.
- Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag vart skipa kring hundreårsskiftet, og saman dreiv dei ei norsk kulturreising, både språkleg og på andre felt. Høgrefolk førte ein hardnakka kamp mot vår nasjonale kultur, og prøvde å latterleggjera det heile: Ein journalist frå ei høgreavis, som hadde vore på ein folkedanskveld i eit bondeungdomslag, kunne stort sett berre melda om fjøslukt og sveittelukt. Slik vurderte dei norsk folkedans for 90 år sidan.
- Bunadene våre tok dei imot på same måte: Når BUL i Oslo skulle syna norsk folkedans om bord på utanlandske turistbåtar, måtte dei bunadkledde dansarane hengja kapper over seg og gå bakgatene. Dersom dei viste seg i hovudgatene i bunad, fekk dei straks ein gjeng etter seg som ropte ”bonde og naut, kom deg heim og et graut”! ”Kvitsnipprampen” var verst, skreiv Sigbjørn Bernhoft Osa.
- Folkemusikken vår – særleg hardingfela – vart motteken på same måte. Kringkastingssjefane våre fekk gjennom åra haugevis med protestbrev mot folkemusikkprogramma. Vår eigen kultur skulle korkje høyrast eller synast fordi han var ikkje fin nok for byfolk.
- Dialektane våre vart møtt med hån og spott, - særleg i Oslo. Latterleggjering av bygdemål og nynorsk vart brukt som underhaldning i revyar og radio/TV.
- Karl C. Lyche las den første dagsnyttsendinga på nynorsk (i 1934). Proteststormen var enorm. Han fekk ein haug med brev. Ein av brevskrivarane baud seg til å skyta han gratis! I Stortinget prøvde Høire (same året) å setja ein stoppar for nynorsken i NRK, men vart ståande åleine.
- Slik har det gått slag i slag: Straks etter at den første nynorske teksten var å lesa på TV-skjermen, vart ein journalist send ut på gata for å fanga inn folks meining. (Den finn dei alltid i Oslo). Ekkoet frå Karl Johan var samrøystes: ”Dette går virkelig ikke an”!
- På 1800-talet hadde vi ein debatt som vart kalla ”grautstriden”. Ein del forståsegpåarar meinte at bøndene hadde ein lågare intelligens fordi dei åt så mykje graut! Slike fordommar lever enno: Ein sensor som retta 350 norskstilar frå vidaregåande skular i Oslo-området i 1997, vart sjokkert over ei gjennomgåande forakt for bønder og bygder. Ein elev skreiv t.d.: "Bygdesamfunnene ligger ved en fjord eller i fjellheimen, og folk er ikke særlig siviliserte." Det fall såleis heilt naturleg for Unge Høyre i Oslo eit par år seinare å senda ut eit flygeblad som var slik forma: Mot ei nynorsk ordbokside, der det første ordet var Sauherad, hadde dei fotografert av ei ku med følgjande tekst: ”La dem raute nynorsk; bare vi slipper”.
Hån og vanvørdnad har alltid vore den sterkaste drivkraft for å stengja norsk kultur ute. Slik er det i dag òg når det gjeld nynorsken. Kampen mot nynorsk byggjer på det urbane Høgre si forakt for bønder, bygder og bygdekultur opp gjennom tidene. Det liknar ei form for ”innanlands rasisme”..
Ingolv Vevatne
SKYT IKKJE MOT EIGE MÅL
Gutane skulle spela fotball i gymnastikktimen. Dei valde lag, og spelet kom i gang. Etter kvart merka læraren at spelarane på det eine laget vart svært sinte på ein av deira eigne kvar gong han kom borti ballen. Til slutt stoppa læraren spelet, for han ville få slutt på bråket. Då forklarte dei: "Han held med det andre laget, og spelar ballen over til dei!" - "Er ikkje du klar over kva lag du spelar på?" spurde læraren. ""Jo", svara guten; han såg ned og grov med skotåa i grusen, "men eg vil heller vera med dei andre". - Det viste seg at på det andre laget var dei som han såg opp til, medan dei han var komen saman med, rekna han ikkje for "å vera noko".
Episoden er utruleg, men sann. I idrett og spel reknar ein ikkje med at slikt kan skje, men i ymse val i samfunnet elles, og ikkje minst i språkstriden, er det mange som "heller vil vera med dei andre". Dei vil ikkje stilla opp for hogg på den veikaste sida. For å unngå kritikk frå begge sider, seier dei ofte at dei er nøytrale. Dvs.: Dei seier seg nøytrale i ei sak der dei sjølve er den eine parten. Berre sterk mindreverdskjensle kan få folk til å ta slike standpunkt.
Det minner om ein stril som skulle til Bergen (i gamle dagar). Han visste at i byen budde mykje fint folk. Dei hadde kultur, medan strilane var udanna og ukultiverte. Men då han kom til byen, gjekk det ikkje likare enn at to karar rauk på han og tok pengane frå han. Han var litt usikker på om han kunne melda "skikkelege" folk til politiet, men gjorde det omsider: "Men du då, - gjorde du ikkje motstand?" spurde dei på politistasjonen. "Nei", svara han, "eg tenkte det var best å vera nøytral". Dette er sjølvsagt berre ei skrøne som sikkert er laga for å visa kor latterleg det er ikkje å ta parti med seg sjølv og sitt eige. Sterk mindreverdskjensle fører alltid til at ein vil vera på parti med "dei andre".
Desse kompleksa viser seg på mange måtar i målstriden: Både bokmål og nynorsk har fleire tusen ord som folk flest ikkje kjenner, men reaksjonane på dei ukjende orda er til vanleg svært ulik: Mange har det slik at når dei høyrer/ser eit nynorskord dei ikkje skjønar eller har høyrt før, skrik dei opp fordi dei tykkjer nynorsken er dum. Men møter dei eit bokmålsord dei ikkje forstår, høyrer du ingenting frå dei fordi då reknar dei med at dei sjølve er dumme! På den måten fortel dei kva dei ser opp til og kva dei ser ned på. Det er kompleksa våre, ikkje minst hjå bygdefolk, som viser seg på denne måten.
Her er eit anna døme på det: Ein norsklærar som hadde ei gruppe "plan 3-elevar" (dei flinkaste elevane i 1960-åra), gjorde følgjande eksperiment: Han fann fram til 6 ord som ingen av elevane kjende og skreiv dei opp på tavla. Han hadde passa på at tre av orda var såkalla "heilnorske" (t.d. "å ovra seg"), og tre av dei var framandord (t.d. "subskribera"), men elevane kjende ikkje til at han hadde gjort eit slikt utval. Så bad han elevane skriva opp alle 6 orda og setja eit minus ved dei orda som høyrdest dumme ut, og eit pluss ved dei som høyrdest fornuftige ut.
Resultatet var mest "samrøystes": Dei norske orda var dumme, og framandorda var brukande. Men elevane forstod ingen av dei, og visste heller ikkje at "prøven" hadde noko med norske og framande ord å gjera.
Truleg har lesaren alt reagert på same måte på dei to orda ovanfor, og eg trur vi reagerer stort sett likt anten vi reknar oss for målfolk eller "nøytrale". Sjølv om ein ikkje forstår orda, så er det skilnad på klangen i eit ord av norsk rot og eit av framandt opphav.
Vi har stor vørdnad for det framande. Det ser ut til at det sit eit norsk-kompleks djupt i den norske folkesjela. Påverknaden gjennom generasjonar ("firehundreårignatten") der norsk var eit munnleg språk for dei ulærde og udanna, og dansk/bokmål var målet til overklassen, har grodd inn i oss og let seg ikkje sletta gjennom nokre vedtak. Her trengst tid til vakning og modning slik at folk kan kjennast ved seg sjølv.
Det var nok det han meinte sametingspresidenten Ole Henrik Magga òg då han vart intervjua i NRK fordi berre ein liten del av samefolket hadde late seg registrera som samar. Kva kunne grunnen vera? - Han svara om lag slik: "Vi må hugsa at dette er eit folk som har lege nede for teljing, og det skal både tid og krefter til berre å koma opp i kneståande". Det blir slik når "vi vart lærte opp til å skjemmast av vårt eige", som Mari Boine sa i eit intervju.
Ivar Aasen sitt arbeid var ikkje berre ei målreising. Ved å lyfta folkemålet, lyfte han også folket fram til ei større personleg frigjering. Tarjei Vesaas seier det slik:
Det går mangt eit menneske
og ser seg fritt ikring
for Ivar Aasens skuld
Alt tyder på at medvit om eigen kultur og identitet styrkjer nynorsken; vår likesæle på dette området og våre språklege kompleks styrkjer bokmålet.
Etne, 20. juli 1996
Ingolv Vevatne
